Bustad­prisane auka med 4,4 % i januar

2 hours ago 4


Det viser tal frå Eiendom Norge.

Korrigert for sesongvariasjonar auka prisane med 1,4 prosent.

– Det er berre i 2022 vi har hatt ein sterkare oppgang i bustadprisane i ein januar-månad. Det sentrale Austlandet, Agder, Rogaland og Tromsø hadde spesielt sterk oppgang i januar, seier administrerande direktør Henning Lauridsen i Eiendom Norge.

Henning Lauridsen i Eiendom Norge

Henning Lauridsen er administrerande direktør i Eiendom Norge.

Foto: Johnny Vaet Nordskog / Johnny Vaet Nordskog

Nytt krav til eigenkapital

Januar var fyrste månad med det nye kravet til eigenkapital. No er kravet at du må ha 10 % eigenkapital for å få lån. Før nyttår var kravet 15 %.

Dermed har regjeringa senka kravet for å få bustadlån. Mange økonomar har venta at dette vil få prisane til å auke i januar.

Særleg i Oslo har det vore mykje trykk i marknaden. På ei av visningane NRK var innom i januar var det 120 påmelde.

Det var mange besøkende på visning i Oslo søndag formiddag.

Jon Petrusson

Lovnad frå Støre

Prisstatistikken kjem same dag som statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) gjekk på talarstolen i Stortinget for å presentere politikken til den reine Arbeidarpartiregjeringa.

Der gjorde han det klart at regjeringa har eit nytt mål om 130.000 ny bustader innan 2030.

Det vil seie 26.000 bustader i året.

Til samanlikning sette norske bustadbyggarar i gang bygging av 13 874 nye bustader i fjor. Det viser tal frå Boligprodusentenes foreining.

Statsminister Jonas Gahr Støre redegjør for regjeringens politikk i Stortinget onsdag.

Jonas Gahr Støre kom til Stortinget med ein lovnad om å bygge fleire bustader.

Foto: Rodrigo Freitas / NTB

– Vi vil invitere storbyane til eit krafttak for bustadbygging, blant anna gjennom meir effektiv saksbehandling, fjerne reguleringar og sørge for gode rammevilkår for studentar- og ungdom, sa Støre.

Publisert 05.02.2025, kl. 10.59 Oppdatert 05.02.2025, kl. 11.04

Read Entire Article