Blir hetsa av sine eigne etter uttaket – NRK-ekspert sjokka

3 days ago 3


– Korleis i h******* klarte han det?

– Noreg må f*** meg vere desperate.

– Håplaus.

Dette er berre nokre av dei snaue 200 kommentarane som skotske Rangers har fått på sin X- og Instagram-profil etter at dei la ut at Thelo Aasgaard er klar for VM-troppen til Noreg.

Thelo Aasgaard

VARIERANDE SESONG: Aasgaard har hatt ein varierande sesong for Rangers.

Foto: ANDY BUCHANAN / AFP,NTB

Mange av kommentarane er for grove til å bli sette på trykk. Fleire av dei er også skrivne av brukarar som tilsynelatande er Rangers-fans.

I kommentarfeltet har også andre tatt til motmæle og kritisert hetsen av Rangers-spelaren.

– Eg snakkar med gode folk

Den norsk-britiske spelaren var kanskje den største overraskinga da Ståle Solbakken tok ut troppen for ei veke sidan.

Om dei hetsande kommentarane, seier Aasgaard:

– Det kjem når du speler for ein så stor klubb som Rangers. Det er normalt. Eg prøver å snakke med gode folk som Ståle (Solbakken) og Danny Röhl (Rangers-trener). Dei har berre gode ting å seie, eg fokuserer på det.

– Kva tenker du om at folk bruker tida si på å skrive slike kommentarar?

– Eg les det ikkje. Det er berre du som fortel meg det, svarer Aasgaard til NRKs reporter.

Skjermbilde fra Rangers' Instagram-konto

INSTAGRAM-BILDE: Det var under denne posten at kommentarfeltet kokte.

Foto: Skjermbilde fra Rangers' Instagram-konto

Ekspert: – Sjokka

NRK-ekspert Kristoffer Løkberg fekk sjølv med seg kommentarfeltet under posten til Rangers.

Han trudde nesten ikkje det han så.

– Det er forkasteleg. Om du går inn og les dei kommentarane, begynner du å lure på kven alle desse menneska er. Kva er det som bur i deg når du klarer å lire av deg noko sånt om eit anna menneske?, spør Løkberg.

Han peikar på at det er eit større problem enn berre hets mot fotballspelarar.

Mann i brun jakke og hvit kragegenser ser mot kamera. Bak ham er et bilde av en fotballspiller og en grønn bakgrunn med en logo. Han har kort, lyst hår og blå øyne. Bildet er tatt på nært hold. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

EKSPERT: NRK-ekspert Kristoffer Løkberg.

Foto: Henrik Myhr Nielsen / NRK

– Ein ting er fotballspelarar, men det finst mange unge menneske som kan bli prega for livet av liknande. Så får vi håpe for Thelos del, at han børstar det av seg og veit at dette dessverre berre er ein del av gamet, seier eksperten.

Landslagskollega Torbjørn Heggem meiner det er lurast å halde seg unna sosiale medium.

– Det er jo sånn fotballen er, dessverre. Thelo er ein utruleg god fotballspelar og er med i den norske VM-troppen, seier Heggem og legg til:

– Toppane er høge, men dalane er også veldig låge. At ein ikkje får med seg alt mogleg som blir skrive, er sikkert lurt.

  • Her ser du Aasgaard sette inn si fjerde skåring for dagen i VM-kvalikkampen mot Moldova

Thelo Aasgaard skåra fire mål (!) mot Moldova i VM-kvaliken. Bilde frå TV 2

Var med familien da han blei tatt ut

Aasgaard har nettopp lagt bak seg ein varierande debutsesong for den skotske storklubben Rangers. Det blei til slutt 48 kampar i alle turneringar, 20 av dei som innbytar.

– Sesongen var litt opp og ned med Rangers, men eg meiner eg har spelt bra for Noreg. Eg er veldig glad for å vere her, seier Aasgaard.

Han meiner likevel at det var nokre positive Rangers-opplevingar som han og laget kan ta med inn i neste sesong.

– Eg måtte vere sterk i hovudet i nokre periodar, men det var mange gode kampar, meiner landslagsprofilen.

Han innrømmer at uttaket var ein stor augeblink for han.

– Det var veldig gøy. Eg var med heile familien da eg såg videoen, seier Aasgard.

Måndag ventar Sverige på Ullevaal til treningskamp. Deretter dreg Aasgaard og resten av laget til USA.

Illustrasjon av en jublende Erling Braut Haaland

Går Norge videre fra gruppa?

Jo, dette ser lyst ut

73 % sannsynlighet

Norge kunne ikke bedt om et bedre kampoppsett: Først venter antatt svakeste motstander, Irak, der en seier vil senke de norske skuldrene.

Samtidig må Senegal bruke masse krefter mot Frankrike, og Frankrike står fort med to seire – og kanskje foten litt av gasspedalen – før siste kamp mot Norge.

Kristoffer Løkberg

Kristoffer Løkberg NRKs fotballekspert

Sannsynlig plassering i gruppa

1.- og 2.-plass – går videre

Frankrike • sannsynlig 1.-plass (45 %)

Norge • sannsynlig 2.-plass (29 %)

3.-plass – kan gå videre*

Senegal • sannsynlig 3.-plass (28 %)

*8 av 12 3.-plasser går videre. Senegal er sannsynligvis blant de åtte beste treerne, ifølge NRKs beregninger.

4.-plass – går ikke videre

Irak • sannsynlig 4.-plass (55 %)

Publisert 29.05.2026, kl. 19.03 Oppdatert 29.05.2026, kl. 19.22

Read Entire Article