– Når det regnar, er turn best, seier Emma-Natalie Vik Botnen (6)
– Fordi det er innandørs?
– Ja, seier Saga Håvardsdotter Rosseland (6).
– Når det ikkje regnar, da? Sånn som nå?
– Da liker eg fotball best.
Tjue jenter frå 2019-kullet i Førde spring rundt på ein fotballbane i sentrum av byen.
Målet er å få beina til å spele på lag med ballen, men også ein annan del av kroppen får god trening: auga.
Emma-Natalie Vik Botnen og Saga Håvardsdotter Rosseland elsker å spele fotball. Iallfall når det ikkje regner.
I Taiwan er det rapportar om at 90 prosent av ungdommen er nærsynte, og i USA er det dobbelt så mange nærsynte barn som for 20 år sidan.
Men i Noreg og Skandinavia er det annleis.
Her har utviklinga stått stille så lenge ho har vore studert, altså sidan 1800-talet.
På same tid som ein «nærsynt-epidemi» har treft barn i resten av verda, går norske jenter og gutar fri.
Kvifor?
Nå er forskarane enda sikrare på kva som er den magiske ingrediensen:
Den norske utekulturen, som eksponerer unge og formberre augeeple for passe mykje sollys kvar dag.
Fleire nye studiar (her og her) koplar den gode synsevna til friminutta på skolen.
Det som blir karakterisert som «ein epidemi» av nærsyntheit treffer barn i heile verda. Med eitt påfallande unntak: barn i Skandinavia.
Foto: Håvard Nyhus / NRK– Friminutta er bra for augehelsa
– Alt tyder på at friminutta er bra for augehelsa, seier Rigmor Baraas ved Nasjonalt senter for optikk, syn og augehelse.
Forklaringa er at utandørstid i skarpt dagslys bremsar augeveksten og hindrar at auga blir for djupe, som er hovudårsaka til nærsynt-epidemien i andre delar av verda.
Baraas viser til at talet på nærsynte «har gått noko ned» i asiatiske land som har innført obligatorisk utetid i friminutta på skolane.
– Dei mest ekstreme tala er frå Singapore som viser at barna ikkje er ute i meir enn 10 minutt kvar dag, seier ho.
Ho legg til at skjermane kan ta skulda for mykje – men ikkje nærsynt-trenden, som starta lenge før mobiltelefonar og nettbrett blei ein del av synsfeltet.
Hos nærsynte treffar lyset framfor netthinna i staden for på netthinna. Dette kan komme av at auget er for langt, eller at den lysbrytande krafta i auget er for sterk i forhold til lengda.
Foto: NRK– Ein unik kultur for utandørsaktivitet
– Fleire studiar bekreftar at tid utandørs er ein av dei viktigaste faktorane for å unngå å bli nærsynt, seier Trine Johnsen, som er fagsjef hos Specsavers.
Det finst ikkje fullstendige tal på kor mange skolebarn i Noreg som bruker briller eller kontaktlinser.
Men dokumentasjon frå større forskingsprosjekt tilseier at 10–15 prosent ser for dårleg.
Førekomsten av nærsyntheit i dei nordiske landa (Danmark, Noreg, Sverige) ligg stabilt på rundt 10‑13 % for barn og unge (8‑16 år).
Foto: Synsam Group– Vi sparkar barna ut i friminutta
– For auga er det bra å vere mykje utandørs, og Noreg skil seg ut ved at vi «sparkar» barna ut i friminutta i barneskulen, seier dagleg leiar hos Interoptik, Erik Robertstad.
Han presiserer at nærsyntheit også er eit resultat av nærarbeid, og at det er vanskeleg å skilje faktorane utandørstid og lesetid frå kvarandre.
– Er barnet mykje ute, så les det sannsynlegvis mindre. Og motsett. Tidsstudiar viser at det er større forskjell mellom nærsynte og ikkje-nærsynte barn når det gjeld mengda lesing, enn det er når det gjeld talet på timar utandørs.
Rigmor Baraas, professor ved Institutt for optometri, radiografi og lysdesign
Dagslys ser ut til å spele ei viktig rolle i å førebygge nærsyntheit, men vi veit ikkje om det er intensiteten eller det breie spekteret eller ein kombinasjon som har mest å seie. Det at det er ein stabil del med nærsynte i Norden, sjølv om dei fleste av oss har ein lik skolegang med utetid i friminutta indikerer at det ikkje er miljø aleine, men at arv også speler ei rolle.
Erik Robertstad, dagleg leiar hos Interoptik
Jo tidlegare barn begynner å lese, spesielt med høg intensitet, desto større er risikoen for å utvikle nærsyntheit. I ultraortodokse jødiske miljø er det vist at gutane blir signifikant meir nærsynte enn søstrene deira (som ikkje må studere like intensivt), og at miljøfaktorar sånn sett betyr meir enn arv.
Hans Torvald Haugo, Generalsekretær i Noregs Optikerforbund
Det er som du viser til: Norden skil seg ut. Ettersom syn er ein kombinasjon av arv og miljø må ein eller fleire faktorar her spele inn. Dette med dagslys og utetid er ein kjent faktor, men forskarane leitar etter fleire forklaringar. Nokon meiner også at Norden «berre heng etter». Eg trur ikkje det er så lett.
Olav Torgersen, optikaransvarleg for Synsam
Ein av dei viktigaste faktorane i det nordiske samfunnet er kulturen for, og tilgangen til, utandørs aktivitet i samband med både barnehage, skole og fritidsaktivitetar. Dette motverkar nærsyntheitsutviklinga.
Trine Johnsen, optikar i Specsavers
Etter koronapandemien har vi sett at fleire barn treng briller når dei gjer skolearbeid eller anna som krev at dei ser godt på nært hald. Desse barna er ofte litt langsynte eller har litt skeive hornhinner, men dei ser bra på avstand. Brillene hjelper dei med å unngå å bli slitne i auga når dei jobbar med noko nært, som å lese eller bruke skjerm.
Tina Alvær, dagleg leiar i Optikerbransjen
Den myopiske epidemien har skylt over store delar av verda og gitt den yngre delen av befolkninga ein god dose nærsyntheit. Men Noreg og Skandinavia er det ganske annleis. Forskarar har indikasjonar på at det både er det at vi er mykje utandørs og at vi blir eksponerte for mykje dagslys, som er med på å forhindre utviklinga av utprega myopi i befolkninga.
Publisert 01.10.2025, kl. 20.46