Ifølge Folkeregisteret døde Solstad fredag. Også forlaget Oktober stadfestar dødsfallet i ei pressemelding.
– Dag Solstad døydde fredag kveld 14. mars av hjartestans etter eit kort sjukehusopphald med kona si Therese Bjørneboe ved si side.
Solstad var ein av vår tids mest sentrale romanforfattarar i Noreg. Han var mest kjent for romanane sine, men skreiv også essay og artiklar.
I tillegg skreiv han fleire reportasjebøker om VM i fotball saman med kollegaen Jon Michelet.
Den kjente forfattaren døde fredag kveld 14. mars. Han vart 83 år gammal.
– Det er umogleg å sjå for seg norsk litteratur utan Dag Solstad. Bøkene hans har begeistra og overraska lesarar gjennom seksti år, og gong på gong fornya og utvida han romansjangeren, seier forlagssjef Ingeri Engelstad.
Han vil bli djupt sakna, seier Engelstad.
– Han sette sitt sterke preg på norsk litteratur og norsk litterær offentlegheit, han var eit kraftsentrum for forlaget Oktober og for norsk litteratur.
Dag Solstad og Jon Michelet gav ut seks reportasjebøker frå fotball-VM. Den siste kom i 2014. Då fekk også Morten Pedersen og Tom Stalsberg vere med på laget.
Foto: Fredrik Varfjell / NTBSolstad debuterte i 1965 med novellesamlinga «Spiraler». To år seinare kom kortprosasamlinga «Svingstol», før han romandebuterte med «Irr! Grønt!» i 1969.
Frå 1966 var han ein del av redaksjonen som gav ut det radikale tidsskriftet Profil saman med blant andre Jan Erik Vold og Espen Haavardsholm.
– Unik evne til å fornya seg
For berre litt over ein månad sidan publiserte Solstad sin nyaste verk. NRKs litteraturmeldar Knut Hoem gav boka terningkast på øvste nivå.
– For alle som er genuint opptekne av litteratur, meg inkludert, er dette ein veldig trist dag, seier Hoem til NRK.
– Men forfattarskapen hans lever vidare til dei grader. Det er så mange skjulte skattar som nye generasjonar vil oppdaga på nytt.
Litteraturkritiker Knut Hoem.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTBHoem seier Solstad har vore tonegivande heilt sidan han først debuterte.
– Han har ei heilt unik evne til å fornya seg, omtrent kvart tiår. På seksitallet skreiv han eksperimentell, leikande modernisme. På syttitalet vart han politisk og forandra stil fullstendig.
Hoem omtaler Solstad som den største forfattaren i sin generasjon. Selv har han vore hekta sidan han leste romanen «1987» på gymnaset.
– Når det gjeld nivået på denne forfattarskapen, skal ein leita lenge for å finna nokon som ikkje meiner han er den største forfattaren gjennom norske tider.
NRKs kulturkommentator Inger Merete Hobbelstad seier Noreg har mista av sine mest markante og hylla forfattarar - og den mest trufaste følgjevennen sin.
Kulturkommentator i NRK, Inger Merete Hobbelstad.
Foto: Jon Petrusson / NRK– I tiår etter tiår vov Dag Solstad seg inn i etterkrigs-Noreg, gjennom ulike sjangrar og uforgløymelege hovudpersonar. Der levde det politiske saman med blikket for dei anstrengde og skjelvande situasjonane, der stoltheit og uvisse låg og dirra.
– Ingen var som han
Kulturminister Lubna Jaffrey seier dødsfallet er eit stort tap.
–Han var, etter oppfatninga til mange, Noregs fremste forfattar og ein venn eg har kjent i meir enn tretti år, skriv ho på Facebook.
Jaffrey skriv Solstad har sett djupe spor sidan start, både som forfattar og menneske.
Kulturministar Lubna Jaffrey.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB– Ingen var som han. Å lesa Solstad gir ei oppleving som ikkje liknar på noko anna.
– Noreg og forlaget har mista ein av våre vår fremste forfattarar, men tapet er sjølvsagt størst for familien. Me tenkjer på dei no.
Kjem enda ei bok
Solstads siste bok er ikkje publisert enno. Den kjem i løpet av 2025.
Opphavleg ville Solstad at ho skulle givast ut 20 år etter hans død. Så ombestemde han seg.
– No kjem den posthumt likevel, seier Knut Hoem.
Til NRK seier forfattar Jan Kjærstad ein alltid har måtta forhalde seg til Solstad sine bøker.
– Det er eit stort kompliment. Dei fleste forfattarskap går inn det eine øyret og ut det andre. Kvar gong det kjem ein ny Dag Solstad-utgiving så leser ein han. Her er det ting som setter i gang tankar i deg, som kvesser deg.
Ein kan aldri vere sikker på kva som skjer med ein forfattar sine bøker i framtida. Ifølgje Kjærstad gløymes nokon alt for fort.
– Når det gjeld Dag Solstad, er eg temmeleg sikker på at hans forfattarskap er av så høg karat at han kjem tilbake. Det kjem til å bli huska, lest, diskutert og snakka om veldig lenge.
Arbeidardiktar og sosialrealisme
Litteraturen til Solstad låg tett på samtida, og endra stil for kvart tiår han skreiv. På 1970-talet blei han til liks med ei rekke andre norske forfattarar medlem av AKP (m-l).
Han begynte å skrive sosialrealistiske romanar, og skildra tilhøva til arbeidarklassa i etterkrigstida.
Dag Solstad i 1982.
Foto: Bjørn Sigurdsøn / NTBVed inngangen til 1980-talet er kommunismen i ferd med å falme, og Solstad gir ut romanar der hovudpersonane ser tilbake på tida som medlem i AKP (m-l), og om alt som ikkje blei slik ein hadde tenkt seg.
Desillusjonerte menn
På 1990-talet tek forfattarskapen ei ny vending. Fleire av Solstads mest kjende bøker kom i denne perioden.
Felles for fleire av desse bøkene er at handlinga krinsar rundt ei enkelt hending. Som i «Genanse og verdigheit» frå 1994, der lektor Elias Rukla ikkje klarer å slå opp paraplyen sin i skulegarden.
Boklubben kåra «Genanse og verdigheit» til 1990-talets beste roman i 2007.
Foto: Cornelius Poppe / NTBUtover 2000-talet kom det Solstad sjølv kalla «bonusromanar», der han blant anna bruker sjølvbiografiske element og drøftar eige forfattarskap. Romanane var også meir eksperimentelle i forma enn tidlegare periodar.
Blei sett pris på
Solstad har fått ei rekke utmerkingar for bøkene sine. Han har blant anna fått Kritikerprisen tre gongar.
Han fekk Nordisk råds litteraturpris i 1989 for romanen «Roman 1987».
I 2006 fekk Dag Solstad Brageprisen for romanen «Armand V. Fotnoter til ein uutgravd roman». Han fekk også Brageprisens heiderspris i 1998.
Foto: HEIKO JUNGE / SCANPIXI tillegg har han fått Aschehougprisen, Gyldendalprisen, Brageprisen og Svenska Akademiens nordiske pris.
2011 blei Solstad tildelt Statens æreslønn.
Publisert 15.03.2025, kl. 12.14 Oppdatert 15.03.2025, kl. 13.08