Brukar KI-bilete i Finn-annonsar: – Svekker jo tilliten

19 hours ago 2


– Ein mistar jo tilliten til seljaren, seier Maria Skretting.

Saman med Teodor Fossdal ser ho på fleire annonsar på nettstaden Finn.no der bileta truleg er laga ved hjelp av kunstig intelligens.

Ingen av dei er begeistra for annonsane NRK viser dei.

– Det svekker jo tilliten til plattforma også om det dukkar opp slike annonsar. Så ein skulle jo tru det var i Finn sin interesse å ha eit forbod.

Teodor Fossdal og Maria Skretting på NTNU Gløshaugen

– Ein gir jo inntrykk av at ein sel noko anna enn det ein faktisk gjer, seier Maria Skretting. Verken ho eller Teodor Fossdal synest det er bra at KI-bilete blir brukt i annonsar.

Foto: Henning Levold / NRK

– Eg skulle ønske det ikkje var ein ting. Men det er vel noko som har kome for å bli, seier Fossdal oppgitt.

Både Skretting og Fossdal meiner det burde vere forbod mot å bruke slike bilete på plattforma.

– Ein får veldig «Temu-vibes», der bilete skal vere veldig forlokkande og så får ein berre noko tull, seier Skretting.

NRK har kontakta annonsørane som har laga annonsane som er vist i denne saka. Ingen av dei har ønskt å snakke med NRK.

NRK har merka bileta som er laga med hjelp av KI med «KI-generert».

  • Finnannonse med KI-bilde, teak skjenk

    NRK har forsøkt å kontakt seljaren av skjenken, men har ikkje fått svar.

    Foto: Skjermdump / Finn.no
  • Annonse på Finn.no med KI-bilde. Merket

    Av dei to andre bileta i annonsen for skjenken ser eitt av dei ut til å vere redigert med KI.

    Foto: Skjermdump / NRK
  • TeakSkjenk3

    Det tredje og siste biletet i annonsen ser det ikkje ut til å vere brukt KI på.

    Foto: Skjermdump / Finn.no

– Eg er einig med deg i at biletet av heile skjenken er KI-generert, seier Heri Ramampiaro når NRK viser han bileta.

Han instituttleiar ved Institutt for datateknologi og informatikk på NTNU.

– Litt for glatte og unaturlege omgivnadar rundt, samanlikna med biletet som viser riper på treet.

Lenger nede i saka kan du lese Ramampiaro sine tips til å avsløre KI-bilete.

  • BarnestolMerket med KI. Finn-annonse

    – Biletet av barnestolen ser for perfekt ut til å ikkje vere AI-manipulert, seier Ramampiaro om det første biletet i denne annonsen.

    Foto: Skjermdump / Finn.no
  • Finnannonse med barnestol 2

    På dei andre bileta ser stolen meir slitt ut enn på det første biletet i annonsen.

    Foto: Skjermdump / Finn.no
  • Barnestol Finn.no - bilde 3 Foto: Skjermdump / NRK

– Vi ser at fleire brukar teknologi

– Finn vurderer annonsar basert på om dei bryt med reglene våre, og ikkje nødvendigvis kva teknologi som er brukt.

Det fortel gjenbruksekspert hos Finn, Kathrine Opshaug Bakke.

Ho fortel at nettstaden ikkje har regler som forbyr bruken av bilete som er laga eller redigert ved hjelp av KI.

– Hovudregelen er enkel: Bileta skal gi eit riktig inntrykk av vara, fortel Bakke.

– Dersom ein brukar KI til å forbetre eller generere bilete må det ikkje bli skapt eit feilaktig bilete av produktet.

Ho fortel at dersom det blir brukt illustrasjonsbilete eller KI-generert innhald, så må det komme tydeleg fram i annonsen.

  • Annonse på Finn.no med KI-bilde. merket

    Det første biletet i denne annonsen er etter alt å dømme redigert med KI.

    Foto: Skjermdump / Finn.no
  • Finn-annonse retro telefon – ekte bilde

    Dei fire andre bileta i annonsen ser det derimot ut til at det ikkje er blitt gjort noko med.

    Foto: Skjermdump / Finn.no

Bakke stadfestar at dei har sett ein auke i bruk av KI-verktøy i annonsane på Finn.

– Vi ser at fleire brukar teknologi for å forbetre bileta sine. Det kan for eksempel vere lysjustering eller opprydding i bakgrunnen.

Ho peiker på at tillit er heilt avgjerande i bruktmarknaden.

– Dei beste annonsane er de som viser vara slik ho faktisk er. Gode, ærlege bilete gjer det lettare å få respons og gjennomføre ein trygg handel.

