Avkrefta myte om peanøttallergi – kommentarfeltet koker

2 weeks ago 6


Allergisjukepleiar Liv Bjerke Rodal gjekk ut for å avkrefte ein myte om peanøtt- og nøtteallergi i ein video hos Tidsskriftet Sykepleien.

– Mange med nøtteallergi går og er redde for å vere i same rom som nøtter og peanøtter. Det treng dei ikkje å vere, seier ho i videoen.

Det fekk kommentarfeltet til å koke. Mange er frustrerte over formidlinga av bodskapen.

Videoen er sett over 694.000 gongar og har 300 kommentarar – dei fleste kritiske.

Aurora Ytreberg Meløe / NRK

Trine Rambøl er blant dei som reagerer på videoen.

Det er viktig at dei som uttaler seg om dette veit kva makt dei har som helsepersonell.

Rambøl, som sjølv er allergisk mot peanøtter, trur at videoen kan verke mot si hensikt.

Det er ikkje oss som er allergikarar dei når. Dei når dei som er synest det er slitsamt å ha peanøttallergi rundt seg, seier ho til NRK.

Fryktar mindre omsyn

Rambøl er kritisk til formidlinga av bodskapen.

Ho meiner at ein slik video kan vere med på å «ufarleggjere» allergiane.

Eg trur det som når ut til folk, er at peanøttallergi ikkje er så farleg som alle skal ha det til.

Vi som er allergiske har alltid kjent det på kroppen, og veit korleis det fungerer, legg Rambøl til.

en kvinne som tar en selfie

Trine Rambøl reagerer på Bjerke Rodal si formidling. Rambøl er sjølv allergisk mot peanøtter.

Foto: Privat

Ho har sjølv erfart både milde og alvorlege allergiske reaksjonar av peanøtter.

– Eg kan vere i eit rom med peanøtter og er ikkje redd for det. Problemet er at folk tar på nøttene og deretter på andre ting. Då skal det ikkje så mykje til for å få peanøtt-støv på seg.

Rambøl fryktar at informasjonen kan leie til at folk tar mindre omsyn til allergikarar.

– Eg synest ikkje at dette skal endre rutinane for korleis vi handterer peanøtt- eller nøtteallergi.

Aurora Ytreberg Meløe / NRK

Rambøl er glad for at helsepersonell tar tematikken på alvor, men meiner at samtalen bør vere mellom pasient og behandlar.

– Det er positivt at dei har undersøkt og tatt tak i dette. Det er kjempefint at folk som er redde, kan få forsking som viser at dei sannsynlegvis kan opphalde seg i eit rom med peanøtter.

Peanøtter.

– Eg trur det som når ut til folk er at peanøttallergi ikkje er så farleg som alle skal ha det til, seier Rambøl.

Foto: Aurora Ytreberg Meløe / NRK

– Fagmiljøet synest dette er viktig

Allergisjukepleiaren er tydeleg på at hensikta er å nå ut med oppdatert kunnskap.

– Det er jo ikkje for å provosere nokon. Men heile fagmiljøet synest dette er viktig. Vi har prøvd i fleire år å få denne informasjonen ut, seier Rodal til NRK.

Rodal er seksjonsleiar og sjukepleiar ved regionalt senter for astmaallergi og overfølsemd i Midt-Noreg, som held til på St. Olavs hospital i Trondheim.

Kvinne i sjukepleiaruniform som sit på ein stol.

Allergisjukepleiar Liv Bjerke Rodal.

Foto: Ingvild Gaare-Olstad / Privat

Ifølgje allergisjukepleiaren er ikkje peanøtter og nøtter eit luftbore allergen.

– Det blir målt veldig små mengder allergen rett over opne posar, fat eller esker med nøtter og peanøtter. Også når dei aktivt blir opna eller rista på, forklarar Rodal til NRK.

– I den grad det kan bli målt, er det ikkje noko som kan framkalle moderate eller alvorlege reaksjonar, legg ho til.

En peanøtt i en åpen munn og en som holder en peanøtt.

Mange reagerte då allergisjukepleiaren avkrefta ein myte om peanøtt- og nøtteallergi.

Foto: Aurora Ytreberg Meløe / NRK

Kunnskap i utvikling

Også Norges Astma- og Allergiforbund (NAAF) er opptatt av å formidle ny og oppdatert kunnskap.

– Handtering og utgreiing av allergi har vore i utvikling i mange år. Fleire ting som blei fortalt før, har vi funne ut at ikkje stemmer i nyare tid.

