– Det siste du har til å kunne forsvare deg når det står om liv og død, er nærkamp. Det er det siste våpenet du har for å kunne redde deg sjølv.
Når NRK møter han, er Lars Fauske korporal og lagførar i sambandstroppen til Panserbataljonen på Setermoen i Indre Troms. Ein jobb han har hatt i seks år.
Eit kurs førte til at han no sluttar i Forsvaret, og går til den sivile arbeidsmarknaden.
– Eg er ikkje interessert i å jobbe i ein organisasjon som ikkje klarer å ta vare på arbeidstakarane sine, seier Fauske.
Ein kamp mot staten
Det heile starta i november i fjor, då nye instruktørar skulle kursast i nærkamp.
Han knekte ankelen under kurset, men får ikkje skaden godkjent som yrkesskade.
Fauske har med seg kollega og hovudinstruktør i nærkamp, Daniel Bragstad Krogh, for å vise kva som skjedde.
Lars Fauske viser korleis han skadde foten under eit nærkamp-kurs i Forsvaret.
Dei to mennene går tett inntil kvarandre og byrjar å bryte. Så låser motstandaren foten til Fauske, før han blir dytta bakover.
– Og ein høyrer berre *knekk*.
Fauske knipsar for å demonstrere lyden av eit bein som brekker.
Det ber til legevakta, og vidare til sjukehuset der det blir konstatert brot i ankelen. Nokre veker seinare får han operert inn ei plate for at brotet skal gro rett.
Fauske må framleis støtte opp ankelen han brekte i november i fjor.
Foto: Malin Straumsnes / NRKBlir ikkje rekna som yrkesskade
Samtidig melder han inn skaden til Statens pensjonskasse.
Både Nav og fagforeininga BFO meiner det er ein yrkesskade.
Hos Statens pensjonskasse får han avslag.
«Vi meiner eventuelle samanstøytar eller annan type nærkontakt i form av slag, spark, dytting eller gripetak, i samband med nærkampsport, sjølv om det skulle medføre eit fall, må reknast for å vere eit resultat av den ordinære risikoen nærkampsport medfører», står det i avslaget.
Statens pensjonskasse forvaltar reglane som er sette av regjeringa.
Foten til Lars Fauske rett etter brotet.
Foto: PrivatFoten er gipsa, men ein kan framleis sjå at den er skeiv.
Foto: PrivatRøntgenbiletet viser metallplata som vart operert inn i ankelen.
Foto: PrivatArret etter operasjonen.
Foto: Malin Straumsnes / NRK
Fauske reagerer på at eit skade som oppstår på eit kurs han har tatt i arbeidstida for å kunne trene vernepliktige, ikkje blir rekna som ei arbeidsulykke.
– Vi som er tilsette i Forsvaret, skal i verste fall ofre vårt eige liv. Men når vi skal trene realistisk, så blir vi ikkje ivaretekne på same måte som dei vernepliktige soldatane. Det er rett og slett sosial dumping, seier han.
Fauske og Krogh demonstrerer rett nærkamp, der beina ikkje skal brukast til å låse motstandaren.
Foto: Malin Straumsnes / NRKHar droppa kurs
Daniel Bragstad Krogh er fottroppsførar i Panserbataljonen, og har dei siste fire åra vore hovudinstruktør i nærkamp.
– Ein av dei meir frustrerande tinga for meg som nærkampinstruktør, er det å vite at eg ikkje får ivareteke dei eg utdannar så godt som eg skulle ynskje, seier han.
I forkant av kursa bruker han derfor å opplyse om at det ikkje er sikkert dei er forsikra om dei får skadar under nærkamp.
– Det har gjort at eg tidlegare har droppa heile kurs, og det får reelle konsekvensar opp mot det vi kallar for operativ evne, seier Krogh.
Sjølv rår Fauske ingen å ta instruktørkurs i nærkamp så lenge ein ikkje kan vere sikker på å få erstatning om det skulle gå verkeleg gale.
Vil ha særordning
I 2022 fekk polititilsette og -studentar særskilde ordningar som gir dei god dekning ved skadar på jobb. I 2024 fekk også kriminalomsorga ei ny erstatningsordning.
Både Krogh og Fauske meiner også forsvarstilsette må få ein særavtale på plass for å sørge for at dei er betre forsikra om dei blir skadde.
Dei påpeikar at å jobbe i Forsvaret inneber stor risiko. Tilsette har blitt skotne ved uhell, fleire har blitt skadde i nærkamp, og ein kan risikere å bli påkøyrd eller falle ned frå store militære køyretøy.
– Vi lever med den risikoen dagleg, og det er ein risiko vi må ta for å kunne trene realistisk opp mot den jobben vi potensielt må gjere. Då bør vi få kunne få yrkesskadeerstatning for det, seier Krogh.
Daniel Bragstad Krogh (til venstre) og Lars Fauske meiner ein særavtale må på plass.
Foto: Malin Straumsnes / NRK– Det er eit døme på kor gale dette kan slå ut, og det er veldig synd. Forsvaret treng alle folka dei har, seier leiar i Befalets fellesorganisasjon, Dag Stutlien.
Han meiner det ikkje er ei god ordning å beordre tilsette til å gjere ein aktivitet, samtidig som ein seier at det er deira eige problem om dei blir skadde.
– Det må vere ordningar som er gode nok og dekker aktiviteten både under og etterpå, seier han.
Dag Stutlien, leier i BFO, meiner det må ein særavtale for forsvarstilsette på plass.
Foto: Øyvind Førland Olsen / BFOFøreslår endring av arbeidsulykkeomgrepet
Statssekretær i Forsvarsdepartementet, Andreas Flåm, skriv i ein e-post til NRK at Arbeids- og inkluderingsdepartementet planlegg å sende eit forslag om endring av arbeidsulykkeomgrepet ut på høyring etter sommaren.
– Det er viktig at tilsette og tenestepliktige har ei føreseieleg yrkesskadedekning, seier han.
Stutlien meiner det også må komme ein særavtale på plass.
– Det er ei utfordring at det tek tid å endre arbeidsulykkeomgrepet. Mi bekymring er kva som skjer med dei som driv med denne tenesta frå no og fram til det er på plass, om dei blir skadde, seier han.
Fauske trivst i Forsvaret, og det er med vemod han nå går inn i ein sivil jobb.
Foto: Malin Straumsnes / NRKLars Fauske veit ikkje kva konsekvensane av beinbrotet vil bli.
– Det kan få økonomisk betydning på sikt. Eg veit jo ikkje korleis skaden vil utvikle seg over tid. I verste fall endar eg opp med kontorjobb. Det er ikkje det eg vil.
For han har denne kampen enda med at han sluttar i Forsvaret, ein jobb han hadde sett for seg i uoverskodeleg framtid.
– Det er skikkeleg vemodig. Eg trivst ekstremt i jobben.
Publisert 07.07.2025, kl. 15.42