Britanes tidlegare prins Andrew, no kjent som Andrew Mountbatten-Windsor er arrestert, melder den britiske kringkastaren BBC.
Han skal vere mistenkt for brot på reglane for offentleg teneste.
Gjennomfører ransaking på bustaden
Politiet gjennomfører ransakingar på adresser i Berkshire og Norfolk, ifølge avisa.
Politiet opplyser at dei har arrestert ein mann i 60-åra frå Norfolk, mistenkt for brot på reglane for offentleg teneste, og at han framleis er i varetekt.
Andrew bur på Wood Farm på Sandringham etter at han trekte seg frå offentlege oppgåver og flytta frå Royal Lodge i Windsor.
Dei har ikkje stadfesta at det er Andrew Mountbatten-Windsor.
Den britiske statsministeren Keir Starmer seier at «ingen står over lova» då han blei spurd om Andrew Mountbatten-Windsor, ifølge BBC.
Starmer har tidlegare oppmoda Andrew om å vitne for Kongressen i USA om kontakten sin med Epstein.
Mistenkt for brot på reglar for offentleg teneste
Seks umerkte politibilar og rundt åtte politifolk i sivilt, der éin bar på ein berbar datamaskin, blei sett då dei kom til Wood Farm på Sandringham-eigedomen like etter klokka åtte torsdag morgon, melder The Telegraf.
Politiet har den siste tida sett på skuldingar mot Mountbatten-Windsor som kom fram i Jeffrey Epstein-filene.
Dei har mellom anna sett på skuldingar om at han delte sensitiv informasjon med Epstein medan han var britisk handelsutsending.
Reaksjonane mot Andrew Mountbatten-Windsor var kraftige då opplysningar om forholdet hans til Jeffrey Epstein blei kjende.
I 2011 trekte seg frå rolla som britisk handelsutsending.
Har måtte trekke seg frå verv og mista kongelege titlar
Andrew er veslebroren til Kong Charles.
Han har måtte trekt seg frå offentlege verv på grunn av sine samband med den amerikanske seksualforbrytaren Epstein.
Den meldte arrestasjonen av Andrew Mountbatten-Windsor skjer på hans 66 årsdag.
Foto: DANIEL LEAL / AFP / NTBI fjor fjerna Kong Charles dei kongelege titlane til broren. Han er ikkje lenger prins og blir difor omtalt som Andrew Mountbatten-Windsor.
Andrew har ikkje blitt fjerna frå arverekkefølga.
Han er dermed nummer åtte i den britiske arverekkefølga til trona.
Skulda for alvorlege forhold
Dette er ikkje første gong Andrew Mountbatten-Windsor har hamna i hardt vêr.
I 2015 blei dei mest alvorlege påstandane mot han kjende, då Virginia Roberts Giuffre tok ut eit sivilt søksmål.
Ho har forklart at ho som 17-åring blei utsett for overgrep og hadde seksuell omgang med Andrew i 2001. Dette har han avvist.
Eit mykje omtalt bilete viser Andrew saman med ei ung Giuffre.
Andrew blei fotografert saman med 17 år gamle Virginia Giuffre i heimen til Ghislaine Maxwell i London i 2001.
Foto: AFPI eit BBC-intervju i 2019 sa han at han ikkje hugsar å ha møtt henne.
Saka blei avslutta i 2022, etter at partane inngjekk eit forlik utanfor retten, kort tid før Andrew skulle forklare seg under ed.
Giuffre døydde i 2024, 41 år gammal.
I boka Nobody’s Girl, som blei gitt ut etter hennar død, skildrar ho overgrepa ho seier ho blei utsett for og skuldingane mot Andrew.
Publisert 19.02.2026, kl. 11.05 Oppdatert 19.02.2026, kl. 11.58











English (US)