Christian (100) køyrer til jobb kvar dag

3 hours ago 2


Forretningsmannen Christian Rieber gjer opp status etter eit langt liv, men viser ingen teikn til å sakke farten.

Det første han hugsar er eit luftskip som segla over Bergen, som eit varsel om ei ny tid.

Det var som om det kom like over hovudet på meg!

Snart hundre år seinare står desembersola om mogleg enda lågare idet Christian Rieber manøvrerer seg gjennom morgontrafikken i Bergen.

Næringslivsleiaren – som vert kalla Bergen sitt svar på Olav Thon – har framleis førarkort, og livet ventar ikkje på nokon.

Luftskipa forsvann, men elles har mennesket storma fram i heile hans levetid. På godt og vondt.

Då Christian var midtvegs i livet, landa mennesket på månen.

Et barn sitter på ryggen til en ku i et åpent landskap, med en hytte synlig i bakgrunnen. Omgivelsene er preget av fjell og trær. Bildet minner om landbruk og dyrehold i en naturskjønn setting. Det er et historisk fotografi, sannsynligvis fra tidlig på 1900-tallet. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Christian byrja tidleg å imponere damene, og fridde til kona si allereie som 7-åring.

Foto: Privat

For kvar dugnadsdag, får vi ei ekstra veke på jorda

Ved Danmarks plass svingar 100-åringen av mot næringsparken i Solheimsviken.

Ein ny arbeidsdag ventar. Slik han gjer fire dagar i veka.

Onsdagar kler han seg i kjeledress for å rydde stiar, legge klopper og bygge gapahukar på Smøråsfjellet, etter ein avtale med Sankt Peter som kan gi evig liv:

For kvar dugnadsdag, får vi ei ekstra veke på jorda, forklarer han.

Christian Rieber er Bergen sitt svar på Olav Thon, og køyrer til jobb kvar dag. – Eg er djupt takksam for ikkje å vere «avskilta», seier 100-åringen.

Det einaste han har slutta med er å klatre i trea.

– Kroppen knirkar litt meir.

Til gjengjeld har han utvida økta med morgongymnastikk til 40 minutt.

Elles består resepten på eit langt og godt liv av selolje («ei skei kvar morgon»), mykje vegetarmat, og tidvis faste.

Og så er det lurt å gå trappene. Ikkje bruk heisen, seier han.

  • Et eldre menneske holder en hvit kopp i hånden, sittende ved et vindu. Personen ser ut mot en uskarp utsikt. Det er naturlig lys som kommer inn fra vinduet, og omgivelsene virker behagelige. Personen er kledd i en jakke og skjorte, og det er en rolig atmosfære i rommet. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    – Eldreomsorga er det svakaste leddet i den norske velferdskjeda, og altfor mange eldre blir sett på sidelinja. Vi må bygge samfunnsstrukturar som gjer at fleire møtest på tvers, seier Christian Rieber.

  • En eldre mann holder en hvit kaffekopp i hånden, iført en mørk blazer og lys skjorte. Bakgrunnen viser vinduer med en moderne bygning utenfor. Inne i rommet er det myk belysning og en koselig atmosfære. Mannen ser mot kameraet mens han blir fotografert. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    – Til ungdommen vil eg seie: Fri deg frå frykta og grip framtida med begge hender.

  • En mann står ved et vindu i et moderne kontorlandskap, holder en kaffekopp i hånden. Utenfor vinduet er det synlig flere bygninger. Rundt bordet i rommet står det tre stoler, og gulvet er av tre. Rommet har en lys atmosfære med store vinduer som slipper inn naturlig lys. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Christian Rieber (100) er på kontoret fire dagar i veka.

  • En eldre mann står foran et maleri i en moderne innendørssetting. Maleriet viser en portrett av en mann med klassisk påkledning. Bakgrunnen har grønne toner og detaljer fra kontormiljøet er synlige. Mannen bærer en burgunder jakke og ser mot kameraet. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Christian Rieber med bestefaren Gottlieb Christian Rieber (1854–1947), som grunnla GC Rieber AS i 1879.

Den siste ungdomseliksiren er «å leve på tvers» av generasjonane, og ikkje berre omgå sine jamaldrande.

