Brukte «magisk» sverd på gravide: – Me har gløymd kor farleg det er å føda

2 days ago 9


Sverdet frå bronsealderen blir no stilt ut for første gong, på Universitetsmuseet i Bergen.

Ein gong var det eit stridsvåpen. 3000 år seinare, rundt 1790, blei sverdet funne i ei gravrøys på Rimbareid i Fitjar, og fekk då ei ny oppgåve:

Kvinner i bygda som skulle føda, blei strokne over underlivet med sverdet.

Slik skulle dei vera sikra ein lett fødsel.

– Tanken var at det som kunne ta liv, også kunne gi liv, seier lokalhistorikar Magnar Kloster, som sjølv har djupe røter i bygda.

– Oldefaren min blei fødd i 1838, og mor hans kan nok ha fått behandling med sverdet.

en mann som går på et steinete område

Magnar Kloster står på Rimsvarden, som er eitt av dei største forhistoriske gravminna på Vestlandet. Grava er frå bronsealderen, og det var her Rimbareidsverdet blei funne rundt 1790.

Foto: Eli Bjelland / NRK

– Uforståeleg å føde utan helsepersonell

– Sverdet viser kor redde dei var. Den gongen var det vanleg å ta i bruk overtru og magisk tenking. Og eg synest det er viktig å minna om det i dag, spesielt med tanke på debatten om uassisterte heimefødslar.

Det seier pensjonert barnelege og professor emeritus ved Universitetet i Bergen, Trond Markestad.

Han er særleg kjend for «snuoperasjonen» då mange spedbarn døydde i krybbedød.

Me har gløymd kor farleg det er å føda. Og det er fordi me har så god svangerskaps- og fødselsomsorg i Noreg.

Trond Markestad, fotografert framfor barneklinikken på Haukeland sjukehus. Han har briller, ein lyseblå skjortekrage og mørk gensar på seg.

Trond Markestad er pensjonert barnelege. Han er skremd over at fleire vel å føda heime utan hjelp.

Foto: Eskild Byrkjeland / NRK

21 planlagde heimefødslar blei gjennomførte utan helsepersonell til stades i fjor, viser tal frå Folkehelseintituttet. Det er ein auke frå tidlegare år.

Ifølgje ei undersøking meiner også ein av ti mellom 18 og 39 år at det er trygt å føda heime uassistert.

Helsedirektoratet åtvarar om risikoen ved slike fødslar, og rår frå det sterkt.

Eg har stått på mange fødestover som barnelege. Eg har sett kor skummelt fødsel kan vera, og kor dyktige fagfolk er til å takla kriser og farlege situasjonar. Så for meg er det heilt uforståeleg at nokon vel uassisterte fødslar, seier Markestad.

Angstdempande middel

Risikoen for å døy under fødsel var stor både for mor og barn på 1800-talet.

– Me har ikkje eksakte tal, men rundt 5 prosent av mødrene og 5 til 15 prosent av barna døydde nok under fødsel, seier overlege Marit Sandberg ved Kvinneklinikken ved Haukeland universitetssjukehus i Bergen.

I dag er Noreg eitt av dei tryggaste landa å føda i.

I 2023 døydde under fire barn per 1000 fødde i dødfødsel og første leveveke.

Det er ei halvering berre frå 1998.

Ein treng ikkje å gå meir enn rundt 100 år tilbake i tid for å finna ei brutal skildring frå Fitjar:

Trur sverdet var angstdempande

Sandberg meiner sverdet er ei påminning om kor farleg det var å føda, men trur også det kan ha hatt ein effekt i si tid.

– Den kan ha vore angstdempande. Viss kvinnene faktisk trudde at dette sverdet skulle gi ein lettare fødsel, så senka dei kanskje skuldrene.

– Me bruker angstdempande middel aktivt no også. Det handlar om god kommunikasjon og ei roleg tilnærming. Nokre har lyst til å ha litt musikk, til dømes. Det er jo på ein måte ei vidareføring av dette sverdet til dagens praksis.

en kvinne som bruker briller

Overlege Marit Sandberg på Kvinneklinikken seier ho og kollegaene diskuterer mykje kva dei kan gjera for at kvinner skal føla seg trygge under fødsel. Spesielt etter debatten rundt uassisterte heimefødslar.

Foto: Oskar Rennedal / NRK

Vitskapen og folketrua på kollisjonskurs

Gjenstandar i metall er blitt brukte i samband med overgangsritual, sjukdom og fødsel i heile verda.

– Det var ei kraft og ei reinsing i nettopp metallet, seier professor i arkeologi ved Universitetet i Bergen, Nils Anfinset.

Sjølve sverdet frå bronsealderen i Fitjar er likevel heilt unikt i norsk samanheng.

Det er berre funne eit par tilsvarande sverd til i Skandinavia.

en mann som står i et rom

Universitetsmuseet i Bergen er 200 år, og sverdet er del av jubileumsutstillinga som opnar 27. april. Professor i arkeologi, Nils Anfinset, seier grunnleggarane av museet samla inn gjenstandar frå heile Vestlandet.

Foto: Oskar Rennedal / NRK

Museumsgrunnleggarane ville ha det til Bergen då dei oppdaga det på Fitjar i 1824.

– Men vitskapen og folketrua kom i konflikt. Sverdet var jo i bruk, og bygda ville ikkje gi det frå seg. Det tok faktisk 40 år før sverdet kom til Bergen.

Omstenda rundt overleveringa kjenner ingen, men samfunnet var i endring frå midten av 1800-talet.

– Det kom både fagfolk og kunnskap, og dei tenkte vel at dei ikkje kunne halda det gåande på denne måten. Det var ikkje lenger naudsynt med den trolldomsmakta som dei følte låg i sverdet, seier Magnar Kloster.

en by ved en sjø

Utsikt over Fitjar frå Rimsvarden, der bronsesverdet blei funne i ei stor gravrøys.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Høyr historia om då barnelege Trond Markstad fann svaret på krybbedødmysteriet i podkasten Øyeblikket i NRK Radio:

Publisert 19.04.2025, kl. 16.27

Read Entire Article