Blei stjerne over natta: – Det er jo litt overveldande

1 hour ago 4


– Det første eg legg merke til, er at folk er veldig happy på mine vegner. Og det er jo heilt fantastisk, seier Kristoffer Reitan.

NRK møter golfstjerna medan han er heime i Oslo nokre veker.

Tidlegare denne månaden tok han sin største siger i karrieren, då han gjekk til topps i PGA-turneringa Truist Championship i Nord-Carolina.

– Favorittingen mine etter siger, er jo å opne Snapchat der folk sender videoar og reaksjonar på når du vinn. Det er heilt sjukt å sjå på.

Kristoffer Reitan

HEIME: Sigeren i Truist gjer at Reitan kan dra heim til Oslo i nokre veker.

Foto: Mattis Hvidsten Herning / NRK

28-åringen spelar sitt første år i PGA-touren. I fjor spelte han på europatouren.

– Det å sjå gutane på Eurosport kommentere down the stretch der. Det gir meg mykje glede. Det er vanskeleg å forstå til tider. Men det gir meg utruleg mykje glede, forklarar før han blir avbrote.

Han er midt i å skildre korleis det kjendest å vinne den gjæve turneringa, då ein kjend kar kjem bort og gir Reitan ein klem.

– John Carew. Kjenner de kvarandre?

– Aldri møtt han, ler Reitan og legg til:

– Nei, me har spelt masse golf saman. Så eg har begynt å kjenne han ganske godt. Me skal spele saman på måndag også. Me har spelt mykje saman sidan eg var 16 år eller noko slikt. Han er jo heilt golfgalen.

PS: John Carew er en del av NRKs ekspertkorps under sommerens fotball-VM.

To menn som klemmer. En mann med lue som er tidligere fotballspiller, John Carew, klemmer golfspiller med caps, Kristoffer Reitan.

KJERNEKAR: Reitan skildrar John Carew som ein kjernekar.

Foto: NRK

«Overveldande»

Etter sigeren i Nord-Carolina har livet blitt snudd opp ned for Reitan. Alle veit kven han er og alle vil ha ein bit av han.

– Det er jo litt overveldande òg. At på ein måte, folk du ikkje kjenner i det heile tatt kjem bort og byrjar å jazze deg opp.

Men Reitan, som no har gått forbi Viktor Hovland på verdsrankinga, forklarar at det er hyggeleg å få anerkjenning for jobben som blir gjort.

– Det tappar deg ikkje for energi?

– Eg prøvar å balansere det litt no som eg er heime i eit par veker. Slik at det ikkje berre blir køyr, køyr, køyr, på ein måte. Ein må prøve å byggje litt overskot også.

Kristoffer Reitan

FØRSTE NORDMANN: Reitan er første nordmann som har vunne PGA-turneringa i Nord-Carolina.

Foto: Mattis Hvidsten Herning / NRK

Små marginar

Det er nettopp sigeren i Nord-Carolina som gjer at Reitan kan ta nokre veker i Oslo.

Han forklarar at den største endringa for han som golfspelar er at han får betre spelerettar.

– No kan eg velje litt kva eg skal spele. Det er jo difor eg no er heime i Noreg. No må eg ikkje klamre meg fast i alle moglegheitene eg får. Det er jo litt deilig det også. Å berre bestemme når ein får ta to veker fri. Og ikkje føla at moglegheitene berre glipp frå deg, forklarar han.

For kort tid sidan var det annleis. Og vegen til sigeren i Truist var på mange måtar prega av tilfelle og små marginar.

Kristoffer Reitan

SMÅ MARGINAR: Små marginar førte Reitan til deltaking i Nord-Carolina.

Foto: Mattis Hvidsten Herning / NRK

Måtte vente til «siste liten»

Då sigeren glapp for Reitan i Zürich, glapp også moglegheita for å spele Cadillac Championship i Miami. Nordmannen var sett som førstereserve.

– Det har vore så utruleg mykje som har skjedd. Og kanskje spesielt dei siste to-tre vekene. Der eg ikkje veit om eg får lov til å spele turneringar ein gong.

Men då Jake Knapp måtte trekkje seg på grunn av ein skade, 40 minutt før start, fekk Reitan delta.

– Det har vore vanskeleg å ikkje vita kor ein skal spele og alltid på ein måte vente til siste liten, forklarar han.

Kristoffer Reitan

OVERSKOT: Golfstjerna er i Oslo for å få overskot.

Foto: Mattis Hvidsten Herning / NRK

I Miami leverte han sterkt. Han låg i tetsjiktet heile helga, før han enda på ein 14.-plass etter ei svak avslutning. Plasseringa var avgjerande for at han fekk spele i Truist.

– Det kan skje så sjukt fort, og det er det eg har lagt merke til no dei siste åra, at det verkeleg kan gå den vegen også. At det ikkje nødvendigvis berre kan gå fort nedover heller. Så det er kult at viss ein då grip moglegheita og spelar god golf, så får du faktisk lønn for det, seier Reitan.

Publisert 25.05.2026, kl. 11.40 Oppdatert 25.05.2026, kl. 11.44

Read Entire Article