Eg vakna til eit smell, og deretter ein svenske som hamra på døra mi. Eg hadde mi første natt i Sudan. Eg og min kollega frå SVT hadde kome oss til Port Sudan kvelden før.
No skunda me oss opp på hotelltaket. Det var grytidleg, og ganske mørkt. I det fjerne kunne me høyre bønnerop - eit teikn på at sola var på veg opp over horisonten.
Frå taket kunne ein sjå enorme flammar og røykskyer stige opp frå eit oljedeponi eit stykke unna.
Sola var på veg opp ein dag i mai i år, då droneangrepet skjedde mot eit oljedeponi i utkanten av Port Sudan.
Foto: Vegard Tjørhom / NRKPort Sudan var allereie ein by i sjokktilstand, fordi den hadde blitt angripe av dronar fleire dagar på rad. Og no skjedde det altså igjen.
Avanserte våpen i RSFs hender
Dronane var avanserte og vart ikkje oppdaga før det plutseleg smalt. Nokre oljelager og byens flyplass var måla for dei presise angrepa.
Rapid Support Forces klarte å skake hovudkvarteret til motstandaren: Den sudanske regjeringshæren.
Det vart etter kvart klart at dronane kom langvegsfrå, og at dei klarte å omgå «jamminga» som skulle hindre denne type angrep mot Port Sudan.
Dronane var langt meir avanserte enn våpena Rapid Support Forces (RSF) hadde hatt før.
Dette må du vite om krigen i Sudan
- Hvem kjemper mot hverandre?
Det har vært borgerkrig i Sudan siden 2023. Der kjemper først og fremst to styrker mot hverandre:
- Den sudanske hæren, kjent som SAF
- Rapid Support Forces, kjent som RSF
De to styrkene jobbet sammen i flere år. Men de røk uklare med hverandre i 2023 på grunn av press om å slå seg sammen. Siden har de kjempet mot hverandre for å få kontroll over Sudan.
- Hva kjemper de om?
Både regjeringshæren og RSF kontrollerer store ressurser som de ikke er villige til å gi opp, blant annet gull.
RSF kontrollerer store deler av Vest-Sudan, blant annet Darfur-regionen. SAF kontrollerer mange områder i øst, inkludert mesteparten av hovedstaden Khartoum.
- Hvilke konsekvenser har krigen fått?
Konflikten blir kalt «verdens største sultkatastrofe». 24 millioner mennesker lider av sult i landet, ifølge Leger uten grenser.
12 millioner mennesker har flyktet fra hjemmene sine. Omkring 150.000 mennesker er trolig drept.
Konflikten er komplisert og har røtter tilbake til borgerkrigen som herjet fra 1983 til 2005.
RSF hadde tidlegare knapt hatt noko slagkraft i lufta, medan den sjølvutnemnde regjeringshæren i Sudan hadde kontrollen på Sudans luftvåpen.
No var plutseleg RSFs kampevne kraftig styrka med avansert militært utstyr. Men korleis hadde det skjedd?
Svaret frå folk i Port Sudan var tydeleg: Emiratane.
Burj Khalifa troner i midten av Dubais skyline. Det er slik me ofte ser Dubai, og Emiratane.
Foto: AFPGir våpen, får gull
At Dei sameinte arabiske emirata støtter RSF er ein påstand som har kome stadig oftare dei siste åra.
Kvar gong NRK formidlar vidare påstanden om Emiratane si rolle, så startar ein slags runddans: Me må seie at Emiratane nektar for at dei støttar RSF, samtidig som me må påpeike at det er lagt fram mange bevis for at dei gjer nettopp det.
Oppsummert: Det er ein slags open hemmelegheit at det går våpenstøtte frå Emiratane til RSF - den mest brutale parten i ein av verdas verste krigar.
I retur går det mellom anna gull til Dubai og Abu Dhabi.
