18 er omkomne og 27 000 menneske er evakuerte frå heimane sine.
Tørt vêr og kraftige vindkast skaper utfordringar i sløkkingsarbeidet.
Eit helikopter som tok del i sløkkingsarbeidet har styrta. Piloten er stadfesta omkomen. Det skriv nyhendebyrået Yonhap.
Totalt er fem personar som jobbar med sløkking av brannane døde.
Andong i Nord Gyeongsang-provinsen er éin av byane som er råka av skogbrannane.
Foto: YONHAP NEWS AGENCY / ReutersSkogbrannane i sørlege Sør-Korea blir skildra som noko av det verste i sørkoreansk historie.
Store øydeleggingar
Meir enn 200 bygningar skal vere øydelagde av flammane. Blant desse er eit 1300 år gammalt buddhistisk tempel, men også fabrikkar og bustadområde.
Regjeringa har erklært unntakstilstand i fire regionar - Sinwon-ri, Unmun-myeon, Cheongdo-gun og Nord-Gyeongsang-provinsen. Dødstala er aller høgast i sistnemnde.
Mange av dei som bur i Nord-Gyeongsang er eldre og er difor særleg sårbare i brannane. Dei fleste av dei omkomne er 60 år eller eldre. Fleire av dei 14 omkome i regionen døde under evakuering. Det skriv The Korea Herald.
Ein fabrikk som lagar dyrefôr er blant bygningane som er øydelagde i brannane.
Foto: YASUYOSHI CHIBA / AFPYtterlegare seks personar er alvorleg skadde medan 13 personar har fått lettare skade som følgje av brannane.
Fungerande president i Sør-Korea, Han Duck-soo, seier at brannane byrja fredag førre veke og at det har utvikla seg til å vere ein av dei verste brannane landet har sett.
Fungerande president Han Duck-soo talar til folket om skogbrannane som har herja i landet sidan fredag.
Foto: Hong Hae-in / AP– Vi må konsentrere oss om ferdigheitene vi har for å få ein slutt på skogbrannane resten av denne veka, sa Han.
Han la til at situasjonane «ikkje er bra».
Rundt 4650 brannkonstablar, soldatar og anna personell, i tillegg til 130 helikopter, har vore med i sløkkingsarbeidet.
Klimaendringane har skulda
Ein ekspert på skogkatastrofer, Lee Byung-doo, ved Nasjonalt Institutt for Skogvitskap i Sør-Korea peikar på klimaendringar.
– Vi må innrømme at store skogbrannar kjem til å skje oftare og for dette treng vi fleire ressursar og kompetent arbeidskraft, seier Lee til Reuters.
Lee seier at skogbrannar skjer oftare på uvanlege tidspunkt og nemner brannane i Los Angeles i januar og ein nyleg brann i nordaustlege Japan.
Fjoråret var det varmaste i sørkoreansk historie. Ifølgje den meteorologiske administrasjonen i Korea var gjennomsnittstemperaturen 14.5 grader celsius. Det er to grader meir enn gjennomsnittet dei 30 siste åra som har lege stabilt på 12.5 grader.
Publisert 26.03.2025, kl. 07.30