Den danske radiokanalen Radio III melder at norske myndigheiter har kontakta danske myndigheiter for å oppklare om danske soldatar ved ein feil kan ha skote mot eit norsk passasjerfly.
Hendinga skal ha skjedd over Borrislejren i Danmark, den 28. september 2025, og ifølgje radiokanalen er det Widerøe som har oppfordra norske myndigheiter til å ta opp saka.
Radiokanalen viser til korrespondanse dei har fått innsyn i.
Dei har tidlegare meld at ein soldat i leiren fyrte skot mot ein «ukendt drone», same dato som flyet flaug over leiren.
Flyet var på veg frå Bergen til Billund, seier kommunikasjonssjef i Widerøe, Catharina Solli, til BT.
– Det var ei heilt normal flyging, og dette er ei ubekrefta hending me har blitt kjent med gjennom danske medium, seier ho.
Biletet er eit illustrasjonfoto. Det er ikkje kjent for NRK kva flytype som var involvert i hendinga.









English (US)