«La oss kjøpe California frå Trump», står det på nettstaden til kampanjen, som har fått namnet Denmarkification, eller danmarkifisering.
Tysdag morgon har kampanjen fått i overkant av 200.000 underskrifter.
Lovnad om sandalar i Danmark
På nettstaden bruker dei ein kombinasjon av nokre seriøse og mange humoristiske argument som for eksempel at California er ein perfekt destinasjon for teknologiutvikling, solskin og avokadotoast.
«La oss kjøpe California frå Trump – Denmark’s Next Big Adventure», står det på nettstaden.
Foto: Denmarkification / NRK«Har du nokon gong sett på kartet og tenkt: ''Veit du kva Danmark treng? Meir sol, palmetre og rulleskøyter''. Vel, vi har ein sjanse du berre får éin gong i livet for å gjere den draumen til realitet», står det i underskriftskampanjen.
Kampanjen har allereie skapt overskrifter internasjonalt. Nyhendemedium som The Guardian, CBS News og også danske DR har omtala saka i dag.
Videre ned på nettsiden argumenteres det for hvorfor akkurat California er staten Danmark burde kjøpe.
Hvorfor skulle Trump solgt California? Det svarer nettsiden på her.
For å klare å kjøpe California sier nettsiden at Danmark skal sende sine "besteste" forhandlere, fra Lego-menn til skuespillerne av Borgen.
Hvilke goder kan donorer til saken få? Alt fra en hilsen fra den danske kongefamilien til ditt eget navn på en gate i "Nye Danmark".
Til slutt står det hva kjente dansker som Viggo Mortensen og Dronnning Margrethe den tredje "har sagt" om inititativet.
Det duftar satire
Underskriftskampanjen har fått «Måke Califørnia Great Ægain» som slagord. Ein referanse til Donald Trump sitt valkampslagord «Make America Great Again».
Sidan Donald Trump blei innsett som president for berre tre veker sidan, har han foreslått å ta over Panamakanalen, sagt at han vil ta over Gaza og gjenteke eit ynskje for å kjøpe Grønland.
No slår altså Danmark tilbake.
Tidlegare har Mette Frederiksen bede Trump om å «tenke over» korleis han uttaler seg om å kjøpe Grønland, som i dag er ein del av kongeriket Danmark.
Trump har ved fleire høve sagt at han ynskjer at Grønland skal bli ein del av USA for å trygge økonomien i USA. Sist tidlegare denne veka.
Dette er «planen»
Danmark kjøper California for 1 trillion amerikanske dollar («pluss/minus eit par milliardar»). Los Angeles blir døypt om til Løs Ångeles. California blir introdusert til hygge, får sykkelstiar gjennom Beverly Hills og organiske smørbrød på kvart eit gatehjørne.
I tillegg poengterer dei at overtakinga truleg kjem til å kome med rettstrygging, offentleg helseteneste og faktabasert politikk.
Dei skal også kalle Disneyland for Hans Christian Andersenland og få ein vikinghjelm på Mikke Mus.
Publisert 12.02.2025, kl. 11.21 Oppdatert 12.02.2025, kl. 11.27