– Ein møter ikkje løgner med fleire løgner. Ein møter løgner med sanninga, seier Kim Aris når han gir eit av dei sjeldne intervjua sine. Sonen til Myanmars mest kjente politikar og fridomskjemper ønsker å snakke om Telenor. Og om den politiske kampen som no går føre seg i Noreg. Aris har merka seg at regjeringa nektar å utlevere heilt sentrale dokument i saka.
– Vi veit jo alle at feil kan gjerast. Det vi må gjere for å komme vidare, er å innrømme dei feila, påpeikar Aris overfor NRK.
Kva visste regjeringa?
NRK avslørte i august 2025 korleis statseigde Telenor delte sensitiv personinformasjon med den brutale militærjuntaen i Myanmar. Sidan har saka hamna i Stortinget. Og i desember i fjor vedtok Kontrollkomiteen å opne sak. Men komiteen har framleis ikkje fått det han har bede regjeringa om å utlevere. Det dreier seg om dei avgjerande dokumenta som viser kva næringsministeren og Telenor snakka om. Kort sagt: Kva visste regjeringa om at persondata kunne brukast til å forfølge og torturere motstandsfolk?
Avslørande
– Når alt kjem til alt, trur eg at alle prøver å unngå ansvar, seier Kim Aris.
Han var sjølv i Oslo i 1991 og fekk fredsprisen på vegner av mora, Aung San Suu Kyi. No ber han regjeringa i det same landet som delte ut prisen, om å ta ansvar. Ein del av det vil vere å frigi dialogen mellom Næringsdepartementet og Telenor, meiner han.
– Om dei frigir dialogen, så vil nokon måtte ta ansvar. For den dialogen vil vere veldig avslørande, seier Aris.
– Eg ønsker berre at dei skal vere heilt opne om kva som skjedde.
Omsynet til fortrulegheit
NRK har sendt utsegnene til Kim Aris til næringsministeren. Som overlèt til ein statssekretær å svare:
– Regjeringa har ikkje noko å skjule i denne saka, seier Ragnhild Sjoner Syrstad i Nærings- og fiskeridepartementet.
Statssekretær Ragnhild Sjoner Syrstad seier at regjeringa ikkje har noko å skjule.
Foto: CECILIE BERGAN STUEDAL– Det er samtidig viktig å understreke at fortruleg eigardialog er ein føresetnad for at staten kan utøve rolla som ein aktiv og ansvarleg eigar. Dersom fortrulegheita blir svekt, vil selskapa truleg bli meir tilbakehaldne med å dele informasjon.
– Omsynet til fortrulegheit har vore vektlagt av ulike regjeringar over tid, seier statssekretæren.
Kim Aris kontrar:
– Eg håpar at desse dokumenta og dialogen blir frigitt for publikum. Då kan vi heilt ope sjå korleis den norske regjeringa var villig til å involvere seg med militærregimet i Myanmar.
Tull og oppspinn
Kim Aris får no støtte frå eit litt uventa hald.
Gründer og superinvestor Stian Rustad har engasjert seg sterkt i Telenor-saka. Ikkje minst når det gjeld hemmeleghald av eigardialogen. Han går rett i strupen på forklaringane til regjeringa.
– Det er berre tull og oppspinn. Det vitnar om at dei har noko å skjule.
– Eg meiner dette er ekstremt alvorleg, eit angrep på demokratiet.
Stian Rustad, 24sevenoffice, engasjerer seg no betydeleg i Telenor-saka.
Foto: Bjørn Olav Nordahl / NRKRustad er ein gjengangar i finanspressa. Han er mest kjent for å ha grunnlagt selskapet 24sevenoffice. Ei verksemd som blei seld for 2,4 milliardar kroner i 2024. Han meiner løysinga er openberr når det gjeld den omtalte eigardialogen.
– Dette er ingen ordinær forretningsmessig situasjon. Så regjeringa kunne delt ut kommunikasjonen berre der det er bevist, eller det er veldig stor sjanse for, at eit av selskapa staten eig har medverka til brotsverk mot menneskeslekta. All annan kommunikasjon som dreier seg om normal forretningsverksemd, vil vere hundre prosent konfidensiell.
Regjeringa har ingen kommentarar til Rustads utspel.
Slår mot Høgre
Rustad er tydeleg på at han tilhøyrer høgresida i norsk politikk. Han brukte 400.000 kroner på valkampstøtte for å sikre borgarleg siger sist haust. Men han avviser at utspelet handlar om «å ta» Arbeidarpartiet.
– Eg trur at Høgre, med sin posisjon, er delvis ansvarleg, dei òg. Dei var i posisjon då kuppet skjedde i Myanmar. Og då Telenor selde selskapet. Dei burde handtert dette annleis.
Han rettar også peikefingeren mot Høgres folk i Kontrollkomiteen på Stortinget. NRK har opplysningar om at partiet ikkje vil støtte ei avstemming i Stortinget om å utlevere eigardialogen med Telenor. Det meiner Rustad er oppsiktsvekkande.
– Eg blei veldig, veldig skuffa og overraska. Eg trudde Høgre ville ha tatt ein annan posisjon. Dette er den største næringspolitiske skandalen i noregshistoria. Så det var inga god nyheit.
Høgres komitémedlem Ove Trellevik seier til NRK at det blir feil å kommentere interne drøftingar i komiteen.
– Saka er til behandling. Det har verken vore høyring eller blitt gitt noko innstilling enno, seier han.
Grundig etterforsking
Kim Aris ser tankefullt ut over Trafalgar Square i London. Han prøver stadig å få kontakt med mora som sit fengsla i Myanmar.
– Eg har fått eitt brev frå henne på fem år. Eg har sendt henne omsorgspakkar. Og brev via det britiske utanriksdepartementet. Dessverre har ikkje militærjuntaen tillate nokon kommunikasjon frå henne.
– Men du engasjerer deg også i Telenor-saka. Kva håpar du på?
– Eg håpar at det blir ei grundig etterforsking. Og at denne dialogen blir frigitt for publikum. Då kan vi sjå nøyaktig kva som har blitt sagt sidan kuppet.
Publisert 02.02.2026, kl. 06.05














English (US)