Brukte høgfrekvent lyd for å få barn bort frå leikeplassen

10 hours ago 4


Sunnmørsposten sørgde i går for den store snakkisen på nordvestlandet da avisa skreiv om ein spesiell nabokonflikt.

Ein nabo som bur like ved ein leikeplass i Giske kommune gjekk drastisk til verks for å få slutt på ungestøy. På rekkeverket på verandaen monterte han ein heilt spesiell høgtalar.

Den sender ut ein høgfrekvent lyd på 17 kilohertz. Lyden er så lys at berre born og unge skal kunne høyre det.

Lekeplassen i Giske kommune der det var en høyfrekvent høytaler

Trampolinen er både til glede og bry på leikeplassen i Giske kommune.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Ville få merksemd

Til Sunnmørsposten sa han at hensikta ikkje var å plage ungane:

– Den einaste grunnen til at eg valde å setje opp høgtalaren, er at eg vil ha merksemd frå velforeininga og få dei til å gjere noko med støyen frå leikeplassen. Om dei tek tak i dette, vil eg fjerne høgtalaren med ein gong.

Test deg sjølv: Klarar du å høyre 17 kilohertz?
(Gode høgtalarar anbefalast.)

Tok ned høgtalaren

Da NRK drog til leikeplassen i dag, var høgtalaren borte. Naboen bekreftar at det var han sjølv som tok den ned.

I går var det eit møte i velforeininga. Naboen ønsker ikkje å uttale seg om saka utover at dei har funne ei midlertidig løysing og at han håper det blir betre i framtida.

Leiaren i velforeininga vil ikkje bli intervjua om saka, men skriv i ein sms til NRK at dei ser på saken som avklart.

Kosta 9000 kroner

Ifølge Sunnmørsposten starta konflikten i fjor sommar. Da skreiv naboen eit innlegg på Facebook-gruppa til velforeininga om at noko måtte gjerast med bråket. Men han fekk ingen respons.

Det førte til at han brukte 9000 kroner på å kjøpe høgtalaren som i om lag ein månad har vore retta mot leikeplassen, skriv avisa.

Må ein tole lyd frå leikeplassar frå morgen til kveld?

Takksam for at den er fjerna

Saka har blitt diskutert på Facebook. Ei kvinne skriv at ho veit om fleire barn som har nemnt lyden på leikeplassen, og ikkje orkar å vere der:

«Kan umogleg vere bra».

Ei anna kvinne skriv at ho fekk smerter i øyra av lyden:

«Eg kunne ikkje opne vindauget mitt eingong, er så takksam for at dei fjerna den».

Høyfrekvent høytaler ved lekeplass er tatt ned

No er høgtalaren tatt ned.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Mange konfliktar om støy

Kvar veke blir forbrukarorganisasjonen Huseierne kontakta om støy.

Det er § 2 i nabolova som gjeld, men det finst ikkje noko eksakt grense for kor mykje støy ein må tåle:

– Det må gjerast ei skjønnsmessig vurdering i kvart enkelt tilfelle. Når det skjer, og kor mykje støy det dreiar seg om, er relevant. Men generelt må ein nok rekne med at det kjem lyd frå trampolinar og barneleik i eit vanleg bustadområde på dagtid, seier advokat Øyvind Reitzel Bjerke.

– Har du nokre råd for korleis ein kan unngå at det blir konflikt?

– Å snakke saman og prøve å bli einige om felles kjørereglar. Viss det let seg gjere, er ofte mykje allereie gjort.

Publisert 25.04.2025, kl. 14.54 Oppdatert 25.04.2025, kl. 14.59

Read Entire Article