Emiratane si rolle er omtalt fleire gonger, av ulike aktørar. Her er nokre av mange døme:
- I ein rapport laga av ulike FN-ekspertar vart det i februar i fjor meldt til FNs Trygginsgråd at det er fleire sikre bevis på at Emiratane støttar RSF med våpen. I strid med våpenembargoen som er innført. Liknande rapportar er komne frå FN fleire gonger seinare.
- Den franske TV-kanalen France 24 og Human Rights Watch har saman avslørt at våpen som tidlegare tilhøyrde Emiratane er brukt av RSF.
- Og allereie tidleg i krigen i Sudan kunne Reuters avsløre at dei hadde kartlagd 86 flygingar mellom Emiratane til austlege delar av Tsjad. Emiratane påstod det var for å sende naudhjelp, mellom anna til eit feltsjukehus Emiratane hadde bygd. Andre kjelder meiner feltsjukehuset berre var eit skalkeskjul for å sende våpen.
På verdsscena har Emiratane nekta for si rolle, og dei har lite å tene på å vise støtte til ein brutal milits med folkemordskuldingar hengande over seg.
Samtidig har dei masse rikdom å tene på gullet dei får i retur frå krigsherja Darfur.
Gullprisane i verda set stadig nye rekordar for tida, og Dubai er ein slags global sentral for gullhandelen.
I Dubai kan du få kjøpt store mengder gull, men kor gullet er frå er ikkje alltid like enkelt å vite.
Foto: AFPKaldblodige drap rett inn på mobilen
Denne veka kom det videoar som var vanskelege å sjå. Dei viste krigens sanne ansikt.
Det var menneske sittande på bakken, bakbundne og redde. Dei vart skotne. Ein etter ein. Pepra med skot.
Det var bilete av ei mor hengande i eit tre med ei løkke rundt nakken. To barn hang saman med ho.
Det var ein intens biljakt i høgt gras. Der folk bli påkøyrde så dei fell om på bakken. Deretter blir dei pepra med skot.
Videoane er til tider umoglege å verifisere på tid og stad. Men både NRK og andre mediehus har verifisert nok til å kunne vite at det har gått føre seg kaldblodige massedrap i Al-Fashir denne veka.
Drapa er veldokumenterte av gjerningsmennene. RSF sine eigne soldatar. Influensarane frå helvete, sponsa av Emiratane.
Satelittbilete som viser ferske blodpølar er noko av det som dokumenterer drapa.
27. oktober
28. oktober
Bildet viser en rødlig farge rundt lyse prikker på bakken. De var ikke der dagen før.
© Airbus DS 2025 / AP / NTBEtniske drap
På grensa mellom Tsjad og Sudan går det ein bekk. Det er cirka eit år sidan eg stod der og såg eselkjerre etter eselkjerre kome trillande over bekken.
Kjerrene var fullasta med kvinner, barn og eldre som bar på brutale historier om drap, plyndring, valdtekter og nedbrente landsbyar.
Menneska oppå kjerrene var mørke i huda, frå etniske grupper som zaghawa, masalit og fur.
Slike som dei vert drepne av RSF, og det er ikkje noko nytt. Det har gått føre seg i fleire tiår.
Kampane i Darfur handlar om kontroll over ein region kor alle desse folkegruppene eigentleg høyrer heime. Dei kjempar om kontroll over land, men også over Darfurs ressursar, slik som gullet.
Konfliktane har blussa kraftig opp igjen under den landsomfattande krigen som starta for to og eit halvt år sidan.
Dei lokale militsane har fått støtte frå RSFs hovudmotstandar, den sjølvutnemnde regjeringshæren i Sudan - SAF.
Marerittet som vart ein realitet
Konfliktane har ført til at det nesten er blitt farleg å ha mørk hud i Darfur. RSF er ei gruppe som i stor grad består av folk frå etniske grupper med lysare hud og «arabisk utsjånad».
Militsen ser på folk frå zaghawa, masalit og fur som sine fiendar. Og sjølv sivile kan bli sett på som fiendar som skal drepast.