På telefonen har han derfor installert Snapchat, som hjelper han å halde kontakten med oldebarna.

Hans eigen oldefar kom til Bergen som tysk flyktning i 1817.

Skipet skulle til USA, men før det kom så langt brakk det mastene og dreiv i land på øya Herdla utanfor Bergen.

Oldefaren til Christian kom til Bergen med «Dei Zee Ploeg», som havarerte og nådde Herdla med 560 emigrantar om bord 22. september 1817.

Oldefaren til Christian kom til Bergen med «Dei Zee Ploeg», som havarerte og nådde Herdla med 560 emigrantar om bord 22. september 1817.

Grafikk: Public domain

Begge foreldra døydde i stormen, så bergensarane forbarma seg over den unge Paul Gottlieb Rieber og dei fem søskena hans.

Slik begynner historia om eit familiekonsern som aldri har gløymt kor det kjem frå, og som sidan 1879 har prøvd å bygge ein høgare himling over verksemda si.

Takksemd, seier Christian.

Det er kva eg føler.

Dei gamle er dei som er ti år eldre enn meg

Då han var ein liten gut, tok bestefaren han på fanget for å gi han eit knippe reglar å leve etter.

Særleg éin etsa seg fast:

Døm andre skånsamt. Strengare deg sjølv. For hugs, livet er ei stridbar elv, og ikkje alle like godt kan svømme.

Bildet viser en stor havn med mange seilbåter liggende til kai. Det er flere bygninger med skråtak i treverk langs havnen, og personer kan sees gående på kaien. Området er preget av aktivitet med containere og byggematerialer synlige. Bildet har et gammeldags, svart-hvitt preg som antyder at det er historisk. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

GC Rieber har drive med fiskeri, garveri, shippingverksemd og eigedomsinvesteringar sidan 1870-åra. På bilete: Bryggen fotografert i 1866.

Foto: Knud Knudsen

Då han konfirmerte seg 5. oktober 1941, fekk han ei ny oppfordring:

Kjemp for alt kva du har kjært. Døy om så det gjeld. Då er livet ei så svært. Døden ikkje heller.

Det gjorde inntrykk.

Christian svarte på talen ved å bli med i Fanakompaniet, ei Milorg-gruppe på 40 unge menn som delte ut ulovlege aviser og generelt laga kvalm for den tyske okkupanten.

Men eg var ikkje i nokon farlege situasjonar, og skal på ingen måte vere nokon krigshelt, presiserer han.

Bildet viser fem barn som sitter sammen på en sofa. Den midterste barnet står oppreist, iført en hvit kjole, mens de andre barna sitter på hver sin side. De to eldre barna til venstre har på seg marineblå og grå kapper, mens de to til høyre har på seg mørke jakker. Bakgrunnen er en ensfarget, lys grå vegg. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Christian (til venstre) og søskena Dagny, Mi, Maik og Paul. Minstemann Paul døydde i 2023, men alle søstrene er framleis i live.

Foto: Atelier K.K.

Etter krigen blei Christian ein del av Tysklandsbrigaden, for å hjelpe til med gjenoppbygginga av eit land i ruinar.

I dag er han den einaste attlevande frå Fanatroppen.

– Dei eg levde saman med finst ikkje lenger.

Det kom litt plutseleg på. Eg har alltid tenkt at dei gamle er dei som er ti år eldre enn meg. Det går ikkje lenger.

Den neste «krigen» handla om selfangst.

Fjella har betydd kolossalt mykje for meg

GC Rieber var sjølve selfangstreiarlaget på store delar av 1900-talet, men utover 70- og 80-talet auka motstanden.

Noreg hadde allereie eit frynsete rykte på grunn av kvalfangsten, og no retta verdas auge seg mot slaktinga av selane.

«Christian Rieber, du er dødens kjøpmann og ein sadistisk og vond mann», heiter det i eit engelskspråkleg brev som er utstilt på Ishavsmuseet.

Presset auka, og gode råd var dyre.

selfangstekspedisjon

Den norske fangsten av grønlandssel og klappmyss i Vesterisen og Austisen utgjorde i 1970-åra rundt 100.000 dyr årleg. Sidan den gong har utbyttet gått kraftig tilbake.

