– Det er komplekse system, derfor tok det tid.
Det seier Thor Gjermund Eriksen, administrerende direktør i Bane Nor etter at alle toga i landet stod stille i tolv timar 1. juledag.
Feilen skal ha vore knytt til ein hardware-komponent, og ifølgje Eriksen jobbar dei no tett med leverandørane for å forstå kva som gjekk gale.
Veit framleis ikkje kva som er årsaka
Feilen er no isolert og retta, men årsaka er ikkje fullt ut kartlagt.
– Vi prioriterte tryggleiken til passasjerane og stoppa toga for å unngå at folk blei sitjande fast over lengre tid, seier Eriksen.
Han legg til:
– Det er beklageleg at toga står.
Han avviser at det kan være fremmede makter og det var heller ikke en oppgradering som gikk galt.
Han understrekar at kompetansen i konsernleiinga er god nok.
Togkaoset 1. juledag: SJ krev ekstern evaluering
– Det er totalt uakseptabelt. Det skal ikkje skje.
Det seier Randi Ness, pressevakt hjå togselskapet SJ Noreg.
Ho viser til togkaoset 1. juledag, då alle toga i landet stod stille på grunn av eit problem med kommunikasjonssystemet.
Togtrafikken var ikkje i gang igjen før tidleg torsdag morgon.
Selskapet har allereie sendt eit brev til samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap).
– SJ ser svært alvorleg på det som har skjedd og meiner statsråden må sørga for at det vert gjennomført ei evaluering av dagens hending, ved ein ekstern, uhilda aktør, skriv direktør Rikke Lind i brevet, som NRK har sett.
Ness er tydeleg på at dette ikkje kan skje igjen.
– Me er nøydde til å finna eit system som gjer at ein har eit reservesystem eller ein plan B.
Får ikkje køyra utan togradio
Då feilen på kommunikasjonssystemet vart kjent, sa Bane Nor at alle toga som var ute, fekk køyra sakte inn til nærmaste stasjon. Der måtte dei stå og venta – lenge.
– Sikkerheita kjem fyrst. Det er klare prosedyrar me må følga, det er europeiske krav, seier Anne Kirkhusmo, presseansvarleg i Bane Nor.
– Det finst ikkje nokre reserve-løysingar ein kan bruka når hovud-kommunikasjonssystemet er nede?
– Det er klare europeiske krav som seier at når togradio ikkje funkar, så skal det ikkje køyrast tog, svarar ho.
Difor meiner Bane Nor at dei ikkje til dømes kunne brukt det vanlege mobilnettet til å kommunisera.
– Det skal vera kommunikasjon på togradio, GSM-R, mellom trafikkstyringssentralen og toga for at det skal vera sikkert å køyra tog, seier Kirkhusmo, og viser igjen til at det er eit europeisk krav.
Kan verta dyrt
Både SJ, Vy og Go Ahead Nordic har allereie varsla at dei vil krevja erstatning frå Bane Nor etter dei mange forseinkingane og innstillingane.
Kor store krava vert, er derimot for tidleg å seia noko om. Selskapa viser mellom anna til at dei må venta til dei får inn refusjonskrav frå sine eigne passasjerar før dei veit kor mykje dei vil krevja frå Bane Nor.
Ifølge Kirkhusmo betalar ikkje Bane Nor ut for dei fyrste tolv timane. Indirekte tap som forteneste og alternativ transport vert i utgangspunktet heller ikkje dekt.
– Me vil gjera ei grundig vurdering av dei krava me no reknar med å få, seier ho.
Kirkhusmo understrekar at onsdagens kaos var noko Bane Nor gjerne skulle vore forutan.
– Det er klart det er krevjande når det er så mange timar kor det ikkje går tog i heile landet. Det er me i Bane Nor veldig leie oss for, seier Kirkhusmo.
Haakon Laastad / NRK
Ingeborg Lund
– Jeg skal først komme meg til Hamar, så skal jeg ta et nytt tog derifra, så vi får se hva som skjer.
– Hva tenker du om at togene står første juledag?
– Uflaks for meg som sjelden tar tog.
Benjamin René Dyrdal / NRK
Thea Emilie Maubach-Vindenes
– Det var et ganske stort sjokk da jeg våkent opp i morges og skulle sjekke om billetten var i orden, også gikk det ingen tog. Vi har fått beskjed at vi kan bestille flybilletter, men der var så stor pågang at jeg ikke kom igjennom. Nå håper jeg på et eller annet julemirakel.
Haakon Laastad / NRK
Lars Ove Lunde
– Jeg skal ikke klandre Vy for at togene ikke går. De gjør så godt de kan vil jeg tro, men det er trist at det skal være sånn når det er såpass mange som reiser med tog.
Heidi Ditlefsen
Greta Myhre Oma
– De gjør vel så godt de kan, men det er kjedelig å ikke vite når disse bussene går og om de kommer i det hele tatt. Det er ikke så ille for meg, men jeg tenker på de som reiser med små barn eller hunder. Det er mer stress for dem.
Heidi Ditlefsen
Toril Visland
– På tavla står det at toget skal gå, men under der står det at det ikke går, så jeg vet ikke. Nå har jeg fått mannen min til å hente meg helt fra Sirdal for jeg har ikke tenkt å tilbringe hele 1. dag jul på denne stasjonen.
Benjamin René Dyrdal / NRK
Lasse Bergmann og Åse Marie Midtun
– Vi venter i spenning! Vi har såpass mye bagasje at vi ikke kan ta fly, så vi må ta tog.
Haakon Laastad / NRK
Tore Sørlie, bussjåfør
Tore Sørlie, bussjåfør for Tide, er en av dem som jobber ekstra i forbindelse med togstansen i dag.
– Jeg gleder meg jeg, du må bare ta det med godt humør, sier bussjåføren, og smiler bredt. Det blir godt betalte arbeidstimer 1. juledag.
– Uakseptabelt
Fleire tusen passasjerar vart råka av feilen. Det reagerer Pendlarforeininga i Indre Østfold sterkt på.
– Dette er heilt uhaldbart. Me forstår at feil kan skje, men at det tar over tolv timar før ting er løyst, er uakseptabelt. Mange reisande har vorte overlatne til seg sjølve, seier leiar Ronny Aukrust til NRK.
Dei som hadde kjøpt billett på førehand, fekk rett til alternativ transport. Men Aukrust peikar på at mange kjøper billett om bord, og difor ikkje har dei same rettane.
– Reisande har ikkje fått tilstrekkeleg informasjon om kva rettar de har, og har ikkje fått rask nok hjelp til å finna alternative transportmiddel.
Togtrafikken lamma
Det var like før klokka 8 onsdag morgon at Bane Nor melde om problem med kommunikasjonssystemet mellom toga og togleiarane.
Feilen gjaldt i heile Noreg – frå nord til sør.
Alle avgangane på Dovrebanen, Sørlandsbanen og Bergensbanen vart også innstilte. Passasjerar mellom Oslo og Bergen fekk tilbod om å ta fly og få kostnadene betalt tilbake.
Fyrst onsdag kveld fant Bane Nor feilen. Torsdag morgon gjekk toga som normalt.
Rotårsaka til feilen er truleg feil på ein intern brannmur. Bane Nor vil ikkje gje nokre fleire detaljar om feilen, men seier at dei jobbar med å retta han.
Dei har heller ikkje nokre indikasjonar på at det ligg sabotasje bak.
Publisert 26.12.2024, kl. 15.43 Oppdatert 26.12.2024, kl. 15.50