Warning: session_start(): open(/home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions/sess_375292aa91ee7ab0d164e30ae65621ad, O_RDWR) failed: No space left on device (28) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59

Warning: session_start(): Failed to read session data: files (path: /home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59
Da skolen blei for tøff, blei gaming redninga - NorwayToday

Da skolen blei for tøff, blei gaming redninga

13 hours ago 4


– Eg synast ikkje det var så veldig fint der. Det var eigentleg berre drit kvar dag.

Det seier Simon (14). Han er ein av mange unge som slit med skolevegring. Han har autisme og ADHD, og det vanlege skuleløpet har vore veldig vanskeleg.

Sønn og Mor ser mot kamera, neonskilt i bakgrunnen.

Simon og Silje Maritha på brettspelrommet hos Kåfjordmeta. Det kommunale tilbodet rommar alt frå moderne e-sport til brettspel.

Foto: Gustav Mikael Skaug Nielsen / NRK

Simon får individuell tilrettelagt opplæring på Kåfjordmeta, som er eit fritidstilbod der gaming er i fokus.

– Det er veldig fint, for da kan ein gjere oppgåvene på ein spel-måte. Da kjennest det ikkje som like mykje jobb, og er enklare å styre med, seier han.

– Superviktig å oppleve meistring

Silje Maritha Simonsen er mor til Simon. Ho fortel at det tilrettelagde tilbodet har vore avgjerande for kvardagstrivselen til sonen.

– Det er måten han kjem seg ut av huset på, når han ikkje klarer å gå på skulen. Det er superviktig å få oppleve meistring, og ha ein plass og eit fellesskapfor å auke livskvaliteten, seier Simonsen.

et rom med et bord fullt av datamaskiner og en stor skjerm (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Tilbodet på Kåfjordmeta tilbyr ei rekke spel. Frå analoge spel i brettspelrommet til konsoll- og PC-spel.

Foto: Gustav Mikael Skaug Nielsen / NRK

Som førskulelærar kjenner ho verdien av leik i skulen.

– Ein er ofte litt meir klar for å ha teori før eller etter avbrekk. Det er mykje sosial læring i gaming. Det ser eg har vore veldig bra for Simon, seier Simonsen.

Simonsen fortel at ho hadde nokre fordommar når det gjaldt gaming tidlegare. Ho seier at blant anna filmen «Ibelin» har ført til at ho har fått auga opp for kva gaming kan vere.

– Det ser eg også med Simon, som har mange venner på nett. Det er gull, og det er alt, tenker eg. Så nå er eg veldig positiv til det, seier Simonsen.

«Kaskade-effekt»

– Du treng ikkje vere så opptatt av di eiga fysiske framferd eller korleis du framstår for andre.

Det seier Roald A. Øien, professor i spesialpedagogikk ved UiT Noregs arktiske universitet. Han forklarer at spelverda fjernar mange av dei sosiale hindringane barn med autisme og ADHD møter i kvardagen.

en mann som står i en korridor (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

– For mange er det lettare å kjenne fellesskap virtuelt, seier professor Roald A. Øien. Han meiner spelverda kan fjerne sosiale barrierar for barn med autisme og ADHD.

Foto: Gustav Mikael Skaug Nielsen / NRK

– For mange er det lettare å kjenne fellesskap når dei forheld seg til kvarandre virtuelt, seier Øien.

Han får ofte spørsmål frå foreldre om kor mange timar med skjermtid som eigentleg er greitt. Han meiner det ikkje finst eit klart svar:

– Kva er alternativet? Skal ein ta frå nokon dataspel utan å erstatte det med ein meiningsfull aktivitet, så har det eigentleg ingen verdi, seier Øien.

Et barn som bygger en datamaskin (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Simon jobbar med å sette saman ein stasjonær PC.

Foto: Privat

Han meiner den typen meistring som Simon finn framfor skjermen, kan ha ein positiv «Kaskade-effekt» som gjer det lettare å handtere skulekvardagen.

– Om du blir tryggare sosialt og opplever at du er eit del av ein fellesskap, kan det gjere det lettare å delta også i ei skulesetting, seier Øien.

Sikringsnettet under skulen

Frank Haugseth er primus motor bak Kåfjordmeta. Som fagleiar for digital kultur i kommunen meiner han vi må snu tankegangen om gaming.

Han ser ofte at ungdom som sluttar å meistre skulen, søker mot spela for å finne venner og meistring.

en person med skjegg (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Fagleiar Frank Haugseth samanliknar dataspel med praktisk læring. Han meiner spelbasert undervisning kan fungere som eit sikringsnett for elevar som elles ville fall ut av skulen.

