– Eg kjenner jo berre på stressnivå, og at ingenting stemmer. Eg kjenner ikkje igjen kroppen. «Er det vits å hoppe i dag, liksom?»
Det var mange kjensler i sving då NRK møtte Noregs medaljefavoritt i hopp – éi veke før VM.
I fleire år har Eirin Maria Kvandal kjempa mot eiga frykt. No prøver ho å få kontroll før høgdepunktet i karrieren ventar i Granåsen.
– Trenarane mine forstod dette når ingen andre gjorde det. Kor sakte eg må ta ting og den frykta. Ikkje berre frykta for å skade seg igjen, men også frykta for å dumme seg ut. Den varte lenge.
– Kor lenge?
– Ja, den er vel ikkje heilt borte enno, eigentleg.
Kvandal stoppar opp i intervjuet, og tenker seg om. Ho er tydeleg prega, og summar seg før ho avslører kvar det trykker mest:
– Nei. Det går jo på sjølvkjensla, rett og slett.
TRONDHEIM-VM: Eirin Maria Kvandal er på plass og kjenner press før VM.
Foto: Erlend Lånke Solbu / NRK– Livet rasa
Akkurat no er Kvandal den beste norske kvinnelege skihopparen. Ho ligg på femteplass i verdscupen samanlagt, og har to sigrar sidan nyttår.
Men vegen hit har vore lang, og ein kamp.
For i januar 2021 rysta ho hoppverda. Den då 19 år gamle Kvandal hadde ikkje tatt poeng i verdscupen før, og enda med å vinne storbakkerennet i slovenske Ljubno.
Den raske suksessen kom kanskje for raskt. Få veker seinare fall ho i austerrikske Hinzenbach.
– Livet rasa jo på mange måtar saman.
ALVORLEG: Eirin Maria Kvandal blei boren ut av sletta etter fallet i 2021.
Foto: BARBARA GINDL / AFPDet enda med ein alvorleg kneskade, og det tok to år før ho kunne hoppe igjen. Det kosta. Også psykisk.
– Eg kjente mykje skam knytt til det. For eg hadde jo hatt ein del fall i forkant. Og eg hadde fått eit stempel på meg at eg var dårleg på å lande. Så det var eit veldig sårt tema.
Kvandal ønskte å gjere noko med det stempelet. Men no vart ho frårøva moglegheita.
– Eg kunne ikkje motbevise meg sjølv heller. Så det trur eg nesten var det tøffaste for meg. Det var den skamma knytt rundt dette, seier ho.
KONSEKVENSAR: Kneet til Eirin Maria Kvandal såg slik ut før ho opererte tilbake i 2021.
Foto: Eirin Kvandal– Ein kamp mot hovudet
Då ho slo gjennom i 2021 hadde ho ikkje fått jobba nok med inngangen til landingane, blant anna på grunn av ein ryggoperasjon i 2018.
– Det var det eg ikkje klarte då eg skadde meg, på ein måte. Det svartna, og så droppa skia.
I fleire år har ho jobba saman med trenarane Christian Meyer og Henning Stensrud for å lære seg å lande trygt.
Blant anna med fokus på korleis ho skal takle overgangen frå svev til landing.
– Det har vore ei utfordring. Det har vore veldig sårt, og noko eg har jobba mykje med, seier ho.
Landslagshopparen seier det i stor grad også handlar om å vere trygg nok til å kunne sleppe seg heilt fri og fullføre på ein god måte.
– Då eg datt, så kjente eg at eg fekk panikk. Det er den frykta eg har for at det skal slå inn. Det har vore ein kamp mot hovudet, seier ho.
FALLET: 7. februar 2021 fall Eirin Maria Kvandal i austerrikske Hinzenbach.
Foto: AFPMåtte avgrense Kvandal
Det å flyge langt nok ned bakken har aldri vore eit problem i seg sjølv for Kvandal. Problemet har vore redselen for at ho skal flyge for langt.
– Vi har måtta stå imot ein god del av omverda, som ikkje skjønner kvifor vi tar frå Eirin førsteplassar i hopprenn ved å gå ned på farten, fortel trenar Meyer.
