Blodraude børstal i Asia etter at Trump varsla straffetoll

3 hours ago 3


Tysdag innfører USA 10 prosent tilleggstoll på varer importerte frå Kina.

Resultatet er ein kraftig børsnedgang i Asia.

I Hongkong har HSI-indeksen falle 1,9 prosent. Den japanske Nikkei-indeksen går ned 2,4 prosent, den sørkoreanske Kospi-indeksen 2,8, og den australske ASX 200-indeksen 1,7.

Kina er sterkt kritisk til den amerikanske straffetollen, men er open for å forhandle, skriv den amerikanske avisa Wall Street Journal.

Trump sine straffetollar vil råke norske lommebøker, seier NRK-kommentator Cecilie Langum Becker.

USA sine straffetollar har også ført til kraftige fall i alle dei store kryptovalutaane, skriv E24.

Bitcoin har falle 6,5 prosent det siste døgnet til kring 93.700 dollar.

Ethereum har falle drygt 20 prosent. XRP og Dogecoin har også hatt tilsvarande fall.

Dette blir spegla på aksje- og valutamarknaden, der den norske krona er kraftig svekka mot den amerikanske dollaren.

Trump-støttespelar i El Salvador

«Gjer Bitcoin storslagent igjen», heiter det på capsen til ein Trump-supportar i El Salvador.

Foto: Jose Cabezas / Reuters

Dollaren styrka måndag morgon

Den amerikanske dollaren blei måndag styrka, medan den kanadiske dollaren og mexicanske pesoen var på sine lågaste på mange år.

Tysdag trer dei amerikanske straffetollane, 25 prosent for begge land, i kraft. Både Canada og Mexico har lova tilsvarande tollar mot USA.

Når det på nytt blir morgon i USA, har Donald Trump sagt at han skal ha samtalar med statsleiarane i dei to landa.

Kva veg handelskrigen vil gå er «umogleg å seie», meiner sjefsstrateg i Nordea Markets, Erik Bruce.

Erik Bruce er sjefanalytiker i Nordea Markets.

Erik Bruce seier Trump allereie har gått lengre med trugslane om straffetoll enn mange ville trudd.

Foto: Alf Simensen

– Det kan godt vere at Canada og Mexico gir ting som gjer at han stoppar opp, seier han til NRK.

– Til sjuande og sist trur eg at amerikansk næringsliv, aksjemarknaden og rådgivarane hans vil snakke Trump til fornuft på dette området.

Tollsatsar på varer frå EU-land, varslar Trump at vil kome «ganske snart»

Publisert 03.02.2025, kl. 07.11 Oppdatert 03.02.2025, kl. 07.20

Read Entire Article