Brann i einebustad i Bergen: – Flammane stod over taket

4 hours ago 3


Ein einebustad i Bergen blei meld overtent i 04.00-tida i natt, og stod ikkje til å redde.

– Flammane stod over taket da vi kom til staden, seier innsatsleiar i Bergen brannvesen, Johnny Tverlid til Bergensavisen.

Huset står aleine og det var aldri fare for at brannen skulle spreie seg til andre bygningar.

Brann i Fana

Innsatsleiar Johnny Tverlid i brannvesenet.

Foto: Mads Trellevik / BA

Klokka halv sju onsdag morgon går det føre seg ettersløkking på staden.

– Brannvesenet komme til å jobbe på staden utover dagen, seier operasjonsleiar i politiet, Frode Kolltveit, til Bergens Tidende.

Publisert 15.01.2025, kl. 06.54

Read Entire Article