Dei tar ingen sjansar.
Meir eller mindre slik kan ein oppsummera korleis evakueringa av cruiseskipet MS «Hondius» skal gå føre seg.
Skipet kjem til Tenerife sundag morgon, etter ein fire dagars seglas frå Kapp Verde. Om bord er det 147 personar som kan ha vorte utsette for hantaviruset.
Lurer du på noe om hantavirus?
- Hva er hantavirus?
Hantavirus er et virus som finnes naturlig hos gnagere, som mus og rotter.
På cruiseskipet «Hondius» mistenker man at det har spredt seg en sør-amerikansk variant av hantaviruset som heter andesvirus. Den kan mennesker bli veldig syk av.
Andesvirus kan smitte mellom mennesker ved nærkontakt.
- Er det musepest?
Musepest, Puumalavirus, hører til i virusskelta hantavirus. Musepest er en «mildere» variant av hantaviruset.
Andesviruset er en variant av hantaviruset, passasjerene på båten skal ha blitt smittet med andesvirus. Dette viruset kan smitte mellom mennesker og skiller seg dermed fra vanlig musepest.
Kilde: Veterinærinstituttet, Espen R. Nakstad
- Er hantavirus farlig for oss i Norge?
I Norge har vi kun hatt en mindre alvorlig variant av hantaviruset, kjent som musepest. Ifølge FHI ble det meldt om 34 tilfeller av musepest i Norge i fjor.
Den skandinaviske varianten av viruset kan føre til akutt nyresykdom. Infeksjonen er sjelden dødelig.
Hantavirus er relativt lite utbredt globalt og det er svært sjeldent at det smitter mellom mennesker. Dersom et menneske er smittet med hantavirus, har det i de fleste tilfeller vært i kontakt med en infisert gnager.
Kilder: Veterinærinstituttet, FHI, NHI
- Kan man dø av det?
Ja, men det er stor forskjell på om man blir smittet med hantavirus i Norge, andre steder i Europa og i Sør-Amerika.
I Europa ble det rapportert om 1885 tilfeller av hantavirus i 2023. 60 % av tilfellene ble observert i Tyskland og Finland. Mellom 1-15% av dem som blir smittet med hantavirus i Europa og Asia kan dø.
Til sammenligning ble det rapportert om 229 tilfeller og 59 dødsfall i åtte land i Sør-Amerika i fjor. 26 % av de som får hantavirus i Sør-Amerika dør.
I Argentina har tallet på tilfeller av hantavirus nesten doblet seg siden 2018. Landet har registrert 32 dødsfall, og det høyeste tallet på smittede siden 2018, skriver CNN.
Det er kun meldt om ett dødsfall i Norge hvor man mistenkte at denne sykdommen var årsaken.
Kilder: WHO og CNN
- Hvordan smitter det?
Smågnagere skiller ut virus i spytt, urin og avføring. Mennesker kan bli smittet ved at de puster inn støv som inneholder viruset, eller ved å få i seg vann med urin fra mus.
Det er veldig sjeldent at det smitter mellom mennesker.
Andesviruset, som passasjerene på skipet «Hondius» skal ha blitt smittet med, er en spesiell type hantavirus. Den kan smitte mellom mennesker.
Dei lokale styresmaktene har stritta imot. Dei ville aldri ta imot skipet. Delar av befolkninga er òg svært skeptisk og fryktar både smitte og påverknad på turismen.
Men passasjerane må koma seg i land på eit tidspunkt, og Verdas helseorganisasjon (WHO) vil at det skal skje her på Tenerife.
For å trygga både dei lokale og verda som følger med på skipet, skal evakueringa skje på tryggast mogleg vis.
Og det må skje før måndagen er omme, seier styresmaktene på Kanariøyene fredag. Årsaka er vêret.
Framkomsten til cruiseskipet har ført med seg ein politisk dragkamp mellom Kanariøyene og dei nasjonale styresmaktene. Her er båe representerte med flagg i bakgrunnen.
Foto: Ismail Burak Akkan / NRK– Den einaste moglegheita me har til å gjennomføra denne operasjonen er rundt klokka 12 på sundag og fram til forholda endrar seg på måndag, seier talsperson Alfonso Cabello ifølge AFP.
– Elles må skipet forlata staden og me kan ikkje gjennomføra operasjonen igjen før ... i teorien, slutten av mai, seier Cabello vidare.
Granadilla hamn er ikkje mykje brukt, ifølge dei lokale. Det skal vera ei av årsakene til at ho vart vald som framkomststad for MS «Hondius».
Foto: Ismail Burak Akkan / NRKSjefen for Verdas helseorganisasjon (WHO), Tedros Adhanom Ghebreyesus, kom til øya laurdag. Han skal overvake operasjonen og vise sin respekt «til ei øy som har svart på ein vanskeleg situasjon med verdigheit, solidaritet og medkjensle» skriv New York Times.
– Dette er ikkje ein ny covid, seier han i ei fråsegn.
Tryggingstiltak på land
Hamna Granadilla er ikkje så travel til vanleg, ifølge dei lokale. Men fredag kveld var det full aktivitet der – sjølv om det ikkje ligg spesielt mange skip til kai.
– Me har vore her sidan klokka 7 i dag tidleg og skal nok vera her ei stund til. Så kjem me tilbake i morgon og held fram til alt er klart, seier ein hamnearbeidar NRK pratar med.