Dette er grunnen til at mange har vore livredde for kva som ville skje om RSF klarte å ta kontroll over Al-Fashir.
Gjennom 18 månader har det vore harde kampar rundt byen, der mange hadde søkt tilflukt i frykt for å bli drepne.
I helga var slaget tapt for den sjølvutnemnde regjeringa, og marerittet vart verkelegheit.
Som ei slags feiring tok RSF sine soldatar opp våpena og mobiltelefonane sine. Dei dokumenterte massedrap, avrettingar og barnedrap.
Noko av grunnen til RSF sin slagkraft er støtta frå mektige støttespelarar, slik som Emiratane.
Har RSF motteke pengar frå EU og Noreg?
Denne veka fordømde det norske utanriksdepartementet RSF sine handlingar og det som har skjedd i Al-Fashir.
Samtidig er det slik at UD veit at denne gruppa ganske nyleg kan ha fått norske pengar. For nokre år deltok Noreg i eit omstridd EU-prosjekt som kan ha ført til at pengar har hamna i RSF sine lommer.
RSF sin forløpar var Janjaweed, ein milits oppretta under tidlegare diktator Omar al-Bashir, som var heilt sentrale i utøvinga av folkemordet som gjekk føre seg i Darfur for rundt tjue år sidan. Bashir vart etterlyst av Den internasjonale straffedomstolen for dette.
Likevel inngjekk EU eit samarbeid om grensekontroll med Bashir og Sudan. Målet var å stanse migrasjon nordover mot Europa.
Fleire Sudan-ekspertar åtvara kraftig mot samarbeidet, og viste til at det var nettopp RSF som hadde ansvaret for grensekontroll i Sudan.
Dei meinte avtalen nesten garantert ville føre til at pengar gjekk frå EU til RSF, som altså på det tidspunktet stod skuldige for brutale angrep på sivile i Darfur.
Vart åtvara før dei gav støtte
Ein visste kva RSF var i stand til, og at Sudan vart styrt av ein diktator etterlyst for folkemord. Likevel inngjekk EU eit samarbeid med Sudan, med støtte frå Noreg. 262 millionar kroner over sju år.
EU-prosjektet er seinare blitt omtalt fleire stader, mellom anna i ein omfattande rapport utarbeida av ei prosjektgruppe kalla Enough Project.
Ifølge rapporten har pengane på fleire vis gått til nettopp RSF, nettopp slik det vart åtvara om på førehand.
Noregs dåverande justisminister, Sylvi Listhaug, var i 2018 på besøk i Sudan for å snakke med Bashir sitt regime om migrasjon og retur av flyktningar.
Også Listhaug vart åtvara om å ikkje støtte EU-prosjektet om grensekontroll. Mellom anna av Amnesty Noreg.
Likevel støtta Noreg opp om prosjektet.
Historia gjentek seg
I ettertid har utanriksdepartementet sagt til VG at det var «naudsynt å forhalde seg til dei som på den tida kontrollerte dei aktuelle grensene og områda i Sudan» om målet var å forbetre grensekontrollen og tilhøva for migrantar.
Sylvi Listhaug har sagt til same avis at EU sat med hovudansvaret.
Då krigen i Sudan braut ut, med RSF i ei av hovudrollene, vart Listhaug på ny spurt om pengestøtta av VG, og svarte at «det er ingen tvil om at det kan sjå ut som EU burde hatt ein strengare kontroll med kva pengane gjekk til».
No gjentek historia seg. RSF står bak det som liknar på etnisk reinsing - kanskje eit folkemord. Pengane som eventuelt kom via EU-fondet i si tid speler nok ingen avgjerande rolle i dag.
Derimot verkar det som om støtte frå Emiratane er heilt avgjerande for at RSF framleis er sterke og slagkraftige.
Publisert 01.11.2025, kl. 08.53










English (US) ·