Asylmottaket fekk fleire bebuarar etter at dei starta kafé for skeive

5 hours ago 4


– Vi kan dele problema vi møter i asylmottaket og gi venner råd, seier Fred Lubega frå Uganda.

På asylmottaket i Tingvoll på Nordmøre driv han og åtte andre skeive bebuarar ein eigen «Skeiv kafé» for å motverke hat og fordommar.

Her kan dei vere seg sjølve, men slik har det ikkje alltid vore.

– Vi kjem frå stader der vi ikkje har vore fri. Dei aksepterte ikkje den typen kjærleik vi ville ha, men det er den vi vil ha, og det kan vi ikkje endre, seier Lubega.

Men det er heller ikkje sjølvsagt at dei kan vere seg sjølve i asylmottak i Noreg. Mange skeive i mottak har opplevd både mobbing og trakassering.

Tre menn som sitter ved et bord og spiller sjakk.

På mottaket i Tingvoll er dei ni skeive som driv kafeen. Denne dagen spelte Fred Lubegg, Marcos Vinicius og Hakiim Twiine sjakk.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Dei opplever ein del psykisk vald

Skeiv Verden har gjennom pengar frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (Imdi) hjelpt til med å starte kafeen på mottaket i Tingvoll.

Hanne Lyseth, som er generalsekretær i Skeiv Verden, har fleire eksempel på ting skeive kan oppleve i mottak.

– Dei opplever ein del psykisk vald, utestenging og trakassering. Dei kan kanskje ikkje nytte seg av fellesareala på same måte som dei andre. Nokon kan seie «Eg vil ikkje bruke den tallerkenen som han har brukt, for han er skitten».

en person som sitter på en datamaskin ved et skrivebord.

Hanne Lyseth, generalsekretær i Skeiv Verden, seier at fleire skeive opplever trakassering og psykisk vald i mottak.

Foto: Sunniva Linjord / NRK

Kvart år er Skeiv Verden i kontakt med om lag 70 skeive bebuarar på asylmottak, som alle treng eit nettverk.

Lyseth fortel at mange flyktar frå heimlandet nettopp fordi den seksuelle legninga gjer at dei ikkje er trygge der. Nokon har vore forfølgde, andre fengsla og i nokre tilfelle torturerte.

– Så kjem dei til Noreg for å søke tryggleik og for å leve frie liv, men så opplever dei at dei same menneska bur saman med dei på mottaka. Da kjem dei i ein veldig vanskeleg situasjon, seier Lyseth.

– Kjenner oss aksepterte

Når skeive opplever trakassering eller er utrygge på mottak, tek Skeiv Verden kontakt med Udi for å hjelpe dei med å flytte til andre mottak.

Og fleire har derfor blitt flytta til mottaket på Nordmøre.

– Det er ein av grunnane til at det er ni stykker som har skeiv kafé på Tingvoll, seier Lyseth.

Hakiim Twiine er nøgd med det dei har fått til å skape i nordmørskommunen.

Her har vi laga ein base der alle kan komme å kjenne seg heime.

Og ifølgje bebuarane sjølv, har det skjedd noko etter at dei starta opp «Skeiv kafé».

– Møta her er ei moglegheit til å kjenne seg komfortabel, trygg og kjenne på at ein ikkje er aleine. Det er fleire av oss, og vi kjenner oss aksepterte, seier Marcos Vinicius.

en mann som holder i et ark med en regnbue på.

Marcos Vinicius er også med på å drive Skeiv kafé på mottaket i Tingvoll.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Trur folk er redde for eigen asylsøknad

I handlingsplanen «Tryggleik, mangfald og openheit» står det også at lhbtiq-personer som bur på asylmottak er utsett for vald frå deltakarar.

Lyseth seier det er fleire år sidan ho har høyrt om fysisk vald mot skeive på mottak, men at ho stadig høyrer om psykisk vald.

– Dei fleste vil jo vere varsame med å gjere noko som vil sette eigen asylsøknad i fare. Dermed vil dei også vere meir varsame med den typiske fysiske valden.

en mann som snakker med en annen mannet nærbilde av noen bøker med regnbuefarger

Når de møtes på Skeiv kafe på asylmottaket føler deg seg trygge og akseptert.

Eirik Haukenes / NRK

Viktig med fellesskap

Direktør i Imdi, Libe Rieber-Mohn, seier det er viktig å støtte lågterskeltilbod for skeive bebuarar i mottak.

Portrett av Libe Rieber-Mohn

Direktør i Imdi, Libe Rieber-Mohn, rosar tiltaket i Tingvoll.

Foto: Erik Thallaug / IMDi

Dei siste seks åra har dei støtta Skeiv Verden med til saman 11 millionar kroner i prosjektmidlar.

Rieber-Mohn seier Tingvoll går føre med eit godt eksempel.

– Vi veit at det har mykje å seie at ein kan søke støtte, fellesskap og aksept frå andre, så det synest eg høyrest veldig, veldig bra ut.

Publisert 25.06.2025, kl. 06.56

Read Entire Article