Ann Telnaes har arbeida i The Washington Post sidan 2018. Men no blir det ikkje fleire teikningar frå henne i avisa, skriv ho sjølv på Substack.
– Eg har aldri opplevd at ei teikning har blitt avvist på grunn av kven eller kva eg har valgt å rette pennen mot. Før no.
Ifølgje Telnaes kritiserer teikninga tech-milliardærar og medietoppar som har gjort mykje for å få innpass med den komande presidenten.
Meta-sjefen Mark Zuckerberg, OpenAI-sjefen Sam Altman, og sjefredaktør i avisa LA Times Patrick Soon-Shiong er avbilda.
Det same er også Washington Posts eigar Jeff Bezos. På teikninga står han med pengesekken retta mot Donald Trump.
– Dette er farleg for den frie pressa, åtvarar Telnaes.
– Snur opp ned på alt
Telnaes understrekar at det har vore høve der teikningar ikkje har blitt publisert eller har fått innspel til endringar, men aldri ikkje på grunn av den underliggande bodskapen, skriv ho vidare.
David Shipley som er ein av redaktørane i The Washington Post avviser dette.
Til New York Times seier Shipley at han respekterer avgjerda til Telneas men er ikkje einig i framstillinga hennar.
– Avgjerda var basert på at vi nettopp hadde publisert ei spalte om same tema som teikninga, og allereie planlagt å publisere ei anna spalte, denne gongen satire. Det einaste eg var i mot var gjentaking.
Han seier han har vore i kontakt med henne og ytra eit ønske om at ho kjem tilbake til avisa.
Telneas derimot meiner at avgjerda blei tatt på grunn av bodskapen i teikninga hennar som kritiserer Bezos og avisas forhold til Donald Trump.
– Eigarar av presseinstitusjonar har eit ansvar for å beskytte den frie pressa. Å prøve å godsnakke med ein komande autokrat vil berre føre til at den frie pressa blir undergrave.
NRK har prøvd å få kontakt med Tenaes, men har ikkje lykkast.
Publisert 04.01.2025, kl. 11.38 Oppdatert 04.01.2025, kl. 12.00