Arbeidere ved Granadilla havn på Tenerife gjør klart for ankomsten til «virusskipet» MV Hondius.
ISMAIL BURAK AKKANOmrådet inne på hamna som media har tilgang til, har på kort tid gått frå å vera heilt tomt til å verta fylt med ulike sperringar.
Sperreband, metallgjerde og oransje vegbukkar i plast markerer ulike område.
Både ambulansar og politibilar står parkerte på området. Ved inngangen til hamneområdet er det òg sette opp sivilforsvarstelt, men NRK får ikkje lov til å ta bilete av dei.
Det har vore ein lang dag for desse hamnearbeidarane. Og han er framleis ikkje over.
Foto: Ismail Burak Akkan / NRKHelsesjekk
Skipet er venta å koma til Tenerife sundag morgon.
Før noko anna skjer, skal alle om bord gjennom ein helsesjekk.
Ifølge både reiarlaget og spanske styresmakter er det ikkje nokon om bord no som har symptom på hantavirus.
Det er likevel ikkje noko garanti for at ingen er smitta. Difor skal alle sjekkast nøye før dei får forlata skipet.
Styresmaktene seier at det mest sannsynlege scenarioet er at ingen har symptom og at alle difor kan verta sende heim som planlagt.
Den ellers stille havna på Tenerife er nå i verdens søkelys.
ISMAIL BURAK AKKAN/NRKVert henta frå skipet
Opphavleg var planen at skipet skulle legga til kai ved hamna Granadilla søraust på øya.
Det ville ikkje dei lokale styresmaktene; dei frykta at smitta då kunne spreia seg til øya.
Etter eit møte med dei nasjonale styresmaktene torsdag vart det presentert ei anna løysing: Skipet skal berre ankra opp utanfor hamna.
– Gode nyheiter, sa Kanariøyenes president Fernando Clavijo om at cruiseskipet berre skal ankra opp utanfor øya, ikkje legga til kai. Han vil eigentleg ikkje ha skipet hit i det heile.
Foto: Ismail Burak Akkan / NRKDerifrå skal passasjerane hentast inn til land om bord på små båtar. Planen er å henta om lag fem personar av gangen i Zodiac-båtar eller ti per utslepttbåt, skriv cruiserederiet Oceanwide Expeditions laurdag.
– Det går saktare, men det var heller aldri planen å henta ut 140 personar på ein gong. Det er endå eit hinder me må passera, seier helsedirektør Pedro Gullón til El País.
Til flyplassen
Frå hamna er det ikkje lange køyreturen til flyplassen sør på øya.
Dei skal truleg fraktast dit om bord i bussar. Det er reiarlaget Oceanview Expeditions som har ansvaret for bussane, men spanske styresmakter skal følga med at alt går som det skal.
– Me har tendens til å tenka at ein må ha astronautdraktar og tenke på andre typar situasjonar. Smitte mellom menneske er ganske sjeldan og me vil ta forholdsreglar som passar til smitteforma, seier helsedirektøren til El País.
Det har vore stor merksemd rundt cruiseskipet før framkomsten til Tenerife. Her ventar spanske journalistar med tolmod på ein pressekonferanse.
Foto: Ismail Burak Akkan / NRKDifor meiner styresmaktene at det ikkje er noko behov for «ekstreme» smitteverntiltak.
Med andre ord: Det er ikkje sikkert me får sjå masse folk i fulle smitteverndraktar, slik me vart vane med under koronapandemien.
Køyreturen frå hamna til flyplassen er på 12 kilometer.
Spesialbestilte fly
Når dei evakuerte kjem til flyplassen, skal dei ikkje inn i den vanlege avgangshallen med alle turistane.
I staden skal dei inn på eit avgjerda, isolert område. Dermed er det ikkje noko fare for smitte der, bedyrar spanske styresmakter.
Det er personar med 23 ulike nasjonalitetar om bord på skipet, inkludert mannskapen.
Dei vert sende til sine respektive heimland. Spanske styresmakter har vore i tett kontakt med styresmaktene i dei ulike landa og bede dei senda fly for å henta heim sine borgarar.
Ifølgje Spanias innanriksminister Fernando Grande-Marlaska vil Belgia, Storbritannia, Frankrike, Tyskland, Irland, Nederland og USA sende fly for å hente heim passasjerar frå sine land.
Utsikt over Tenerife Sør-flyplass på Kanariøyene 7. mai 2026.
Foto: JORGE GUERRERO / AFP,NTBLand som ikkje sender eigne fly, må Nederland ta ansvar for å få heim, seier Virginia Barcones, sjef for det spanske sivilforsvaret, til El País.
Skipet seglar nemleg under nederlandsk flagg.
Og viss det er nokon som ikkje har eit fly som står og ventar på dei?
– Ingen får forlata skipet om ikkje dei skal direkte til flyplassen og fly heim, fastslår Barcones.
Når alle passasjerane har forlate skipet, vil cruiseskipet MS Hondius setje kurs mot Nederland for å bli desinfisert.
Interessert i det som skjer i verda? Høyr utanriksredaksjonens podkast:
Publisert 09.05.2026, kl. 23.24 Oppdatert 09.05.2026, kl. 23.48














English (US)