  • Ada Eide på NTNU Gløshaugen i april 2026

    Henning Levold / NRK

    Ada Eide

    – Eg ville i alle fall ha spurt om fleire bilete, seier Eide når ho får sjå ein av annonsane.

    – Eg har ikkje vore borti det før, at det er det eg trur er kunstige bilete.

    Ho trur det kan gå utover tilliten dersom ein brukar KI-bilete i annonsar. Eide meiner det burde ha vore reglar om merking av bilete.

    – Det kunne i alle fall ha vore markert tydeleg det bileta det gjeld.

  • Aleksander Bjerklien på NTNU Gløshaugen

    Henning Levold / NRK

    Aleksander Bjerklien

    – Det blir upåliteleg. Kva slags gjenstand er det du eigentleg kjøper?

    Bjerklien fortel at han ikkje er begeistra for KI-redigering av bilete.

    – Med biletgenerering så har ein det med det er tatt frå andre som faktisk har gjort arbeidet.

    –Så eg synest det ikkje burde brukast i det heile tatt

    Dersom det faktisk skal brukast meiner han det burde bli merka at bileta er laga med hjelp frå KI.

  • Thea Louise Heen på NTNU Gløshaugen i april 2026

    Henning Levold / NRK

    Thea Louise Heen

    – Eg trur eg heller ville ha lagt energien i å sjølv ha styla litt, seier Heen.

    – Eg ser for meg dersom min mormor skulle ha kjøpt dette så skjønner ho kanskje ikkje at dette ikkje er ekte.

    Ho synest det burde vere krav om merking av KI-bilete.
    – Det treng jo ikkje vere ein stor overskrift. Og det burde jo vere krav om at ein også har med bilete av vara ein skal selje.

Kan vere problematisk etter loven

Underdirektør i Forbrukartilsynet si tilsynsavdeling, Nina Elise Dietzel, fortel at dei er kjende med at det blir brukt KI-bilete i annonsar på Finn.

– Men vi har ikkje hatt nokre saker på dette hos oss, fortel ho.

– Vi ser ikkje på privatpersonar sin annonsering på Finn.no, men dersom det er næringsdrivande som annonserer på denne måten, er det noko vi kan vurdere.

Dietzel seier marknadsføringsloven ikkje har regler som seier at KI-bilete må merkast.

– Men det betyr ikkje at det er eit lovtomt rom.

– Loven forbyr villeiande marknadsføring, og etter omstenda kan bruken av kunstig intelligens i annonsering vere problematisk etter loven.

Dietzel peiker på at den auka bruken av KI gjer at problemstillinga blir meir og meir aktuell.

Kva synest du om å bruke KI for å redigere bilete i Finn-annonsar?

Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.

Vil bli krav om merking

– Regjeringa jobbar no med å innføre EU sin forordning om kunstig intelligens i norsk rett.

Det fortel digitaliseringsminister Karianne Tung (Ap). Ho seier forordninga stiller krav om openheit for enkelte KI-system.

Portrett av Karianne Tung som står foran en fargefull bakgrunn

Karianne Tung fortel at regjeringa arbeidar med å innføre den såkalla KI-forordninga.

Foto: Truls Skram Lerø / Truls Skram Lerø

– Eit av krava gjeld leverandørar sin plikt til tydeleg merking av bilete, video, lyd og tekst som er generert av eit KI-system.

Tung seier det er viktig at forbrukarar veit kva som er laga med KI slik at dei kan skilje mellom ekte og KI-generert innhald.

– Eg meiner prinsipielt at alt innhald som er laga ved hjelp av kunstig intelligens skal merkast, seier Tung.

– Det beste er å få sett produktet med eigne auge

Han fortel at KI har blitt betre dei siste åra og at dette stiller større krav til at ein er merksam og brukar sunn fornuft for ikkje å bli lurt.

Det beste er å få sett produktet med eigne auge, seier Ramampiaro.

Han meiner det beste er om ein har moglegheita til å møte seljaren fysisk før ein gjennomfører handelen.

Heri Ramampiaro ved NTNU

Ramampiaro seier det har blitt vanskelegare å sjå kva som er laga ved hjelp av kunstig intelligens dei siste åra.

Foto: Pressebilde

– Om ikkje så kan ein videosamtale der du kommuniserer med seljaren samstundes som han viser fram produktet vere ei god løysing.

Instituttleiaren fortel at han har gjort dette sjølv.

Spesielt om det er dyre ting så ville eg i alle fall ha gjort det.

Hei!

Takk for at du las heilt hit!

Har du innspel eller kommentarar til denne saka?

Eller har du tips til andre ting du synest eg burde skrive om?

Send meg gjerne ein e-post!

Publisert 20.04.2026, kl. 12.12 Oppdatert 20.04.2026, kl. 12.52

Read Entire Article