13 år gamle Britanius får skru, vaske og rydde to dagar i veka, i staden for skule.
– Eg sleit litt på skulen. Det var vanskeleg å følge med i timane, seier han.
Dei nye arbeidsoppgåvene har gitt han ei verdifull erfaring: Han opplever at han klarer å fokusere betre når han er på skulen.
– Eg blei mykje rolegare, fortel han.
- Nesten ingen unge kjem seg i jobb igjen etter at dei er blitt uføre.
Meiner tidleg innsats er løysinga mot utanforskap
Britanius er ikkje den einaste som sjekkar inn på garden på Ellingsøya utanfor Ålesund på morgonkvisten.
Hit kan folk kome også via Nav, barnevernet og Kriminalomsorgen.
– Dei siste månadane har det vore ekstremt mange som har ringt hit.
Det seier Mats Grimsæth, som står bak ideen med Prosjekt løvetann.
Mats Grimsæth drøymer om å hjelpe ungdom til livsmeistring og fellesskap før det er for seint.
Foto: Remi Sagen / NRK700.000 står utanfor arbeidslivet
Nye tal frå Nav viser at 700.000 stod utanfor arbeidslivet i 2024.
Grimsæth meiner at mange som strevar opplever at tiltaka kjem på plass for seint.
– Det synest eg er synd når vi kunne ha førebygd veldig mykje med ekstremt lite innsats, seier han.
Oppdrettsmilliardæren Roger Hofseth, som bur i nabolaget, er hovudsponsor for prosjektet, men det går med mykje tid til å skaffe pengar frå andre også.
– Halve jobben her er å søke pengar, dessverre. Vi har fått ein del avslag, men vi gir oss ikkje, slår han fast.
Mats Grimsæth, Britanius og Renato Edley i full sving.
Foto: Remi Sagen / NRK- Nytt ungdomsprogram: Skal få Nav-lønn mens de leter etter jobb
Løyver millionar til forsking
Nyleg løyvde regjeringa over 100 millionar til forsking på utanforskap.
Men verken Frp-leiar Sylvi Listhaug eller Henrik Asheim (H) er imponert. Listhaug seier Framstegspartiet foreslår å løyve ein milliard ekstra til å byggje opp alternative opplæringstilbod.
– Det trengst pengar til alternative opplæringstilbod, ikkje først og fremst forsking. No må vi sørge for at ungane våre kan lukkast, i staden for å få brote ned sjølvtilliten, slik mange opplever, seier Listhaug.
Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun, peiker på at regjeringa brukar over 100 milliardar på grunnskuleopplæring i Noreg kvart år.
– Med så store ressursar skal vi klare å gi alle elevar ein skule der dei får oppleve både læring og trivsel. At vi samstundes forskar på korleis vi framover kan gjere skulen endå betre, er inga motsetting, seier ho.
Ho peiker på at det er kommunen som har ansvar for det lokale opplæringstilbodet. Men ho vil oppfordre alle kommunar om å prioritere tiltak som gir meir og betre læring i skulen.
– Har ikkje noko anna å gå til
Renato Edley (37) har sona si samfunnsstraff på garden utanfor Ålesund. No er han der frivillig for å få rutinar og arbeidspraksis.
Det gir meining i livet.
– Eg synest det er kjempegøy. Noko eg treng i kvardagen min, for eg har ikkje noko anna å gå til, seier han.
Han skulle ønske det var eit tilbod som dette då han gjekk på skulen. Då hadde kanskje livet hans dei siste 20 åra sett annleis ut.
– Eg var ikkje så flink på skulen. Eg klarte aldri å følge med. Når eg les noko, flyttar orda på seg. Men når Mats viser korleis ein gjer ting, så klarer eg det. Det tar meg ti minutt, seier han.
Arbeidet på garden gir han meistring, og ei god kjensle.
– Å komme heim, ta seg ein dusj og legge seg på sofaen etter ein dag her, det kjennest veldig, veldig godt.
Britanius og frivillig mentor Jan Kristoffersen.
Foto: Remi Sagen / NRKNo er også Britanius klar til å ta imot nye ungdommar og lære dei opp i det praktiske arbeidet på garden.
– Eg trur nesten alle kunne hatt godt av eit tilbod som dette, seier 13-åringen.
Publisert 08.08.2025, kl. 07.59