I si ferske trusselvurdering skriv dansk etterretningsteneste at Russland kan vere klare for ein storskalakrig i Europa innan fem år, dersom ikkje Nato rustar opp. Det skriv blant anna DR.
Dei skriv også at den militære trugselen frå Russland vil auke dei neste åra, men understrekar at dei ikkje kjenner til nokon konkrete truslar om militært angrep på Danmark.
Då den norske etterretningstenesta (E-tenesta) la fram si trugselvurdering førre veke, brukte dei ikkje slike formuleringar om fare for storskalakrig.
Dei trekte likevel fram at det er sannsynleg med russiske sabotasjeaksjonar i Noreg i åra framover. E-tenesta seier også at dei har sett at Russland rekrutterer kriminelle til sabotasjeaksjonar.
Den russiske ambassaden har avvist utsegnene.
Minnesmerke i Kyiv førre veke med danske, ukrainske, amerikanske og britiske flagg.
Foto: AFPRapporten peikar på at parallelt med krigen i Ukraina har Russland har hatt «ein større gjenoppbygging og reform av landets militære styrker».
Rapporten viser til Russland og Kina som dei største trugslane mot NATO, og som tettare og tettare allierte. Den nemner også at det er auka terrortrugsel i Afrika og Midtausten.
Publisert 11.02.2025, kl. 11.07