Blir NRK-ekspertar – heldt OL-beskjed skjult for familien

8 hours ago 3


– Ein går jo inn i det med litt ærefrykt. Vi skal levere for det norske folket på ein litt annan måte enn det vi har gjort før, seier Johannes før storebror legg til:

Det er jo litt spennande om du klarer å meistre det. Heldigvis skal vi snakke om noko vi har ferske minne om, så eg trur vi skal klare å komme med nokre gode analysar. Så får vi sjå om vi får uvenner på det norske landslaget, seier Tarjei.

Latteren sit som vanleg laust når dei to brørne blir tildelte kvar si raude jakke. 250 dagar etter at dei gjekk sine siste renn, ikler dei seg nå NRK-tøyet.

Vi skal inn i «raudjakkealliansen», vi har høyrt masse om han, seier Johannes.

Brødreparet skal tilbake til Anterselva, årets OL-stadion for skiskyttarane, men denne gongen blir alt annleis.

Det er jo lett å få ein liten isfront mellom media og utøvar. Det veit eg av erfaring frå før, men eg har skapt tillit til journalistar før, og eg håpar at både eg og Tarjei kan vise oss tilliten verdig til å komme i dialog med utøvarane på ein god måte, seier Johannes.

Det skulle jo vere den store avslutninga mi

Nokon som også skal til Anterselva, er svigerforeldra til Johannes Thingnes Bø. Planen var eigentleg at dei skulle sjå han i aksjon, men slik blei det altså ikkje.

Plutseleg så endra jo planane seg betrakteleg, seier yngstebroren.

For då han valde å legge opp, heldt han løyndommen skjult – også for svigers.

Dei var klare for å oppleve OL på nært hand i Italia. Aller helst med meg på startstreken – og det skulle jo vere den store avslutninga mi. Det var noko dei hadde sett fram til, seier Johannes.

Slik blei det altså ikkje.

Ulike «avslutningsstrategiar»

Då han annonserte karriereslutt sat nemleg svigerforeldra igjen med fly- og stadionbillettar til ein olympisk meisterskap svigersonen ikkje skulle delta i.

– Dei er nede i OL i første halvdel, når eg ikkje er der. Og så møtest vi vel på Gardermoen for å byte plassering. I februar kjem vi truleg ikkje til å sjå kvarandre. Eg var glad det ikkje var fleire i nær krets som hadde bestilt, for det var faktisk noko eg tenkte på, seier han.

Der veslebror heldt tett om karriereslutt til alle i nær krets, valde storebror ein annan strategi.

– Varsla du nokon i familien før det blei slutt?

– Det var ingen svigerforeldre som bestilte OL-billett, fortel Tarjei, og utdjupar.

Han hadde nemleg varsla kona på førehand om at dette var hans siste sesong, men han visste ikkje når han skulle fortelje omverda om det. Då han sikra siste verdscupsigeren i Anterselva under fjorårssesongen, bestemte han seg.

  • Brørne Bø med kroner etter sitt siste renn i Holmenkollen

    TAKKA AV SOM KONGAR: Heile Holmenkollen, som var fylt til randa, tok avskjed med Bø-brørne i mars.

    Foto: Mathias Bergeld / Bildbyrån
  • Brørne Bø saman før et pressetreff

    DEN GONG DÅ: I 2012 fekk Johannes Thingnes Bø beskjed om at han var inne på landslaget. Sidan har dei to vore eit radarpar med flagget på brystet.

    Foto: Heiko Junge / NTB
  • Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø vekslar

    I AKSJON: Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø har vore faste innslag på diverse stafettlag. Her frå VM i Kontiolahti i 2015 der Noreg tok bronse på blanda stafett.

    Foto: M. OBERLAENDER / Bildbyrån
  • Skiskyttar-gutane feirar gull etter stafett under VM i Holmenkollen i 2016

    IKKJE FRAMAND FOR Å FEIRE: Tarjei Bø sprett champagne-korken etter VM-gull på stafett på heimebane i Holmenkollen i 2016.

    Foto: Vidar Ruud / NTB
  • Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø smiler til kamera med familien i bakgrunnen

    FAMILIEN SAMLA: Brørne feirar stafettgull under VM i Östersund i 2019 saman med familien. Bakarst frå venstre: Gita Simonsen (kona til Tarjei Bø), Hedda Dæhli Bø (kona til Johannes Thingnes Bø) og far Klemet Bø.

    Foto: PETTER ARVIDSON / Bildbyrån
  • Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø holder opp medaljar framfor kamera

    MEDALJEKONGAR: Frå OL i Beijing i 2022. Til saman tok brørne 16 OL-medaljar: Johannes Thingnes Bø har ni medaljar og Tarjei Bø har sju medaljar.

    Foto: VEGARD GRØTT / Bildbyrån

La opp med fem dagars mellomrom

Begge brørne gjekk sine siste renn i Holmenkollen i mars 2025.

Johannes Thingnes Bø blir ofte omtalt som ein av dei største skiskyttarane i historia. Annonseringa av karrierepunktumet kom brått og uventa, då han fortalde omverda om det i januar 2025.

– Det er veldig sjokkerande, sa NRKs skiskyttarekspert Marte Olsbu Røiseland då det blei annonsert i Rupholding.

Thingnes Bø står med flest VM-gull i historia, både individuelt og medrekna stafettar. Totalt står stryningen med 91 sigrar på høgaste nivå gjennom karrieren.

Tarjei Bø står på si side med 15 individuelle sigrar i verdscupen, 12 VM-gull og 3 OL-gull (inkludert stafettar). Storebror Bø vann også verdscupen samanlagt éin gong, tilbake i 2010/2011-sesongen.

Han annonserte karrierepunktumet sitt i OL-landsbyen Anterselva under fjorårssesongen då han tok andre sigeren i sesongen i verdscupen. Dette var berre fem dagar etter at veslebror la opp.

Til saman står brørne med 144 sigrar på høgaste nivå – og heile 773 startar i verdscupen (!).

No blir dei altså ekspertar under OL. Meisterskapen varer frå 6. til 22. februar, og blir send på NRK.

– Vi er utruleg glade for å få legendene Tarjei og Johannes med på OL-laget. Skiskyting står utruleg sterkt hos det norske folket, og saman med Marte Olsbu Røiseland toppar vi verkeleg ekspert-laget til Anterselva og Dei olympiske leikane, seier NRKs sportsredaktør Espen Olsen Langfeldt.

Publisert 28.11.2025, kl. 15.59

Read Entire Article