Glefsande drakar og tradisjonelle ornament reiser seg mot himmelen i Hardanger. Og i fornemme Holmenkollåsen i Oslo.
Stavkyrkje-bygget på TV-profilen Lothepus sin campingplass i Hardanger var ferdig i fjor. Og det er kalla blodharry, kitsch og dårleg smak.
Medan Frognerseteren restaurant i Oslo er høgt akta og blir rekna som noko vi skal vera svært stolte av.
Haakon Wium Lie frå Arkitekturopprøret meiner Frognerseteren og Lothepus sitt bygg er eigentleg same greia.
Foto: Frode Fjerdingstad / NRK«Same greia»
– Eg trur mange av dei som meiner stavkyrkja til Lothepus er harry, likar Frognerseteren restaurant, seier Håkon Wium Lie frå Arkitekturopprøret.
Han trur ikkje folk har tenkt over at begge desse bygga har henta stilen sin frå stavkyrkjene som vart bygde nesten tusen år før.
– Frognerseteren blei reist i 1890 av Oslo kommune. Den var jo kopiert frå stavkyrkjer.
Han peikar på ornamentikken, slik som dei glefsande drakehovuda på taket.
– Dette er mykje likare stavkyrkja til Lothepus enn vi likar å tenkje på, eigentleg. Så det er blodharry når Lothepus gjer det, men kulturarv når eliten står bak.
Å hente stil frå stavkyrkjer var ikkje vanleg på den tida då Frognerseteren var nybygg.
– Men når Lothepus no gjer det same i Hardanger, blir det altså av mange dømt som dårleg smak og «kitsch», seier Wium Lie.
Turistar seier ja, men Danby seier nei
Då «kyrkja» opna i sommar, reagerte mange på at det blei kalla ei stavkyrkje. Men bygget blei raskt ein turistmagnet.
Den store debatten tok av då stavkyrkje-versjonen i Odda fekk Hedersprisen av Arkitekturopprøret før jul. Og no blussar han opp igjen.
Subjekt-redaktøren Danby Choi.
Foto: Frode Fjerdingstad / NRKSubjekt-redaktøren Danby Choi er blant dei som slaktar prosjektet.
– For meg minner det om eit slags Chinatown i eige land, heller enn at det faktisk gjer stas på stavkyrkjetradisjonen til Noreg.
– Det er eit resepsjonsbygg for ein campingplass. Camping-Laila og bubilfolket jublar, og det er blitt et slags Shangri-La for dei, meiner Choi.
Han er ikkje samd i at Frognerseteren er «same greia» som stavkyrkja til Lothepus.
– Drakane og andre element ved det bygget er henta frå stavkyrkjer – kopiert frå tidlegare historie.
Men den vesentlege forskjellen er at dei som skapte Frognerseteren restaurant ikkje har kopiert alt, men heller late seg inspirere, seier Choi.
Han meiner Lothepus har laga ein rein kopi av ei stavkyrkje.
– Eg synest det er blodharry, rett og slett fordi det er ein kopi, seier Choi.
Egne teikningar og utskjeringar
At dei har bygd ein kopi i Odda, vil ikkje Lothepus ha på seg.
– Mange meiner det er ein kopi, men det er berre vas.
Han fortel at dei har laga eigne teikningar og utskjeringar, og brukt stavar og stolpar slik ein gjorde i stavkyrkjer. Men at Odda-versjonen er bygd etter eigne prinsipp, med svært god kvalitet.
– Det er ikkje plastikk-fantastisk. Det er skikkeleg snekkararbeid.
Frognerseteren restaurant i Holmenkollen
Foto: Ismail Burak Akkan / NRKFantasibygning
Han synest Frognerseteren restaurant er eit tøft bygg, men meiner det ikkje liknar bygningar som vart laga i stavkyrkjetida.
Lothepus skildrar restauranten som ein kafé med preg av mellomalder. Med drakestil, men også nokre normale piper og delar av bygninga som ikkje er som dei gjorde på den tida.
– Det er jo ingenting som heng saman, da. Dette er jo ein fantasibygning, seier Lothepus.
I november 2025 kunne bygget til Lothe pryda seg med pris for årets vakraste nybygg i Arkitektopprøret.
Foto: Tale Hauso / NRK
Danby Choi på si side gir Lothepus-bygget ein sjanse i eit hundreårsperspektiv:
– Det kan hende at Lothepus si såkalla stavkyrkje får noko meir affeksjonsverdi om hundre år. Vi menneske er ganske enkle, og hundre år gamle ting blir vi glade i og tar vi vare på.
Publisert 22.01.2026, kl. 05.30
















English (US)