Blir fort heitt i hekken: – Ei brannbombe

3 weeks ago 8


Tidlegare i sommar skulle Jonas Aakre berre ta ein liten sving med grasbrennaren for å fjerne ugras heime i hagen i Lier - slik han har gjort så mange gonger før.

Jonas Aakre står foran hekken som brant i mai.

Jonas Aakre framfor den no litt triste hekken heime i Lier.

Foto: Privat

«Foof».

Plutseleg stod hekken i full fyr.

– Eg kasta meg over vasslangen, og begynte å spyle. Men eg skjønte med ein gong at eg har ikkje sjanse.

Tok fyr på få sekund

Medan naboane kom til med pulverapparat og vassbøtter, innsåg Aakre at han var nøydd til å ringje brannvesenet.

– Det var viktig at naboane kom, for pulverapparatet hadde liksom ein heilt annan effekt. Me fekk ikkje sløkt brannen, men det bremsa den i alle fall litt.

Etter ti minutt kom brannvesenet og fekk sløkt brannen.

– Tar lett fyr

I løpet av våren og sommaren har det vore fleire brannar på Austlandet der opphavet til brannen har vore det same:

Hekk.

I nokre av tilfellene har brannen også spreidd seg til hus eller andre bygnader. I mai brann eit hus ned til grunnen i Bærum.

Brann i hekk, og særleg av typen tuja, er noko brannvesenet relativt ofte rykker ut på.

en person som står foran en busk

Kristin Grydeland, informasjonskonsulent i Drammensregionens brannvesen.

Foto: Juni Hoem / NRK

– Tujahekken har ein slags oljesubstans i blada som gjer at den lett tar fyr, fortel Kristin Grydeland, informasjonskonsulent i Drammensregionens brannvesen.

Den er ofte grøn og fin på utsida, og funkar bra som skiljevegg mellom deg og naboen. Det er truleg også derfor den er minst like utbreidd som stakittgjerde i norske hagar.

en gruppe busker foran et hus

Tujahekken er ein gjengangar i norske hagar.

Foto: Brynjulf Litlere/Planteguiden

– Men den er ofte ganske tørr inni. Og det er også veldig vanleg å sette opp grill ikkje så langt unna hekken..., seier Grydeland.

Jonas Aakre i Lier er heller ikkje åleine om å bruke propanbrennar for å fjerne ugras i hagen. Dette er det mange som gjer.

Slike brennarar er også ei kjent brannårsak for brannvesenet.

– Me har hatt fleire tilfelle tidlegare i sommar, der ugrasbrennarar har starta brann. Du skal vite veldig godt kva du gjer, og vere klar over kva det kan føre til viss du skal bruke ein slik brennar.

Rester av hekken i Lier som brant i mai.

Den nedbrente hekken til Jonas Aakre står tett på fleire hus.

Foto: Privat

– Vart heilt sett ut

Hos Jonas Aakre i Lier, gjekk det heldigvis bra med både hus og folk.

Men 15 meter av hekken, som elles dekker tomta på tre sider, står no att som eit nedbrent sår.

– Eg vart heilt sett ut av kor fort det gjekk. Den hekken har liksom alltid berre vore der. Og eg har halde på i nærleiken av den, utan å tenke på det. Men den er jo ei brannbombe, eigentleg.

Opplevinga vart i høgste grad ein vekker.

Hadde forholda ligge til rette for det, kunne brannen ha spreidd seg til huset berre nokre få meter unna.

Nedbrent hekk i en hage i Lier

Sommarens prosjekt for Jonas Aakre blir å få på plass ny skjerming mot naboen, i staden for den utbrente hekken.

Foto: Privat

Straffa for eigen blemme

Heldigvis gjekk det bra denne gongen, men ...

– Om det kan motivere folk til å vere forsiktige, så kan eg skrive under på at det er veldig kleint å hamne på lokalnyheitene - og å vere han «hekkbrennaren». Det er ei vandring i skammas dal å gå på butikken etter noko slikt, seier Aakre.

Dessutan er «aktlaus bruk av eld» faktisk også straffbart.

– Eg fekk eit førelegg på kring 3000 kroner. Det verste er jo at du øydelegg din eigen eigedom, og at det kan vere skummelt - det er sjølvsagt det mest alvorlege. Men det er altså også slik at politiet fort gjer ei sak ut av det.

I framtida kjem han til å velje andre metodar for å fjerne ugras.

Publisert 25.07.2025, kl. 16.21

Read Entire Article