Foto: Gustav Mikael Skaug Nielsen / NRK

– Det blir ofte omtalt som eit problem at dei har begynt å spele. Men vi må heller engasjere oss i det dei faktisk er interesserte i for å få dei tilbake, seier Haugseth.

Han har sett ungdom som tidlegare var isolerte, begynne å blomstre når dei opplever meistring. Han meiner skulen har mykje å vinne på å sjå dataspel som meir enn berre underhaldning.

– Eg vil samanlikne dataspel med praktisk læring. For mange som ikkje finn roa på skulebenken, er den praktiske undervisninga nøkkelen, seier Haugseth.

et barn som holder en leke (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Frank Haugseth viser fram 3D-printa veggpryd på Kåfjordmeta.

Foto: Gustav Mikael Skaug Nielsen / NRK

Kåfjordmeta fungerer som eit alternativt læringsrom for dei som er i ferd med å falle ut.

– Det er eit slags sikringsnett som ligg under skulen. Her kan dei oppleve meistring og gradvis finne vegen tilbake til klasserommet, seier Haugseth.

Fellesskap

Eit dansk forskingsprosjektet har sett på e-sport som pedagogisk verktøy i skulen.

Forskarane har følgt elevar ved STU (Særleg Tilrettelagt Ungdomsutdanning) i Danmark.

Dei såg på korleis STU bruker gaming for å få ungdom som har droppa ut, tilbake i fellesskapet.

I studien hadde 30 prosent av elevane autisme eller ADHD.

en videospillmaskin (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Arkademaskin er eit retro og populært innslag ved Kåfjordmeta.

Foto: Gustav Mikael Skaug Nielsen / NRK

Forskinga trekker fram nokre grunnar til at metoden fungerer:

  • Eit forpliktande fellesskap: I motsetning til vanleg gaming heime, der ein kan logge av når som helst, kjenner ungdommane eit ansvar for laget sitt. Det gjer at dei faktisk dukkar opp.
  • Gaming som isbrytar: For dei som synast det er vanskeleg å snakke med andre, fungerer spelet som ein døropnar. Det er mykje lettare å prate om det som skjer i spelet enn å snakke om meir personlege ting.
  • Venner «IRL»: Ved å møtast ansikt til ansikt i staden for berre på nett, får ungdommane eit sterkare vennskap og eit tettare band til kvarandre.
  • Fråvær av karakterpress: Her slepper dei karakterar og skolepress. Fokuset ligg i staden på korleis dei har det og at dei skal trivast, noko som gjer det tryggare å delta.

Tar brodden av skulen

Tobias Staaby er ein av lærarane i Spillpedagogene. Dei jobbar aktivt med å kombinere læring med spel.

Staaby har også jobba med spelbasert opplæring for unge vaksne som har falle utanfor.

– Gaming er både ein fagleg komponent, men også ei sosial greie. Det tar litt av brodden av det. Mange av dei elevane har litt negative erfaringar med skule, og vanskeleg for å komme seg opp om morgonen. Og da er gaming noko som lettar byrda litt, seier Staaby.

en vegg med et lekehus på (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Kåfjordmeta fungerer også som ein plass der barn og unge kan få kreativt utløp.

Foto: Gustav Mikael Skaug Nielsen / NRK

Tobias Staaby i Spillpedagogene understrekar at spel i seg sjølv ikkje er nokon «cheat code.» Han peikar på at mange spel er laga for avkopling, ikkje læring:

– Effekten kjem ikkje berre av at ein spelar. Det handlar om at ein pedagog med peiling bruker spelet til å skape den sosiale konteksten ein ønsker.

Spelar seg til nye venner

Tilbodet i Kåfjord er både fysisk og digitalt. Gjennom Discord-kanalen som kommunen driv arrangerer dei aktivitetar for deltakarane.

– Dei har opplegg der ein får spelet på PC-en heime og kan spele med dei andre over nett, seier Simon.

en person som holder et trofé (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Simon er ikkje framand for å vinne konkurransar på Kåfjordmeta.

Foto: Privat

Han fortel at han gjennom gaminga har fått mange venner over nett, både i kommunen og over heile verda.

– Det er fint, for da får ein snakka med folk og blir venner. Eg pleier å spele heime med nokre av folka, og så endar vi opp med å møtast på Kåfjordmeta, seier Simon.

Publisert 13.04.2026, kl. 06.10

Read Entire Article