Bybanekrasj ved Bystasjonen i Bergen

1 month ago 17


Samanstøyten skjedde i lyskrysset på Fjøsangerveien ved Bystasjonen i Bergen sentrum.

– Det er ikkje meldt om personskadar, opplyser Stein Rune Øyjordsbakken Halleraker i Vest politidistrikt.

Feltet i retning Bergen sentrum er stengt, og vil truleg halde stengt ei god stund.

– Det er store utfordringar med trafikken, og vi forventar det vil vere slik i fleire timar, seier innsatsleiar i Vest politidistrikt, Frank Listøl.

Ifølge bergingsmannskap på staden vil bybanen og personbil bli ståande ein stund på grunn av komplisert berging, melder Halleraker.

Alle naudetatane rykte umiddelbart ut til staden, og Bybanen blei raskt tømt.

En politimann står foran bybanen

Bybanen har fått seg ein støyt etter hendinga tysdag føremiddag.

Foto: Arne Frank Solheim / NRK

Det skal vere ein del materielle skader på staden.

– Føraren i bilen er bortimot fysisk uskadd, men prega, seier Listøl.

Ingen fotgjengarar eller passasjerar på Bybanen skal vere skadde.

Midlertidig beslag i førarkort

Politiet er no i dialog med førar av bilen og førar av bybana for å finne ut kva som har skjedd.

– Vi er ikkje sikre på kva som har skjedd her, men det er mogleg at nokon har køyrd på raudt lys, seier innsatsleiar Listøl.

Det blir oppretta sak på hendinga og bilføraren sitt førarkort er midlertidig beslaglagt.

Det er ikkje mistanke om at verken førar av bybana eller bilen skal ha køyrd i ruspåverka tilstand.

– Kan ta fleire timar

Personbilen som har kollidert med bybanen sit godt fast, opplyser innsatsleiar i Brannvesenet.

Det vil difor vere komplisert å få rydda opp på staden. Planen er å trekke bybana tilbake på sporet, utan å gjere for stor skade på omgjevnadane.

Feltet på Fjøsangerveien i retning Bergen sentrum held stengt inntil vidare, men det er passasje i motsett retning.

I mellomtida køyrer Bybanen si linje 1-rute på linje 2 mellom Nonneseter og Kronstad.

Vegtrafikksentralen har sendt personell til staden for å hjelpe til med dirigering av trafikken.

Publisert 02.09.2025, kl. 10.41 Oppdatert 02.09.2025, kl. 11.00

Read Entire Article