Det skal vere opne flammar som kjem ut av taket på bygninga som ligg midt i Ålesund sentrum. Bygninga er eigd av Sparebanken Møre.
Alle naudetatane rykte ut til staden.
– Det er røykutvikling og observert flammar. Flammane var synlege frå utsida, sa Rian Morrison, ved 110-sentralen i Møre og Romsdal i 15.40-tida.
Christian Vegsund, innsatsleiar i politiet, seier at brannen har starta i øvre del av bygninga.
Brannvesenet jobba for å hindre at brannen skulle spreie seg vidare i bygninga eller til nabobygg.
Rundt 16.40 melder politiet at brannvesenet byrjar å få kontroll.






Det er opne flammar frå bygget i Ålesund sentrum
TipserTo til legevakt
Personar blei evakuerte frå bygninga som følge av brannen.
– Det er ein del folk, det er eit forretningsbygg og det er bustadar i same kvartal, opplyser Morrison i brannvesenet.
Rundt klokka 16.00 melder politiet at alle personane i bygninga er gjort greie for.
Politiet melder at 81 personar har blitt evakuerte. To personar er sendt til legevakt.
– Ein arbeider som jobba på taket har fått i seg røyk då han forsøkte å sløkke brannen, seier Ragnvald Rasmussen, operasjonsleiar i politiet.
Ein anna person har også fått i seg røyk og ei mogleg brannskade på ei hand, melder politiet.
Elles er det ikkje meldt om at andre personar skal ha fått i seg røyk, ifølge politiet.
Politi og brannvesen har rykt ut til staden.
Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRKUnder oppussing
Bygninga til Sparebanken Møre, der det brenn, er under oppussing.
Det er usikkert om det er arbeid på staden som har ført til brannen, fortel Christian Vegsund, innsatsleiar i politiet.
– Det er hovudhypotesen vår. Vi har starta ei etterforsking og så får vi sjå kva den viser.
Bygget det brenn i ligg ut mot Keiser Wilhelms gate i Ålesund sentrum.
Eigedomssjef i Sparebanken Møre, John Egil Giørtz Jacobsen, seier han sjølv var på arbeid i nabobygget då han oppdaga brannen.
No står han og ser på sløkkingsarbeidet.
– Vi har kome oss ut og ser på at brannvesenet er oppe og sløkker.
Han seier alle som jobba med byggeprosjektet er ute og at det ser ut for at brannvesenet har kontroll.
Brannvesenet har rykt ut mannsterke på brannen.
Foto: Kaspar Fredrik Selvik / NRKHar stengt av gater
Det er så langt uklart om brannen kan spreie seg til andre bygningar i område.
– Det er eit nabobygg som er tett inn til det som brenn. Vi kjem til å evakuere det, men det er uvisst om det er folk der, seier Vegsund i politiet.
Politiet har stengt ulike vegar i sentrum av Ålesund som følge av brannen. Politiet jobbar med dirigering på staden.
Gatestoppet til busselskapet Fram i Keiser Wilhelms gate, som ligg like ved, er stengt som følge av brannen.
I mellomtida blir stoppet ved den gamle rutebilstasjonen og ved Rådhuset brukt.
Enkelte gater i Ålesund sentrum er stengde på grunn av brannen.
Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRKPublisert 23.04.2026, kl. 15.48 Oppdatert 23.04.2026, kl. 16.59













English (US)