Columbia-universitetet i New York har inngått ein omfattande avtale med Trump-administrasjonen.
Det for å få tilbake statlege forskingsmidlar på over 400 millionar dollar – det tilsvarar rundt 4,2 milliardar kroner.
Fungerande rektor ved Columbia universitetet, Clair Shipman, er nøgd med avtalen.
Foto: Jeenah Moon / AP / NTB– Denne avtalen markerer eit viktig steg framover etter ein periode med vedvarande føderal gransking og uro knytt til institusjonen.
Det seier fungerande universitetsrektor Clair Shipman i ei pressemelding.
Må betale 220 millionar dollar
Den statlege støtta blei kutta, etter skuldingar om at universitetet hadde manglande evne til å stanse antisemittisme på campus.
Trump-administrasjonen meiner at universitetet ikkje har sikra jødiske studentar sitt vern godt nok, sidan krigen i Gaza braut ut.
– Eg er glad for å kunngjere at Trump-administrasjonen har inngått ein historisk avtale med Columbia-universitetet.
Det skriv USA sin president Donald Trump på Truth Social.
Det har vore fleire protestar mot Israel si krigføring i Gaza på Columbia universitetet sitt område.
Foto: TIMOTHY A. CLARY / AFP / NTBForliket inneber at Columbia-universitetet må betale over 220 millionar dollar i bot, melder The New York Times.
Det tilsvarar omtrent 2,3 milliardar kroner.
Universitetet må også rette seg inn etter lovar som forbyr diskriminering i opptak av studentar og tilsettingar. I tillegg til å auke trygginga og kontrollen på campus.
– Eg ser fram til å sjå dei få ei stor framtid i landet vårt. Kanskje større enn nokon gong før, held Trump fram.
President Donald Trump er nøgd med avtalen.
Foto: Alex Brandon / AP / NTBVedgår ikkje skuld
Rektoren ved universitetet er ueinig i Trump-administrasjonen sine påstandar.
– Universitetet har ikkje vedgått skuld, og er ikkje samd i styresmaktene sin konklusjon. Vi nektar likevel ikkje for dei seriøse og smertefulle utfordringane institusjonen vår har stått overfor når det gjeld antisemittisme, skriv Chapman.
– Vårt engasjement for å skape eit trygt og respektfullt fellesskap må strekke seg langt utover ein kvar avtale med styresmaktene, legg ho til.
Nyleg blei nesten 80 studentar ved Columbia straffa for protestar mot Israel.
Trump-administrasjonen har pressa fleire leiande universitet, og har skulda fleire for å ikkje ta tak i det administrasjonen påstår er antisemittisme.
Harvard-universitetet er blant universiteta som er i konflikt med Trump-administrasjonen.
No går universitetet til retten etter skuldingar om antisemittisme.
Fleire protesterer mot Trump-administrasjonen sine skuldingar mot Harvard.
Foto: SCOTT EISEN / AFP / NTBTrump-administrasjonen krev at Harvard gjer endringar i tilsettings-, opptaks- og undervisningspraksisar for å få bukt med antisemittisme.
Først då kan universitetet få tilbake statleg finansiering.
Harvard meiner saka handlar om ytringsfridom og er ulovleg.
Harvard sin advokat Steven Lehotsky har argumentert for at Trump-administrasjonen har forsøkt å kontrollere universitetet si indre leiing
Rektor på Harvard, Claudine Gay, måtte gå i januar 2024, etter at Kongressen vurderte at ho ikkje greidde å få bukt med antisemittiske uttrykk og handlingar på universitetet.
Avgjerda i konflikten med Harvard er ikkje avgjort, men Columbia sitt forlik kan påverke utfallet i saka.
Ifølge nyheitsbyrået AFT kan forliket der Columbia ikkje vedgår skuld, bli ein framtidig modell for framtidige forlik.
Interessert i meir frå Utanriksredaksjonen?
Høyr vår siste podkastepisode her:
Publisert 24.07.2025, kl. 08.12 Oppdatert 24.07.2025, kl. 11.12