Brukte over 100 millionar på reklame – får kritikk av Lotteritilsynet

4 hours ago 2


Det skal godt gjerast å ikkje å ha fått med seg reklamane for Postkodelotteriet. Anten på TV, Facebook – eller ved at kjem loddseljarar på døra di.

No meiner det statlege Lotteritilsynet at lotteriet brukar for mykje av inntekta si på marknadsføring. Det kjem fram i et varsel mot Postkodelotteriet.

I 2023 hadde Postkodelotteriet nettoinntekter på 232 millionar kroner. Av det brukte dei 109 millionar kroner på marknadsføring.

Det utgjer 47 prosent – ikkje 15 prosent, som var det som var tillate i loven fram til 2023.

I 2023 blei loven om pengespel endra. Kravet om å ikkje bruke meir enn 15 prosent forsvann, men framleis skal marknadsføringa vere moderat.

– Ikkje moderat

– Lotteritilsynet har varsla Postkodelotteriet at vi vurderer å pålegge dei å redusere omfanget av marknadsføringa.

Det seier Monica Alisøy Kjelsnes. Ho er jurist i Lotteritilsynet.

I ein tilsynsrapport har dei gått nøye igjennom korleis Postkodelotteriet forvaltar midlane dei får inn.

– Marknadsføringa deira er ikkje moderat, heiter det i rapporten.

Monica Alisøy Kjelsnes, Lotteritilsynet

Monica Alisøy Kjelsnes jobbar i Lotteritilsynet som har hovudkontor i Førde i Sogn og Fjordane.

Vil ha lov å bruke meir

I varselet minner Lottertilsynet også om at Postkodelotteriet må gjennomføre dørsalet på ei måte som ikkje er urimeleg påtrengande.

– Eg meiner at vi ikkje har vore for aggressive, seier Audun Bringsvor som jobbar med kommunikasjon i lotteriselskapet.

Bringsvor meiner varselet verkar meir alvorleg enn det er, og seier slike tilsyn blir ført jamleg mot alle lotteri i Noreg.

Etter at Postkodelotteriet sende sitt svar på varselet og korleis de skal handtere klagepunktene vidare, har de fleste punkta falt frå.

Det blir derfor ikkje fatta vedtak i saka.

Generalsekretær i WWF Verdens naturfond Karoline Andaur sammen med Jorun Stiansen og Tom Stiansen fra Postkodelotteriet.

KJENDISTUNGT: Jorun Stiansen og Tom Stiansen er blant kjendisane som har reklamert for Postkodelotteriet.

Foto: Yina Chan

Men tilsynet meiner det likevel er behov for at dei rettleiar Postkodelotteriet i tida framover, for å sørge for at marknads­føringa er på et moderat nivå.

Postkodelotteriet på sin side meiner det er heilt naudsynt at dei får bruke meir enn 15 prosent av inntektene sine på reklame og marknadsføring.

– At eit krav om at marknadsføring skal vere så moderat at det ikkje er mogleg å generere pengar til gode formål, det blir for strengt, meiner Bringsvor.

– Beskytte spelarar

Dei vil no ha ein diskusjon med Kulturdepartementet og politikarane om kor grensa må gå.

Men først vonar Lotteritilsynet at Postkodelotteriet vil rette opp dei feila dei meiner blei funne under tilsynet.

– Reglane er jo sett for å beskytte spelarar mot speleproblem, slår Kjelsnes fast.

Publisert 04.03.2025, kl. 05.45

Read Entire Article