Årets verdsøkonomiske forum i Davos går mot slutten etter ei veke prega av stor geopolitisk spenning.
– Den geopolitiske situasjonen er den mest krevjande sidan 1945, seier Børge Brende til NRK.
Brende er president og dagleg leiar i World Economic Forum.
Han har hatt rolla sidan 2017, og var før det mellom anna utanriksminister i Solberg-regjeringa og ein sentral Høgre-politikar.
– Kunne ha gitt varige skadar
Sjølv om tonen mellom allierte har vore hard, meiner leiaren for forumet at verdsøkonomien så langt har klart seg betre enn venta.
– På byrjinga av veka venta vi, gjennom nye berekningar, høgare økonomisk vekst i år enn i fjor, altså 3,3 prosent.
Brende seier stemninga tidleg i veka var langt meir alvorleg enn det den blei etter at situasjonen rundt Grønland roa seg.
– Eg var ganske pessimistisk. Då var det ei eskalering som kunne ha gitt varige skadar på forholdet mellom USA og Europa.
Dette overraska Brende:
Han fortel at han var tett på samtalane mellom den amerikanske delegasjonen og Nato.
– Eg oppfatta at USA ville varsle i talen at militær bruk overfor Grønland ikkje var aktuelt, og eg visste også at det skulle vere møte med Mark Rutte.
Brende peikar på at det i timane etter Trumps tale også kom signal om at straffetollen mot Europa blei lagt bort.
Trump hevda etter møtet med Nato-sjef Mark Rutte at det fanst ei rammeavtale for Grønland og Arktis, noko som seinare blei avvist av Nato, Danmark og Grønland, melder Ritzau.
Emmanuel Macron er blant fleire europeiske leiarar som har stilt seg bak den danske statsministeren Mette Frederiksen etter utsegn og truslar knytte til Grønland.
Foto: AFPDet er framleis fleire uklarleikar rundt avtala.
Ståande applaus for Canadas statsminister
Etter flytrøbbel kom USAs president Donald Trump fram til Sveits.
Mange var spente på talen hans, etter fleire utsegner om Grønland og truslar om toll mot land som støtta Danmark.
– Det var som venta ein typisk Trump-tale.
Den kanadiske statsministeren Mark Carney fekk ståande applaus i Davos, då han åtvara mot «å tru at den gamle verdsordenen kjem tilbake».
– Vi skal ikkje sørge over den. Nostalgi er ikkje ein strategi, sa Carney.
Han åtvara også mellomstore land mot å bli ståande utanfor nye maktblokker.
– Mellomstore land må stå saman, for viss du ikkje sit ved bordet, står du på menyen.
Ifølge Brende var kontrasten mellom Carneys tale og Trumps tale tydeleg.
– Det var som eit hav mellom dei, ein skulle ikkje tru dei hadde felles grense.
Han meiner mange reagerte positivt på Carneys vektlegging av regelbasert samarbeid.
Canadas statsminister Mark Carney.
Foto: Mathieu Belanger / Reuters / NTB– Den nye verdsordenen må ikkje vere basert på jungelens lov, men på respekt for suvereniteten til kvart enkelt land og eit regelverk for samarbeid.
Fleire ser mot nye partnarar
Fleire land styrker no samarbeidet med andre partnarar enn USA.
Handelssamtalane mellom USA og India er sette på pause, medan India har intensivert dialogen med Europa.
EU-kommisjonens president Ursula von der Leyen sa i Davos at EU no er nære ein historisk frihandelsavtale med India. Her saman med utanrikssjefen i EU, Kaja Kallas.
Foto: FREDERICK FLORIN / AFP / NTBEU-kommisjonens president Ursula von der Leyen reiser til India neste veke for å arbeide vidare med ei mogleg handelsavtale, ifølge Reuters.
Også Canada har nyleg styrkt det økonomiske samarbeidet med Kina, melder BBC.
– Kina har jo også vore ein vinnar i den hyperglobaliseringa som har skjedd, seier Brende.
Ifølge Børge Brende har Kina vore ein vinnar av globaliseringa og kan sitje roleg medan USA og Europa er i konflikt. Her er Kinas visestatsminister He Lifeng.
Foto: MAXIM SHEMETOV / AFP / NTB– Trur ikkje det er fullt mogleg å reparere
På spørsmål om han merka reell uro for Nato-samhaldet blant deltakarane, svarer Brende:
– For sterke Nato-tilhengarar var det stor uro.
Han understrekar samstundes at forholdet mellom USA og Europa framleis er krevjande.
– Eg trur ikkje det er fullt mogleg å reparere det på kort og mellomlang sikt, men då det kom ei avtale såg eg meir grunn til håp.
USAs finansminister Scott Bessent bad europeiske allierte om å «ta eit djupt pust» og ikkje svare med mottiltak i Davos denne veka.
Foto: Louiza Vradi / Reuters / NTBDette seier Brende om forholdet mellom USA og Europa:
Vil ikkje svare om Trumps «fredsråd»
Trump har lansert eit «fredsråd», som han meiner skal få ei sentral rolle i internasjonale konfliktar.
Brende seier forumet la til rette for at lanseringa av rådet kunne skje i Davos, men at aktørane sjølve må stå for vidare prosessar.
– Dialog er ein føresetnad for å flytte verda framover, men vi kan ikkje tvinge fram løysingar.
Han seier forumet kan samle partar, men ikkje avgjere utfallet.
– Vi kan føre hestane til brønnen, men vi kan ikkje tvinge dei til å drikke. Akkurat no kjennest det som om hestane ikkje er så tørste.
På spørsmål om Brende sjølv har fått ein konkret førespurnad om å sitje i rådet, vil han ikkje svare.
Interessert i meir utanriks? Lytt til denne podkasten:
Publisert 23.01.2026, kl. 15.24

















English (US)