Saka tar opp følgande spørsmål:
- Kven var Charlie Kirk?
- Kva er Turning Point?
- Korleis blei Kirk drepen?
- Kva var Kirk si haldning til vald og våpen?
- Kva er reglane for våpen i USA?
- Når var førre politiske drap i USA?
- Korleis forheld Trump seg til politisk motivert vald?
- Kva kan bli konsekvensen av dette drapet?
Charlie Kirk var ein konservativ og høgreorientert aktivist.
Foto: Alex Brandon / AP / NTBKven var Charlie Kirk?
Charlie James Kirk (31) er ein konservativ og høgreorientert aktivist frå USA.
Kirk har podkasten «The Charlie Kirk Show», og blir rekna som ein trufast støttespelar av president Donald Trump.
I 2012 grunnla Kirk organisasjonen Turning Point USA.
Kva er Turning Point?
Turning Point USA er ein av dei mest synlege konservative ungdomsrørslene i USA.
Organisasjonen har over 800 lokallag på universitet over heile USA, opplyser organisasjonen på sine eigne nettsider.
Organisasjonen står også bak nettsida «Professor Watchlist», som har mål om å eksponere det organisasjonen meiner er radikale akademikarar.
Turning Point var blant dei som fremma påstanden om at det var juks som gav Joe Biden sigeren over Trump under valet i 2020 i USA.
Korleis blei Kirk drepen?
Kirk var på turné med foredraget «The American Comeback Tour», som han etter planen skulle reise rundt i USA med.
Under eit arrangement på Utah Valley University (UVU) i byen Orem blei Kirk skoten. Kort tid etter blei det bekrefta at 31-åringen døydde av skotet.
Drapet har blitt omtalt som eit «politisk attentat», sjølv om gjerningspersonen ikkje er pågripen og det motivet er uvisst.
Styresmakta i Utah seier dei har gode videoar av skyttaren og er sikker på at han vil bli tatt, melder nyheitsbyrået Reuters.
Publikum flykter vekk fra scenen hvor Charlie Kirk ble skutt.
Foto: Tess Crowley / AP / NTBEn kvinne gråter etter å ha vært vitne til skuddet.
Foto: Tess Crowley / AP / NTBPolitiet sikret åstedet, og FBI er påkoblet etterforskningen.
Foto: Trent Nelson / The Salt Lake Tribune / Reuters / NTBKirk var tilstede ved Utah Valley University for å snakke på vegne av organisasjonen sin Turning Point.
Foto: Tess Crowley / AP / NTB
Kirk hadde mange støttespelarar ved universitetet. Turning Point sitt lokallag har om lag 150 aktive medlemmar, ifølgje organisasjonen.
Men ikkje alle var positive til 31-åringen sitt besøk.
I forkant av arrangementet på universitetet blei det oppretta ein underskriftskampanje mot Kirk sitt besøk.
I overkant av 900 personar skreiv under. Dei kritiserte universitetet for å gi Kirk sin «splittande og marginaliserande retorikk» ein plattform.
Kva var Kirk si haldning til vald og våpen?
Kirk var ein ivrig debattant som var kjend for å reise rundt på skular og universitet i USA. 31-åringen inviterte politiske motstandarar til å utfordre og debattere han.
– Når folk sluttar å snakke saman, det er då valden oppstår, sa Kirk til ein debattant under eit tidlegare besøk ved eit universitet i USA.
På ei minnemarkering for Kirk var det fleire frammøtte som synleg bar våpen.
Foto: DAVID RYDER / AFP / NTBIfølge kommentator for AmerikanskPolitikk.no Sigrid Rege Gårdsvoll og Civita-rådgivar Eirik Løkke var Kirk alltid villig til å debattere med folk han var ueinig med.
– Han hadde kontroversielle meiningar, men han hadde tru på open debatt, seier Sigrid Rege Gårdsvoll.
Samstundes hadde Kirk tydlege meiningar om USA sine våpenlovar.
– Det er verd å ha ein kostnad i form av, dessverre, nokon drepne av skytevåpen slik vi kan ha det andre grunnlovstillegget, sa Kirk for nokon månadar sidan ifølgje BBC.
Kva er reglane for våpen i USA?
Det andre grunnlovstillegget i USA si grunnlov handlar om retten til å bere våpen.
«Folket sin rett til å eige og bere våpen, skal ikkje bli krenkt» står det i den amerikanske grunnlova frå 1787.
Korleis amerikanarane skal tolka det andre grunnlovstillegget er omstridd og mykje debattert. I tillegg til føderale lover, kan delstatane ha eigne våpenlovar.
Fleire i USA er rysta over drapet på Kirk, og har arrangert minnemarkeringar.
Foto: DAVID RYDER / AFP / NTBI delstaten Utah, som Kirk blei skoten og drepen i, er det republikanarane som sit med makta.
For å kunne kjøpe eit handvåpen hos ein lisensiert forhandlar i Utah må du vere minst 21 år. Er du mellom 18 og 20 år kan du kjøpe rifler og hagler, opplyser styresmakta i Utah på sine nettsider.
