Med teip over munnen, skal du tvinge kroppen til å puste gjennom nasen.
Dette har mange helsefordelar, påstår tilhengarane.
Det blir sagt at det blant anna kan hjelpe mot munnpusting om natta, dårleg ande, gi betre søvnkvalitet, hindre snorking, auke konsentrasjonen og gi meir definert kjeve.
På TikTok har teiping over 80 millionar visningar, og kjendisar som Erling Braut Haaland sver til trenden – som for alvor tok av i 2024.
Men ny forsking åtvarar.
Dette er nemleg ikkje for alle. Faktisk kan det vere direkte farleg for nokre av oss, viser ein rapport publisert i det vitskaplege tidsskriftet PLOs One.
Mange TikTok-brukarar sver til munnteiping. Emneknaggen «mouthtape» har rundt 85 tusen innlegg.
Foto: SKJERMBILDE: TIKTOKPotensiell risiko
Kanadiske Brian Rotenberg er øyre-nase-hals-lege og ein av forskarane bak studien.
Han blei nysgjerrig da fleire av pasientane hans spurde om dei burde begynne med munnteiping.
– I ein periode rulla eg med auga og tenkte: «enda ein internett-trend». Men så var det fleire og fleire som spurde om dette, så da tenkte vi at vi måtte forske på det.
– Vi gjekk gjennom omtrent 86 artiklar til prosjektet vårt. Av desse var dei fleste meiningsbaserte eller av låg kvalitet. Slikt kan ikkje brukast til å gi meiningsfulle medisinske utsegner. Det var ti studiar som hadde høgare kvalitet, seier Rotenberg.
Foto: Schulich School of Medicine & DentistryFørst fann dei tidlegare forsking gjord på temaet, publisert frå 1991 til 2024. Dei fleste studiane var usikre og svake, ifølge Rotenberg.
Så slo forskarane saman funna frå dei brukbare studiane. På den måten fann dei ut meir enn det kvar enkelt studie kunne seie kvar for seg.
Konklusjonen er klar: Teipa munn mens du søv kan vere skadeleg, spesielt for personar som har trong eller blokkert nase.
Er du allergisk, forkjølt eller har skeiv nasevegg, kan kroppen slite med å få nok luft gjennom nasen aleine.
Rotenberg meiner påstandane om helsefordelar ved å teipe munnen om natta er overdriven og ikkje basert på vitskaplege bevis.
Foto: Mette Vollan / NRKRotenberg fortel at mange har søvnapné utan å vite om det.
– Så du har allereie eit problem der du ikkje kan puste gjennom nasen. Nasen er delvis blokkert, og så stenger du av den siste luftvegen. Det kan gjere heile situasjonen verre, og kan utsette folk for fare.
- I NRK-podkasten «Spør for ein venn» sov dei med teip over munnen i ei veke. Dei hadde delte meiningar:
– Bør tenke deg godt om
Professor Ståle Pallesen forskar på søvn og søvnforstyrringar ved Universitetet i Bergen.
Han seier at dei lærde stridast om bruken av munnteip.
– Nokon meiner at om du pustar med nasen, så filtrerer du lufta betre, du får mindre allergen, virus og andre ting inn.
Men sjølv er professoren einig i konklusjonen i studien.
Pallesen fortel at det er få studiar på feltet. – Det er ikkje nokon god dokumentasjon på at du får ein vesentleg betre søvn ved å bruke munnteiping for folk flest, seier han.
Foto: Universitetet i BergenSærleg hos eldre, men også generelt, er andelen med søvnapné høg, fortel Pallesen.
– Om du har ein form for obstruksjon, eller du for eksempel har allergi eller andre problem som gjer at nasen din blir litt tett, så er det særs uheldig å begynne å teipe munnen sin med tanke på å få betre søvn.
Du bør tenke deg godt om, og gjerne få ein medisinsk sjekk før du begynner å teipe munnen din, meiner han.
– Og i tillegg, sjølv om du har gode luftvegspassasjeforhold i nasen, er det ikkje sikkert at det har nokon særleg vesentleg klinisk god effekt.
Nokre studiar viste forbetring på snorking, viser forskinga frå Canada, men resultata sprikte også her.
Foto: Mette Vollan / NRK– Men for dei som føler at det hjelper, er det nokon grunn til at dei ikkje skal gjere det?
– Om dei føler at det hjelper, så tenker eg at det ikkje er nokon grunn til å skulle la vere å gjere det. Men ver obs på dette med blokkeringar i nasen – som kan vere eit problem om du bruker munnteip.
Den kanadiske forskaren nektar ikkje for at nokon kan oppleve at dei får positiv effekt av munnteiping.
– Men ein persons erfaringar bør ikkje generaliserast til 100.000 menneske, seier Rotenberg.
Publisert 29.05.2025, kl. 20.30