Det seier Anna Bistrup, seniorrådgjevar for helse og samfunnskontakt i Norges Astma- og Allergiforbund, til NRK.

Anna Bistrup smiler til kameraet

Anna Bistrup er seniorrådgivar helse og samfunnskontakt i Norges Astma- og Allergiforbund.

Foto: Morten Skovdal / Norges Astma- og Allergiforbund

– Oppdatert kunnskap er viktig å få ut. Men det er vanskeleg når du har blitt fortalt ein ting heile barndommen din, og som vaksen blir du fortalt det motsette, seier Bistrup.

Ifølgje ho er det helsepersonell sitt ansvar å sørgje for korrekt pasientopplysning.

– Helsevesenet har ein jobb med å sørgje for riktig opplæring og oppfølging av helsepersonell og allergikarar, seier Bistrup.

Utdatert kunnskap

Allergisjukepleiar Rodal meiner at feilinformasjon om allergiane har fått halde fram – trass i ny forsking.

– Vi har merka oss at temaet engasjerer sterkt, og at det vekker reaksjonar. Nokon gir uttrykk for usemje og frustrasjon, det har vi forståing for.

– Men vi har eit ansvar for å formidle kunnskap som kan bidra til tryggleik og riktig handtering, sjølv om det kan utfordre det vi tidlegare har trudd.

Nøttemiks i en haug på en hvit-duket bord.

– Vi har merka oss at temaet engasjerer sterkt, og at det vekker reaksjonar, seier Rodal.

Foto: Aurora Ytreberg Meløe / NRK

Sjukepleiaren meiner likevel at opplysning om peanøtt- og nøtteallergi er viktig å formidle til samfunnet, sjølv om mange er skeptiske til informasjonen.

– Dette er ikkje feilinformasjon, men bekreftar vårt inntrykk om at vi bør halde fram med opplysningsarbeidet, seier sjukepleiaren.

Anna Bistrup i NAAF er opptatt av å unngå å omtale utdatert kunnskap som ei myte.

– Ordet myte får det til å verke som at allergikarar har innbilt seg ting. Den kunnskapen baserer seg på gamle og utdaterte råd og informasjon.

Har du ein matallergi?

Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.

Ei oppleving av kontroll

Allergisjukepleiar Rodal meiner at kunnskapen kan bidra til å gje allergikarar ei oppleving av kontroll over allergien.

– Dette inneber at pasienten ikkje treng å bekymre seg for omgjevnadane, så lenge han sjølv har oversikt over kva han et, seier Rodal til NRK.

Bistrup understrekar at ho har forståing for allergikarar som opplever uro over å vere i nærleiken av eller lukte det som har eller kan gi dei ein alvorleg reaksjon.

– Det er viktig å påpeike at vi ikkje skal kalle det for innbilling eller hypokondri. Men kanskje at det er eit behov for å få ei reell utgreiing og avklaring av kva du toler og ikkje.

Sjølv om kunnskapen og råda er endra, betyr det ikkje at folk skal slutte å ta omsyn til personar med alvorleg allergi, ifølgje Bistrup.

Aurora Ytreberg Meløe / NRK

Nøttefrie soner

Allergisjukepleiaren peikar på at luktesansen kan framkalle minne:

– Lukt kan aktivere emosjonar og minne. Det kan igjen utløyse fysiologiske responsar, seier Rodal.

– For personar med matallergi kan eksponering for lukta vere tilstrekkeleg til å framkalle allergiliknande symptom. Sjølv utan fysisk kontakt eller inntak av allergenet.

Peanøtter.

Lukt kan framkalle allergiliknande symptom blant allergikarar.

Foto: Aurora Ytreberg Meløe / NRK

Rodal viser til forsking der born med peanøttallergi lukta på ei skål med peanøtter. Ingen av borna i forsøket fekk moderate eller alvorlege allergiske reaksjonar.

– Mange har trudd at vi må skape eit heilt nøttefritt miljø for å beskytte born med nøtteallergi. Det er krevjande og eit veldig stort ansvar.

– Det er umogleg å kontrollere alle situasjonar og omgjevnader, legg ho til.

Peanøtter.

– Det er viktig at det er riktig tiltak til riktig tid, seier Bistrup.

Foto: Aurora Ytreberg Meløe / NRK

Anne Bistrup er samd i at skular og barnehagar ikkje skal forby mat, men vere merksame på krysskontaminering.

– Det skal bli tilrettelagd for allergikarar, men det er viktig at det er riktig tiltak til riktig tid, seier ho.

Publisert 21.09.2025, kl. 05.57 Oppdatert 21.09.2025, kl. 14.17

Read Entire Article