For å kjøpe hos ein lisensiert forhandlar blir ein bakgrunnssjekk gjennomført.
Delstaten har eit forbod mot å bere våpen opent eller skjult på skular og universitet. Berre dei med løyve kan bere våpen der.
Det var mange som møtte opp til minnemarkeringa av Kirk 10. september.
Foto: DAVID RYDER / AFP / NTBI 2023 døydde 46.728 menneske som følge av skytevåpen, ifølgje Johns Hopkins-universitetet.
Det betyr at ein person blei drepen av eit skytevåpen kvart ellevte minutt.
Tala inkluderer også sjølvmord. Seks av ti som døydde av skytevåpen var sjølvmord.
Når var førre politiske drap i USA?
Sjølv om politisk motiverte drap er sjeldan, har det vore ein auke dei siste åra, ifølge Politico.
For tre månader sidan blei to politikarar i Minnesota skotne. Den eine døydde.
To månadar før det igjen blei huset til den demokratiske guvernøren Josh Shapiro sat fyr på.
I fjor var det to attentatforsøk mot Donald Trump.
Kistene til Melissa Hortman og ektemannen, som blei skotne i heimen sin i Minnesota.
Foto: Tim Evans / Reuters / NTBEr det ein auke i politisk vald i USA?
USA-kjennar Jan Arild Snoen seier politiske drap er så sjeldan at det er vanskeleg å trekke konklusjonar, men at det har vore fleire angrep enn det som er vanleg dei siste åra.
Ifølgje Reuters har det i løpet av 2025 vore om lag 150 politisk motiverte angrep.
Det er nær ei fordobling frå same periode i fjor.
Korleis forheld Trump seg til politisk motivert vald?
Trump omtalar Kirk som ein martyr, og seier den radikale venstresida har ført ein hatefull retorikk.
– Denne retorikken er direkte ansvarleg for terrorismen vi ser i landet vårt i dag, og det må ta slutt no, seier Trump.
Sigrid Rege Gårdsvoll og Eirik Løkke åtvarar mot å knyte dette til venstresida før ein har tatt gjerningspersonen og kjenner motivet til vedkommande.
Løkke meiner Trump har nokon poeng om retorikken, men at det verkar holt.
– Det er vanskeleg å unngå å sjå kor holt hykleriet til Trump er. For er det nokon som demoniserer motstandarar, er det Trump, seier Løkke.
Eirik Løkke seier at Kirk var «ganske avgjerande for at Trump blei attvald». Her er Trump og Kirk på eit arrangement i desember 2024.
Foto: AFPKorleis vil du seie Trump forheld seg til politisk motivert vald?
– For han så går det berre føre seg på venstresida. For det som går føre seg på høgresida, det er noko anna, seier Jan Arild Snoen.
Det tydelegaste er det at han har benåda alle som stod bak valden ved kongresstorminga, legg Snoen til.
Kva kan bli konsekvensen av dette drapet?
Sigrid Rege Gårdsvoll seier det er grunn til bekymring når Trump knyter ordet terrorisme til retorikken til venstresida.
– Det er i interessa deira å kalle meir terror, for då har dei friare grep, seier Gårdsvoll om presidenten og støttespelarane hans.
Løkke trur Trump vil bruke dette som påskot for meir autoritære grep.
Flagget er på halv stong ved Det kvite hus etter drapet på Kirk.
Foto: Mark Schiefelbein / AP / NTBJan Arild Snoen peikar på at det finst lyspunkt, sjølv om det kan kome motreaksjonar på drapet.
– Ein forskingsrapport viser at det ikkje var nokon auka støtte til vald etter attentatforsøket mot Trump i fjor. Det var snarare ein reduksjon på republikansk side. At dei da ikkje ønskte gjengjelding, må vi ta som positivt teikn, seier Snoen.
– På den andre sida ser vi no fullt av krav i sosiale medium om at «no må det bli tatt eit oppgjer med venstresida». Så vi risikerer jo å få motaksjonar, legg Snoen til.
Republikanarane og Demokratane har begge fordømt drapet på Kirk.
– Nasjonen vår er øydelagt. Vi hadde nyleg eit politisk attentat i Minnesota. Vi hadde eit attentatforsøk på guvernøren i Pennsylvania. Og vi hadde eit attentatforsøk på presidenten, seier den republikanske guvernøren i Utah, Spencer Cox.
– Eg kan ikkje seie noko som kan foreine oss som ein nasjon. Ingenting som eg kan seie akkurat no kan reparere det som er øydelagt, legg Cox til.
Kamala Harris fordømmer drapet på Kirk.
Foto: Jacquelyn Martin / AP / NTBOgså demokraten Kamala Harris er «djupt opprørt» over drapet.
– La meg vere tydeleg: Politisk vald har ingen plass i Amerika. Eg fordømmer denne handlinga, og vi må alle jobbe saman for å sikre at dette ikkje fører til meir vald, skriv Harries på X.
Interessert i utanriks?
Høyr utanriksredaksjonen sin nyaste podkast-episode:
Publisert 11.09.2025, kl. 16.42