Skodespelar og kringkastingsmann Bjørn Sand er død, 96 år gammal.
Sand var mest kjent for si rolle som kranglefanten «Stutum», ein karakter som ringde fast inn Nitimen på NRK radio på 70-, 80-, og 90-talet.
– Han sovna fredeleg inn på Diakonhjemmet i dag tidleg, fortel sonen Jon Ola Sand til NRK onsdag ettermiddag.
Sand seier faren var klar og seg sjølv til siste stund, sjølv om helsa til 96-åringen skranta litt det siste året.
Bjørn Sand var gift med skodespelar Unni Bernhoft. Saman fekk dei tre born, tre barneborn og fem oldeborn.
Vann Spellemannpris
Karakteren Stutum vart skapt av Sand tidleg på 70-talet og vart eit fast innslag i Nitimen og fleire av programleiar Totto Osvold sine radioprogram på NRK.
Stutum avbøry ofte og sa det folk flest kanskje tenkte.
Sketsjane vart spelt inn og gitt ut på fire album. I 1973 vann Sand og Osvold ein spellemannpris i open klasse for albumet Stutum Speaking.
Sand jobba også som regissør og manusforfattar og produserte fleire radio- og fjernsynsprogram som gjekk på NRK. Frå 1994 til han pensjonerte seg var han nestleiar i Underhaldningsavdelingen.
– Ein meister innanfor TV- og radiohumor
Programleiar og komikar Trond Viggo Torgersen jobba saman med Sand i NRK. Dei laga blant anna «Etter Dagrevyen», med humoristiske innslag som den russiske ubåtkapteinen spelt av Harald Heide-Steen jr.
– Me hadde det kjempegøy og han lærte meg mykje. Spesielt lærte eg om kva som var morosamt på TV og ikkje, og at ein alltid må rekna på kor lang tid ting tar, fortel Torgersen.
Han meiner Sand hadde ein heilt spesiell evne til å vera morosam utan sjølv å le.
– Han hadde eit eksemplarisk ansikt der han ikkje lo av det han sa sjølv. Det var publikum som skulle le. Og lo dei ikkje, var det ikkje morosamt nok, seier Torgersen.
– Han var ein meister innanfor TV- og radioprogram. Og så var han ein frykteleg fin fyr.
Starta litle julaftan
Det var på litle julaftan i tidleg på 1970-talet at programleiar Osvold inviterte Sand til å vera med på nattsendinga.
Under sendinga ringde Sand direkte til Osvold og presenterte seg som Stutum.
– Stutum tok heilt av, og det var vanvettig og ellevilt det han gjorde den kvelden. Han sa frå på ein måte som gjorde at folk tenkte «sånn er det».
Bjørn Sand fekk det verkeleg til å svinga som Stutum, fortalde Osvold til NRK på tidleg 2000-talet. Osvold døyde i 2023, 81 år gammal.
Publisert 18.12.2024, kl. 13.58 Oppdatert 18.12.2024, kl. 14.05