Foto: Per Høst / Riksarkivet

«Gå ut og still deg opp på fjellet for Herrens ansikt, så vil Herren gå forbi» heiter det i Den gamle boka, og konsernleiaren innsåg at han måtte opp i høgda på same vis.

Der lufta er litt tynnare, sikta er betre, og det er mogleg å tenke klart.

Under ei fjellvandring i dei italienske alpane fekk han svar: Selfangsten måtte avviklast.

Det hjelpte ikkje at den heldt liv i arbeidsplassar og verdikjeder. Plasteret måtte av. Jo raskare, jo betre.

Christian Rieber blei «neddynka» med protestbrev mot selfangsten i 1985. Breva kom frå heile verda.

Eg hugsar korleis eg gjekk oppover ei stor skråning, og kan framleis sjå for meg lyset. Der sa eg høgt til meg sjølv: Neste år er det over med selfangsten.

Fjella har betydd kolossalt mykje for meg. Alle mine største avgjerder er tatt aleine i høgda.

Hallingskarvet

Statsminister Jonas Gahr Støre går til Hallingskarvet når han skal tenke i fred. Christian Rieber gjer det same. Han trekker mot høgda når han skal ta store avgjerder.

Foto: Espen Faugstad

Noko av uskulda og samhaldet har gått tapt

Nokre år tidlegare sa han nei til det norske oljeeventyret, sjølv om selskapet deltok i det første oljefunnet i Nordsjøen og var i pole position.

Mykje var forandra sidan han reiste med lastebil for å handle saue- og kalveskinn frå gardbrukarar i Sogn og Fjordane, men læresetningane til bestefaren kima enno:

Selskapet skulle ikkje berre tenke butikk.

Det var ei spesiell avgjerd å ta, å ikkje gå inn i oljebransjen. Men eg angrar ikkje.

Sjølv om nasjonen har fossa fram i heile hans levetid, meiner han at noko av uskulda og samhaldet har gått tapt.

Vi er eit folk bygd på fiske og fangst og jordbruk, og stort sett overalt i Noreg var det småindustri. Olja forandra alt dette, og har tillate oss å gjere ting som etterkommarane våre kan komme til å slite med.

  • En kvinne i rød blazer gestikulerer mens hun snakker. Bakgrunnen viser et maleri av en mann i formell klær. Omgivelsene ser ut til å være et rom med moderne interiør. Kvinnen virker engasjert i samtalen.

    Terje Pedersen / NTB

    Erna Solberg, Høgre-leiar

    Christian Rieber har vore ein utruleg viktig samfunnsbyggar i Bergen gjennom mange år. Han har skapt arbeidsplassar i byen vår, verdiar til fellesskapen, og han har i tillegg delt raust med det frivillige og kulturlivet. Aktivitetsnivået, humoren og entusiasmen hans smittar, og bergensarar er utruleg heldige som har fått nyte godt av samfunnsengasjementa til hundreåringen gjennom generasjonar!

  • Ordfører i Bergen, Marit Warncke (H), holder tale i forbindelse med Internasjonal uke i Bergen

    Simon Skjelvik Brandseth / NRK

    Marit Warncke, ordførar i Bergen

    Christian Rieber betyr svært mykje for Bergen, og representerer eit strålande eksempel på ein næringslivsleiar som utøver eit stort samfunnsansvar. Dette samfunnsengasjementet og -ansvaret har han alltid tatt på djupaste alvor. Denne tradisjonen der bedriftsleiarar bidrar langt utover det å bygge eigne selskap er noko Bergen kan vere stolt av.

  • Styreleder i Festspillene i Bergen, Thorhild Widvey og nyansatt festspilldirektør Lars Petter Hagen.

    Roza Sadik Bawan / NRK Hordaland

    Lars Petter Hagen, festspeldirektør

    Christians personlege engasjement og innsats for å gjere kulturen tilgjengeleg for fleire betyr mykje for svært mange, og for Festspillene. Han er ein brubyggar mellom næringsliv og kulturliv, mellom tradisjon og fornying – og ikkje minst mellom menneske i alle aldrar.

  •  Thor Brødreskift / UiB / NTB scanpix

    Thor Brødreskift thor brodreskift / UiB / NTB scanpix

    Christieprisen

    Christian Rieber har vunne Christieprisen for si mangeårig støtte til klima- og helseforsking. Prispengane på 250.000 kroner gav han vidare til studentar på Griegakademiet.

