Tysdag blei det kjent at ei kvinne frå Nordland blei dømt til eit halvt års fengsel for å ha hengt ut BUP-tilsette på nett.
– Det er ei fantastisk stor lette. Det er nesten så eg trudde det ikkje var sant. Ein veit aldri korleis slike saker endar, men eg er veldig glad.
Det seier ein av dei fornærma BUP-tilsette.
Den domfelte kvinna i 50-åra blir også fråteke retten til å vere aktiv i sosiale medium i 1,5 år, og må betale erstatning på over 200.000 kroner til seks personar.
Ho har 14 dagars ankefrist, og dommen er derfor ikkje rettskraftig.
Den fornærma 62-åringen meiner likevel at dommen har ein viktig betyding for tilsette i Barnevernet og BUP.
– Det er avgjerande for veldig mange av oss at han blei så streng som han blei.
Ho seier fagfolk vegrar seg for å ta jobbar i BUP og barnevernet på grunn av frykta for å bli hengt ut i sosiale medium.
– Eg håpar at dommen bidrar til at folk som behandlar andre slik, tenkjer seg litt meir om.
Sjølv om 62-åringen er letta, kjem ho aldri til å gå tilbake til jobben i BUP igjen.
– Eg føler meg ferdig i BUP. Det her har vore så øydeleggande for min del.
Det var i slutten av mars at saka gjekk for Salten og Lofoten tingrett, der 62-åringen var ein av dei fornærma.
Foto: NRKSkjulte lydopptak
Kvinna i 50-åra var tiltalt for straffeloven paragraf 266 og 267. Det vil seie omsynslaus åtferd, og å ha krenka ein annan person sitt privatliv.
Bakgrunnen var at ho hadde publisert ei rekke videoar på sosiale medium, der ho blant anna hengde ut tilsette i BUP.
Dei BUP-tilsette hadde hatt oppfølging av eit barn, i ei sak som seinare enda i ein tvist om barnefordeling, der barnevernet vedtok at ein forelder skulle miste omsorga.
I etterkant publiserte kvinna, ein nær slektning av barnet, skjulte lydopptak frå samtalar dei hadde hatt med barnet, ope ut på Facebook, TikTok og YouTube.
Namna og bilda til BUP-tilsette blei også publisert offentleg.
– Vi meiner dommen reflekterer alvorsgrada av dei handlingane som er gjort.
Det seier konstituert klinikksjef for Psykisk helse- og rusklinikken ved Nordlandssykehuset, Daniel Mørch, og er tydeleg på at saka har vore ei stor belastning for dei fornærma.
– Det er positivt at retten tydeleg vektlegg personvernet til dei tilsette, og dessutan at tilliten til den offentlege helsetenesta ikkje skal undergravast som følge av denne type åtferd.
Konstituert klinikksjef for Psykisk helse- og rusklinikken ved Nordlandssykehuset, Daniel Mørch seier dommen er viktig for omdømmet til BUP.
Foto: Kåre Riibe Ramskjell– Bidrar til tryggleik
Mørch meiner også at dommen er eit tydeleg signal om at dei tilsette har eit vern mot trakassering og falske skuldingar.
– Dette bidrar til tryggleik i arbeidskvardagen, og reduserer bekymringa for kva som kan publiserast om dei i sosiale medium. Dei kan då halde fram med å fokusere på den gode og viktige jobben dei gjer, seier Mørch og legg til:
– Når det gjeld rekruttering, kan denne dommen vere med på å fjerne noko av bekymringa som enkelte har knytt til å jobbe innanfor slike tenester.
På andre sida er forsvararen til kvinna i 50-åra skuffa over dommen.
– Klienten min meiner dette har vore lovlege ytringar og bør prøvast av ein høgare domstol, sa forsvarar Bendik Falch-Koslung til NRK tysdag.
Falch-Koslung og kvinna meiner dommen var altfor streng.
– Aktors påstand var altfor streng, og når tingretten legg seg vesentleg høgare enn det, seier det nok kva eg tenker om det. Det er veldig uvanleg, seier forsvarar Bendik Falch-Koslung.
Foto: Lars-Bjørn Martinsen / NRK– Eit fenomen som har auka
Straffeboda om krenking av privatliv og omsynslaus åtferd har endra seg etter veksten av sosiale medium, ifølge ytringsfridoms- og medierettsadvokat, Jon Wessel-Aas.
Det er fordi krenkingane kan bli så kraftige og få så enorm spreiing, seier han.
– I denne saka har retten landa på seks månaders fengsel utan vilkår. Det er strengt, men som retten seier, nødvendig når krenkingane av personvernet til dei fornærma er så omfattande, seier Wessel-Aas.
Han meiner likevel det er viktig å få fleire dommar på dette feltet.
– Det er eit fenomen som har auka, og som kan ha svært skadelege verknader for dei som blir ramma. Ofte er skadane i realiteten umoglege å rette opp, på grunn av den enorme spreiinga av innhaldet.
Tingretten meiner at videoane kvinna la ut i sosiale medium til dei mange følgarane hennar ikkje var verna av ytringsfridommen.
Foto: Kåre Riibe Ramskjell / NRKHan seier også at personane som har spreidd innlegga og videoane til kvinna kan haldast strafferettsleg ansvaret for delinga. Men det vil vere ei umogleg oppgåve å finne alle og straffeforfølge dei.
– Like vanskeleg kan det vere å få sletta det ulovlege innhaldet frå alle dei andre stadene det er spreidd. Allmennpreventive grunnar tilseier derfor at hovudgjerningspersonen blir gitt ei streng straff, slik at folk ser at det får følbare konsekvensar å legge ut slikt.
Ytringsfridoms- og medierettsadvokat, Jon Wessel-Aas.
Foto: Monica KvaaleDet er også uvanleg at kvinna blei frådømd retten til å bruke sosiale medium i eitt år og seks månader.
– Det har ikkje vore vanleg.
Men fordi at Høgsterett har opna for det, trur han at vi kjem til å sjå meir av det framover.
– Det er sjølvsagt eit alvorleg inngrep i ytringsfridommen, fordi det også vil innebere at vedkommande heller ikkje kan bruke sosiale medium til lovlege ytringar. Men når Høgsterett har opna for dette, må vi rekne med at det blir ein vanlegare reaksjon i tilsvarande saker framover.
Publisert 06.06.2025, kl. 16.11