Berre 20 av over 80 skular lagt ned - Lone (15) er glad ho fekk behalda skulen sin

15 hours ago 5


Det skal vera leik, latter og læring på Hillestveit skule også i framtida.

Skulen på Langevåg, sør i øykommunen Bømlo i Vestland, var på kuttlista til administrasjonen i kommunen.

Men eit samrøystes kommunestyre sa nei. Skulen skulle få leva vidare.

– Eg vart sjokkert då forslaget kom, og tenkte med ein gong kva me kan gjera for å få stoppa dette. Det er barna si røyst som gjeld, seier Lone Amalie Lodden (15), som går i 10. klasse på skulen.

– Eg jubla sjølvsagt då skulen vart berga. Men eg fryktar jo sjølvsagt at dette kjem opp i framtida, seier ho.

Hillestveit skule

Lone Amalie Lodden og Selma Dørheim løyser matteoppgåver i klasserommet. Om skulen vart nedlagt hadde dei fått lang reiseveg til kommunesenteret.

Foto: Olav Røli / NRK

Fleirtal av skulane vart berga

I fjor haust skrev NRK at over 80 skular var truga av nedlegging. Dårleg kommuneøkonomi var mellom grunnane til at forslaga kom opp.

Men i mange norske kommunar enda forslag om skulenedlegging opp som på Langevåg.

NRK si oppteljing viser at om lag 20 av dei nedleggingstruga skulane faktisk vart vedteke lagt ned.

Over 35 skular, som Hillestveit, vart berga av politikarane. Resten er framleis i spel i politiske prosessar.

Tal frå Utdanningsdirektoratet viser at 31 skular, både private og offentlege, vart stengt og nedlagt i 2024.

Og, kanskje litt oppsiktsvekkjande:

Talet på nedlagde og nye skular i 2024 var lågare enn snittet dei siste 15 åra.

– Ei mogleg forklaring på dette er at det har vorte færre små skular enn det var for nokre år sidan. Og at det difor er færre igjen av dei skulane som typisk vert lagde ned, opplyser avdelingsdirektør Irene Hilleren i Utdanningsdirektoratet.

Ho legg til at tilskotet for å forhindra skulenedlegging også kan ha hatt effekt.

Står i fare for å verta lagt ned

Tyssedal skule i Ullensvang er ein av skulane som var truga av nedlegging. Men den vart berga av politikarane.

Foto: Olav Røli / NRK

Vanskeleg for lokalpolitikarar

Seniorrådgjevar Håvard Moe i KS Konsulent har besøkt nær sagt alle kommunar i Noreg, også Bømlo.

Han er ikkje overraska over korleis det gjekk med skulane til slutt.

– Dette seier meg at det å gjera noko med skulestruktur er det aller vanskelegaste som lokalpolitikarar tek tak i. Den manglande lokalpolitiske handlingsviljen til å ta dei grepa som dei må ta, er ei utfordring for Kommune-Noreg, seier han.

Han er tydeleg på at det kjem eit skifte i demografien i norske kommunar.

Det vert fleire eldre, og færre barn.

Ifølgje Moe meiner staten at Bømlo dei neste ti åra må flytta nesten 100 millionar frå skule og barnehage over til pleie og omsorg.

Dette om dei ynskjer å halda oppe same fordeling av budsjetta som i dag.

– Den vridinga der, frå barn og unge over til eldre, det smerter, seier han.

KS Konsulent

Seniorrådgjevar Håvard Moe i KS Konsulent meiner norske kommunar står føre ein stor sentralisering, mellom anna i skulesektoren.

Foto: Olav Røli / NRK

Ordførar: – For einsidig fokus

Bømlo-ordførar Morten Helland (KrF) er ikkje med på alle argumenta til Moe.

– For det første blir det for einsidig å sei at skulestruktur åleine skal berga økonomien i norske kommunar. Kommunane står føre store endringar, og det må skje må mange område, seier Helland.

Innbyggjarane i øykommunen Bømlo i Vestland har fått ein vegstandard mange er misunnelege på. Men det har kosta kvar innbyggjar over 75.000 kroner i bompengar.

Men, dei har også teke upopulære grep kommunen.

Eit fleirtal i kommunestyret (16 mot 11) vedtok å leggja ned Foldrøy skule.

Skulen ligg 9,5 kilometer frå kommunesenteret.

– Me står greitt i det. Men du får alltid meir bråk rundt det du legg ned, enn skryt for det du tek vare på, seier Helland.

Treng folk

15-åringen Lone Amalie fryktar både ei daud bygd, og at eit samlingspunkt forsvinn, om skulen ein gong skulle verta lagt ned. Då må alle barn på tettstaden ta buss i over 40 minutt til kommunesenteret på Bremnes.

Pappa til Lone Amalie, Erling Lodden, som jobbar som HR-sjef i reiarlaget Eidesvik Offshore ASA på Langevåg, meiner skulen no må få vera i fred.

– Me er ein kommune i vekst, og har eit næringsliv i vekst. No må me ha dei lange brillene på, og skulen må få fred slik at me kan nå dei vekstambisjonane me har, seier han.

Hei!

Har du tankar etter å ha lese denne saka, eller ynskjer du å tipsa oss om liknande eller andre saker? Send meg ein e-post. 

Publisert 08.01.2025, kl. 20.56 Oppdatert 08.01.2025, kl. 21.12

Read Entire Article