Butikken tar Pokémon-grep før slepp: – Stor auke i vaksne samlarar

1 hour ago 2


– Her er det ingenting. Vi har erstatta dei tomme områda i hylla med fotballkort. Her har vi sett reklameesker berre så det ikkje skal sjå heilt tomt ut.

På leikebutikken i Bodø viser Markus Einarsen fram tomme knaggar som tidlegare bogna av glinsande pakkar med Pokémon-kort.

Pappkorta med dei små fargerike figurane har blitt eit kulturfenomen verda over, og blant mange vaksne: Ei investering.

– Vi får tjue pakkar med ein bestemt type kort i butikken denne veka, og alle tjue er reserverte. Vi må ha avgrensingar.

Hyllene på leikebutikken har vore tomme i to månader.

Men fredag 20. februar er det nytt slepp. Da blir det eitt produkt per kunde.

– Reserverer produkt

Pokémon-universet oppstod i Japan i 1996. Frå den spede begynninga si, har konseptet utvikla seg til frå videospel til samlekort, TV-serie og filmar.

Ein TikTok-trend som starta for rundt eit halvt år sidan, har blåst liv i vaksne samlarar, seier Einarsen.

Pokemon

Det er ikkje berre reservert for småbarn å drøyme om å få eit glinsande Pokémon-kort med maskoten Pikachu på.

Nå må butikkane jobbe for at ikkje folk som kjøper for å selje vidare med gevinst, skal få tak i alle produkta.

– Produsenten har problem med å levere, og vi har vore tomme sidan jul. Nå har vi ei liste over ting folk kan reservere. Vi får jo så lite, og det er så stor pågang.

Butikkmedarbeidaren har blanda kjensler før sleppet av nye kort. Det er viktig for han at alle får litt av det dei vil ha.

– Vi vil ikkje at nokre få skal få tak i alt, for det finst scalpere der ute.

Vaksne i vinden

Einarsen seier dei trudde toppen var nådd under boomen i 2020, men at pågangen blant vaksne kundar nå har danka ut den tida fullstendig.

– Dei som har vakse opp med Pokémon, som nå er vaksne og har fått pengar, innser at Pokémon er gøy.

Men det er ikkje alle vaksne som lengtar etter å sikre seg forundringspakkar med japanske pappkort.

  • en person med skjerf (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Ingvild Eriksen Rognmo

– Da eg høyrde om Pokémon-kort, hadde eg ungar i rett alder. Men dei to jentene mine oppfatta det nok meir som ei gutegreie. Eg ser nok på det som ein barneting, seier Ingvild Eriksen Rognmo.

– Er det rart at det er så mange vaksne som held på med det?

– Ja, litt rart, men samtidig er det nok ikkje den mest usunne interessa ein kan ha? Eg tenker jaja, kvifor ikkje, spør Rognmo.

  • En mann i en butikk (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Erik Fredriksen

For Erik Fredriksen, er Pokémon-kort eit sterkt minne frå barndommen.

– Eg samla på det. Vi stod i skolegarden og spelte stein, saks, papir og la ut korta. Vekelønna gjekk til det, men det kosta jo ikkje så mykje da.

Han synest trenden med vaksne menneske som bruker pengar på kort, er søkt og litt gøy.

Pokemon-kort samling.

Ei samling av Pokémon-kort. Mange vel å leggje dei beste korta sine i ein perm for å vareta verdien.

Foto: Ine-Sofie Bruhaug / NRK

– Det er jo det same med Lego. Det er vaksne som bruker vaksenpengar og har litt for lite å bruke pengane på.

Nyleg selde den amerikanske influensaren, boksaren og WWE-profilen Logan Paul eit Pokémon-kort til ikkje mindre enn 16,4 millionar dollar, eller rundt rekna 155 millionar norske kroner.

Det synest Fredriksen er ein vanvitig sum.

– Det er jo eit halvt kommunebudsjett. Litt i drygaste laget.

– Tilstand er alt

Pikachu, Charizard, Mewtwo, Bulbasaur, Squirtle. For dei uinnvigde kan det høyrast ut som eksotiske sjukdommar, vêrfenomen eller gloser på eit oppdikta språk.

Det finst rundt 1025 unike Pokémon-arter. Det er trykt over 64 milliardar kort på verdsbasis sidan 1996.

Pokemon-kort samling.

Det er veldig populært for vaksne å samle på Pokémon kort.

Foto: Ine-Sofie Bruhaug / NRK

Mange av dei eldre korta er verdifulle, fordi det ikkje finst så mange av dei i god tilstand. Men det er marknaden som bestemmer, seier Markusen.

– Tilstand er alt når det gjeld verdi av kort. Da ein var liten, tok ein ikkje så god vare på korta. Vi hadde ein bunke med strikk rundt i lomma på skolen og viste det fram. Dei blei jo utrydda, så å seie. Så det er berre nokre fåtal igjen.

Fyller hyllene

Sosiale medium som TikTok driv interessa fram blant millennias. Spesielt konseptet med permar med korta organisert etter tema eller fargar slår an.

Markus Einarsen er sjølv glad i Pokémon-kort, og har samla i fleire år.

– Pokémon har oppjustert produksjonen sin dei siste åra, så nå kjem det eit nytt sett kvar tredje månad. Før kunne vi få påfylling, men nå er det nesten berre nyheiter.

No skal pakkar med kort igjen plasserast ut i butikkane, men nå er det eitt produkt per kunde.

For fredag 20. februar smell det igjen.

Publisert 20.02.2026, kl. 10.45

Read Entire Article