Ved fleire høve har trenaren tatt valet om å gå ned på fart på bommen, sjølv om farten frå bommen skal ha vore tilpassa flyforholda.
PARTNARAR: Eirin Maria Kvandal og trenar Christian Meyer.
Foto: NTBRett og slett fordi at Kvandal kan ende med å hoppe for langt, og få problem med landinga.
– VI har også justert ned utstyret, for å prøve å avgrense. Eit tiltak vi prøvde ein gong, var å gi henne ein mindre hoppdress. Så fann vi ut at det heller ikkje var så smart, for då får du jo høgare fart når du landar, seier Meyer.
Trenaren fortel at dei har forska mykje, og lært mykje undervegs. Han understrekar at sikkerheit kjem først.
– Når du har kjent på smerta det er å sjå at folk øydelegg seg, så blir det opplevd som veldig greitt at dei heller kjem trygt gjennom konkurransen.
SUKSESS: Eirin Maria Kvandal vann RawAir 2024 samanlagt for kvinner. Stefan Kraft frå Austerrike vann på herresida.
Foto: NTB– Hatt samanbrot
Når VM i Trondheim er rett rundt hjørnet, sender 23-åringen tankar til VM i Planica for to år sidan. Ho var med på laget som tok bronse i normalbakken.
Men frykta var såpass stor, at ho stod over resten av meisterskapen etter det.
– Det var veldig stas å vere med i VM for første gong, men veldig blanda. For eg var nok meir redd for å mislykkast enn eg hadde lyst til å lykkast på ein måte.
Kvandal er på eit heilt annan stad no, ifølge seg sjølv. No kjenner ho seg mykje tryggare i bakken.
– No har eg det kjempeartig med det å tore å hoppe langt. Og så ta det vidare med å få ordentleg fine nedslag. Eg føler at vi er på god veg.
Dette har gjort at ho no er ein av gullfavorittane under VM i Trondheim. Det stempelet ønsker ho, men redselen for å gjere feil ulmar i bakhovudet.
– Eg har hatt ein del samanbrot gjennom vinteren her også. Eg har jo det. Det sit jo djupt, men kan kome veldig fort fram. Det er ting som kan sette meg ut framleis, fortel ho.
EIN KAMP: Eirin Maria Kvandal fortel at ho har det mykje betre no. Men at frykta fort vendar tilbake.
Foto: NTB– Eg kan ikkje vere redd
Men denne tankespiralen har ho jobba mykje med. Ho fortel at dei har ein klar plan på korleis ho skal takle situasjonen, og prestere på sitt beste.
– Eg kan ikkje vere redd for dei tankane heller. For eg kjem til å vere stressa, og eg kjem til å vere kvalm når eg er på veg opp til toppen. Det er det ikkje noko tvil om, seier ho.
Kvar dag jobbar ho med å skilje utøvar frå person. Ho jobbar med å gjere frykt til glede. Og ho jobbar mot det store målet, som er gull i Trondheim.
– Dersom det går dårleg, då, som utøvar, så definerer ikkje det deg som person. Men det er vanskeleg å skilje. Det er jo ein så stor del av livet ditt. Det går på sjølvkjensle og sjølvtillit. Utan tvil.
Presterte under tunge forhold
De fire norske hadde torsdag ingen problemer med å kvalifisere seg til kvinnenes renn i normalbakken fredag.
Anna Odine Strøm ble nummer to etter et godt hopp på hele 101,5 meter.
Eirin Maria Kvandal fikk betydelig tyngre forhold, men endte på en fjerdeplass.
– Det kjentes ikke like rent ut som i prøveomgangen, men godt innenfor synes jeg, sier Kvandal til NRK.
– Litt tynt hopp, og blant de tyngste forholdene vi har hatt i dag. Men jeg er ikke kjempebekymret. Jeg tenker det er et greit utgangspunkt, sa NRKs hoppekspert Johan Remen Evensen.
Heidi Dyhre Traaserud var første startende av de norske i kvalifiseringen. Hun gjorde også sakene godt, og landet på 99 meter.
Traaserud tok en klar ledelse, og ble til slutt nummer 14.
Ingvild Midtskogen ble nummer 15.
Publisert 27.02.2025, kl. 21.32 Oppdatert 27.02.2025, kl. 21.38