Valentina Baisotti
Festivalen Vill vill vest i Bergen har opplevd ein auke i bandpåmeldingar i år. I 2022 meldte 214 band seg på og talet har vore jamt dei siste åra.
Men i år auka talet til 390 band.
I tillegg har generelle påmeldingar gått frå 581 i fjor til 960 i år.
NRK P3
Også festivalar som Bylarm i Oslo og Trondheim Calling i Trondheim har merka ein auke.
På Trondheim Calling har band-talet auka frå 459 i 2023 til 504 i år.
Eskil Olaf Vestre / NRK P3
Bylarm har ikkje spesifikke tal, men dagleg leier Tonje Andersen seier det nesten ikkje skjer no at ein artist speler utan band på scena.
– Halvparten av årets bookinga så langt er reine band, skriver Andersen i en e-post til NRK.
Bjørk Ellingsbø / Vill vill vest
– Bandformatet er tilbake, meiner leiaren av Vill vill vest, Dipha Thiruchelvam.
Ho trur det har blitt kult å spele instrument, samtidig som det er meir tilgjengeleg enn før. No kan ein lære seg å spele heime ved å sjå på YouTube, seier Thiruchelvam.
NRK
– Det er fleire som får bidra med å skape musikken. Så det synest eg er ein veldig fin trend.
NRK
Bandet Juvo fann kvarandre på Facebookgruppa «Musiker søker musiker» for to år sidan.
NRK
– Eg hadde alltid lyst til å prøve å spele i band, seier Andreas Falch Pettersen.
NRK
Dei meiner det no er blitt ein trend.