Det finst rom i oss kor orda ikkje når fram, ein namnlaus stad som berre kunsten kan vise oss.

I Christian har den klassiske musikken tatt bustad.

Då The Beatles var på høgda, var han allereie ein middelaldrande mann i 40-åra og forbi dei mest inntrykksvare åra.

Når han skrur på radioen, er det derfor NRK Klassisk som gjeld, sjølv om han også høyrde litt på dansemusikk i ungdomsåra.

Er du ein god dansar?

Ja, eg var det. Eg tillèt meg å seie det. Vi hadde ball og mykje moro.

En eldre mann sitter i en kontorstol og holder en nettbrett i hendene. Han har på seg en mørk blazer og en lys skjorte. I bakgrunnen kan man se en datamaskin, en skrivebordoverflate med kontorutstyr og lysere trevegg. Omgivelsene gir inntrykk av en moderne kontorplass. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Christian Rieber gir seg ikkje, men har slutta å klatre i tretoppane. – Eg har blitt litt dårleg i ein fot, men elles klarer eg meg bra.

Foto: Therese G. Pisani / NRK

Eg er nesten på slutten no

Første gong han fridde til kona si var han berre sju år gammal. Då fekk han beskjed om å komme tilbake når mjølketennene var ute.

17 år seinare sa Ragna Sofie Rieber ja under ei vigsling i Paris i 1949.

Ho døydde i 2011, og sidan har Christian vore i det han kallar «skumringstida».

  • Bildet viser to personer som står ved siden av hverandre. Den ene personen har på seg en svart frakk og hatt, mens den andre personen er kledd i en pelskrage og holder en bukett blomster. Begge ser mot kameraet, og bakgrunnen er uklar. Atmosfæren i bildet virker formell. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Christian Rieber og Ragna Sofie Rieber under ein skipsdåp i 1968. Ragna Sofie var gudmor for stålbåten «Kvitbjørn».

  • Et gruppebilde viser tolv menn samlet på trappen til en bygning, omgitt av snø. De fleste bærer formelle dresser, mens en står i en grå genser og bukser med mønster. Bygningens fasade er hvit, med vinduer og detaljer i tre. Det er vinter, og snøen ligger tykk på bakken. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Leiinga i GC Rieber Sko ein gong på 50-talet.

  • Christian Rieber under GC Rieber sitt 140-års jubileum i Grieghallen i 2019.

    Christian Rieber under GC Rieber sitt 140-års jubileum i Grieghallen i 2019.

  • Bilde av en seremoni der flere personer står foran en inngang og holder et rødt bånd. En mann i lyst antrekk håndhilser med en annen mann, mens to kvinner forbereder seg på å klippe båndet. Omgivelsene viser en moderne bygning med store vinduer. Flere tilskuere kan sees i bakgrunnen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Opninga av Carino Building i Canada.

  • To personer står foran en lys bakgrunn med et tall, muligens en del av et skip. Begge bærer mørke frakker og hatter. Den ene personen står litt foran den andre, med ansiktet delvis skjult. Bildet har en svart-hvitt estetikk som gir en nostalgisk følelse. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Eg er nesten på slutten no, og hadde ein fastlagd skjebne frå første stund: Eg skulle overta familieselskapet, og sånn var det.

Men det har vore eit godt liv. Ja, det har vore tunge dagar, men summen av det er slik at eg vil seie takk for livet.

Eg har elleve oldebarn, og her om dagen begynte det eine barnet å gå. Ho sleppte seg heime hos meg, og då tenkte eg: Kor mange steg skal du gå?

En eldre mann står ved et vindu med skyline i bakgrunnen. Han holder en hvit kopp i hånden. Mannen er kledd i en mørk jakke over en lys skjorte. Omgivelsene gir inntrykk av et moderne kontorlandskap. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

HOW MANY ROADS MUST A MAN WALK DOWN? – Til ungdommen vil eg seie: Fri deg frå frykta og grip framtida med begge hender, seier Christian Rieber.

Foto: Therese G. Pisani / NRK

Publisert 24.12.2025, kl. 19.37

Read Entire Article