Stad skipstunnel blir langt dyrare enn Stortinget har sagt ja til, bekrefta Kystverket denne månaden.
Igjen står alt på spel for prestisjeprosjektet.
– Anten skjer det no, eller så skjer det ikkje, ifølge direktør Einar Vik Arset i Kystverket.
Prisen er ikkje kjend, fordi forhandlingane med dei som vil bygge tunnelen, ikkje er ferdig.
Men det er ikkje mogleg å få prisen ned til ramma på 5 milliardar kroner.
Regjeringa svarar ikkje på om dei framleis støtter prosjektet.
Statssekretær Kristina Hansen (Ap).
Foto: NRK– No har vi fått prisen på bordet, og dette kjem til å vurderast opp mot andre tiltak i statsbudsjettet, seier statssekretær Kristina Hansen i Nærings- og fiskeridepartementet.
Tar atterhald
Saka blir no sendt tilbake til Stortinget. Der skal politikarane igjen bestemme om tunnelen skal byggast.
Allereie er det brukt fleire hundre millionar på tunnelen. Prosjektet er omstridd på grunn av diskutabel samfunnsøkonomisk nytte.
Fleire nyttar det som eksempel på statleg sløsing.
Dei fleste partia seier dei støtter prosjektet – men tar atterhald om prisen.
Tunnelen har vore planlagt og greia ut i ein generasjon.
Foto: Kystverket/Snøhetta– Frp sitt klare utgangspunkt er at Stad skipstunnel skal byggast, seier nestleiar Terje Søviknes.
– Men når det no kjem nye opplysningar rundt kostnadsramme, så må vi vurdere på nytt, legg han til.
Høgre seier dei vil strekke seg langt for å realisere tunnelen – men kor langt?
– Det er umogleg å seie, seier fiskeripolitisk talsperson Olve Grotle (H).
Nestleiar Terje Søviknes i Frp seier partiet må ta ei ny vurdering når prisen blir kjend.
Foto: n637485Meiner Ap skygger banen
Senterpartiet, som er sterk tilhengarar av prosjektet, meiner regjeringa er unnvikande om saka.
– Det er urovekkande stilt frå Arbeidarpartiet. Dei er veldig høgt på bana om jernbaneprosjektet austpå. Eg skulle ønske dei var like tydelege om Stad skipstunnel, seier Erling Sande (Sp).
Planen har vore å starte bygging neste år. Da må regjeringa gi pengar til tunnelen i statsbudsjettet i oktober.
– Politikk er jo prioritering, så det vil bli kjent når vi leverer forslag til statsbudsjett, seier statssekretær Hansen.
Heiko Junge / NTB
Høgre, Olve Grotle
Det kan ikkje komme som nokon overrasking at kostnadane blir høgare enn det Stortinget la til grunn for nokre år sidan.
Sidan vi i dag ikkje veit kva prisnivå vi snakkar om, er det ikkje råd å si anna enn at Høgre i lang tid har støtta prosjektet. Vi gjer det framleis, og vi vil strekke oss langt for at det skal bli realisert.
Javad Parsa / NTB
Frp, Terje Søviknes
Frp sitt utgangspunkt er at Stad skipstunnel skal byggast. Men vi må gjere kost-nytte-vurderingar i alle prosjekt. Det blir heilt umogleg å spekulere nå i konkrete beløp, så lenge vi ikkje veit kva entreprenørane har levert av tilbod. Vi må avvente til Stortinget har fått informasjon.
Steinar Lote
MDG, Marius Dalin
Vi meiner dette er vanvettig sløsing med skattebetalaranes pengar. Det er supernegativt. Det er eit tapsprosjekt for samfunnet. Vi burde heller prioritere heilt andre ting, som vegane våre. Tenk på alle dei dårlege fylkesvegane vi har.
Nadir Mohammad Alam / NRK
Sp, Erling Sande
Førre regjering løfta det fram og sa at dette var eit prosjekt vi ville gjennomføre, altså den regjeringa som Senterpartiet var ein del av. Det er urovekkande stilt frå Arbeidarpartiet i denne saka. Dei er veldig høgt på bana om jernbaneprosjektet austpå. Eg skulle ønske de var like tydelege om Stad skipstunnel, som er eit viktig prosjekt for kysten vår.
Nils Ole Refvik
SV, Hege Lothe
Innstillinga mi er at vi skal stå ved Stad skipstunnel. Det blir dyrare, så det er klart at partigruppa må vurdere saka når den kjem til Stortinget. Dette er eit gryteklart prosjekt som vi allereie har brukt mykje pengar på, det må vi fullføre.
NRK
KrF, Jonatan Hurthi
Det er gjort ein voldsomt stor jobb for å legge til rette for at dette skal skje. Nå ser vi at kostnadane er blitt høgare enn forventa, og saka kjem tilbake til Stortinget. Da skal vi jobbe vidare for at den skal bli realisert.
Eirik Pessl-Kleiven / NRK
Venstre, Alfred Bjørlo
Venstre har alltid vore positive til skipstunnelen. Det er eitt einaste større infrastrukturtiltak som er viktig for å få større regularitet i skipstransporten, og det er Stad skipstunnel. Så vi har hele tida meint at dette har vore rett å prioritere.
Rødt
Rødt vil avstå frå å kommentere saka.
– Sløsing
Skipstunnelen har sidan 1990 gått gjennom over 20 ulike utgreiingar.
Det var i 2021 at Stortinget sa ja til å bygge skipstunnelen. Berre MDG stemde imot.
I 2023 kom Kystverket med ny prognose på 7,1 milliardar. Da sette regjeringa prosjektet på pause, men i fjor vart det sendt på anbod.
Tre aktørar har no gitt sine tilbod.
Tunnelen skal gjere det tryggare å segle forbi det vêrharde Stad.
Det er framleis berre MDG som seier rett ut at dei er imot prosjektet.
– Det å bygge Stad skipstunnel meiner vi er vanvettig sløsing med skattebetalaranes pengar, seier MDGs førstekandidat i Sogn og Fjordane, Marius Dalin.
Kystverket har allereie brukt 290 millionar kroner på arbeidet med tunnelen. Mellom anna har dei kjøpt eigedommar.
Kommunane tryglar
I tillegg har kommunar i området brukt 100 millionar kroner på prosjektet. Dei går no saman om for å berge tunnelen.
– Dette er ikkje valkamp – dette er framtida vår, skriv ordførarane i Stad, Vanylven og Kinn i ein felles pressemelding.
Neste steg i prosessen er at Kystverket skal gå i endelege forhandlingar om pris med tilbydarane.
Men Kystverket har ikkje fått grønt lys av departementet til å gå i endelege forhandlingar om pris.
Alfred Bjørlo i Venstre meiner Ap bevisst stikker kjeppar i hjula for prosjektet.
– Det er i tilfelle eit politisk val frå dagens regjering om å forseinke prosessen og prøve å forkludre at vi på får eit reelt tal på bordet så raskt som mogleg.
Statssekretær Hansen vil ikkje kommentere anbodsprosessen.
– Korleis dei interne prosessane forløpar seg, det kommenterer vi ikkje i media, seier ho.
Publisert 25.08.2025, kl. 05.12