Containerskipet på Byneset: Omsider klart kven som tar rekninga

1 week ago 18


For oss er det ein gladnyheit. Vi har venta på eit slikt svar veldig lenge, seier Jostein Jørgensen.

Tysdag morgon har han akkurat fått beskjeden om at staten og kommunen tar halvparten kvar av rekninga for å sikre skredstaden på tomta hans.

Etter at containerskipet «NCL Salten» trefte land på Byneset i Trondheim har han og familien vore evakuert.

Det har vore mykje frustrasjon og usikkerheit, fortel Jørgensen.

Jostein Jørgensen, evakuert etter NCL Salten traff Byneset

– Vi har slite mykje. Det har vore ei påkjenning å vere i ein slik situasjon og sjå at det blir verre og verre, fortel Jørgensen.

Foto: Elena Bulai Løvland / NRK

Staten tar halvparten av rekninga

– Vi vil no sørge for at det blir gitt eit tilskot til sikringstiltak på Byneset, stadfestar energiminister Terje Aasland (Ap) til NRK.

Etter at containerskipet «NCL Salten» dundra inn i land på Byneset i Trondheim gjekk det fleire skred på tomta til Jørgensen.

I månadene sidan har det vore uklart kven som skal ta rekninga for å sikre tomta og huset.

Tysdag stadfestar energiministeren til NRK at staten legg ut for halvparten av rekninga.

Jørgensen, kona og sonen har vore evakuert frå bustaden sidan 24. mai.

Det er klart at det er ein uheldig situasjon for dei som er råka. Derfor sørger vi no for at ein kan kome i gang med dette sikringsarbeidet, seier Aasland.

Luftfoto av raset som gikk på Byneset etter at et skip kjørte på land.

I tre månader har Jørgensen vore bekymra for at skredkanten har kome nærmare og nærmare huset.

Foto: Helge Bull-Engelstad / NRK

Trondheim kommune søkte NVE om hastetilskot for å få sikra rasstaden, men fekk avslag fordi NVE meiner skredet ikkje er dekt av tilskotsordninga til flaum- og skredførebygging.

Dette er ein heilt spesiell situasjon som råkar nokon få veldig sterkt, seier Aasland.

– Derfor har vi gjort ei særskild vurdering og meiner det er riktig å sørge for at ein kan kome i gang med sikringstiltak umiddelbart.

Departementet tar derimot berre halvparten av rekninga for sikringstiltaka som er berekna til å koste 6,5 millionar kronar.

Resten må Trondheim kommune stå for.

Departementet har stilt som vilkår for tilskotet at kommunen vurderer og forfølgjer eit erstatningskrav mot den ansvarlege for grunnstøytinga.

NCL Salten har grunnstøtt utenfor Byneset.

«NCL Salten» trefte land berre nokre meter unna nabohuset til Jostein Jørgensen.

Foto: Jan Langhaug / NRK

– Viktig at vi får sette eit punktum

Byråd for byutvikling i Trondheim kommune, Lars Viko Gaupset, fortel at kommunen er glad for at staten no tar halvparten av rekninga.

– Så hadde vi håpa at dei kunne ha dekka heile summen, seier Gaupset.

– Men vi som kommune er sjølvsagt innstilt på å bidra i spleiselaget.

Gaupset fortel at kommunen kjem til å ta den andre halvparten av rekninga for å få sikra Jørgensen sin tomt.

 Byråd for byutvikling i Trondheim kommune, Lars Viko Gaupset.

Lars Viko Gaupset fortel at Trondheim kommune så snart som mogleg vil inngå ein avtale med ein entreprenør for å sette i gang sikringstiltaka.

Foto: Trondheim kommune

– Det har vore ein fortvila situasjon for denne familien og det er viktig at vi får sette eit punktum for denne situasjonen, seier Gaupset.

– Så meiner vi framleis at skipseigar og reiarlaget sit med ansvaret for dette.

Byråden seier kommunen vil vurdere å ta rettslege skritt for å få utgiftene dekt av skipseigaren eller reiarlaget.

Publisert 02.09.2025, kl. 11.45

Read Entire Article