Arsenals musikkval vekker oppsikt: – Dei skal passe seg

3 hours ago 4


– Det er eit høgt spel, men det er berre artig og set ein ekstra spiss på oppgjera, meiner NRKs fotballekspert Kristoffer Løkberg.

Kampen mellom Arsenal og Manchester City i helga vitnar om at Erling Braut Haaland ikkje er ein særleg populær mann i Nord-London:

  • Først brølte Gabriel Magalhães i ansiktet på Haaland etter 1–0.
  • På 3–1 valde Myles Lewis-Skelly å kopiere Haalands «lotus-feiring».
  • Etter kampslutt spelte DJ-en på Arsenals heimebane av songen «HUMBLE.» av Kendrick Lamar. Også truleg eit stikk mot Haaland.

– Det er enkeltpersonar som sit bak spakane og som har mange kjensler, seier NRKs fotballekspert Carl-Erik Torp.

«Stay humble», eller «ver audmjuk» på norsk, var nemleg det Haaland sa til Arsenal-manager Mikel Arteta etter 2-2-oppgjeret i haust.

– Men ein skal passe seg som klubb når ein speler ein slik låt på høgtalaranlegget. Eg synest det er bra at det blir fyrt opp litt, men ein skal passe seg når dei er avsendaren, seier Torp.

Premier League - Arsenal v Manchester City

PEIKA PÅ BEVISET: Manchester City vann Premier League sist sesong, det beviser denne logen på City-drakta.

Foto: Peter Cziborra / Reuters

– Ein stimulans for fotballen

Det såg ut som at Haaland fekk med seg stikket. Han svarte med å peike på den gullbelagde Premier League-logoen på drakta, eit bevis på at City er regjerande meister.

Han peika deretter på sin eigen tinning og gliste – noko som kan tolkast som at Haaland meiner han er i hovudet på Arsenal-spelarane og -supporterane.

67th Annual Grammy Awards - Press Room

ARTIST: Kendrick Lamar.

Foto: Richard Shotwell / AP

Den norske superspissen var ikkje tilgjengeleg for pressa etter kampen og gav dermed ingen intervju om kva han sjølv synest om Arsenals åtferd.

Fotballekspert Kristoffer Løkberg kallar denne typen stikk «ein stimulans for fotballen».

– Det er nok av oppgjer med kyss, klapp og klem, og det er godt at det er gode, gamle rivaliseringar som veks fram, sjølv om det er på grensa til usakleg og barnsleg, seier den tidlegare Viking- og Ranheim-spelaren.

Premier League - Arsenal v Manchester City

FEKK HØYRE DET: Gabriel Magalhães brølte i ansiktet til Erling Braut Haaland på stillinga 1-0, før han gjekk ved sida av nordmannen og klappa etter kampslutt.

Foto: Peter Cziborra / Reuters

– Har venta på å ta igjen

Og det er på ingen måte tilfeldig at Arsenal-leiren peika seg ut Haaland. Nordmannen hadde nemleg ei rekke påfunn i det motsette oppgjeret som terga dei:

  • Haaland kasta ballen i hovudet på Gabriel Magalhães då City feira 2-2-skåringa si i det 98. minuttet.
  • Han bad Arsenal-manager Mikel Arteta om å «vere audmjuk» etter kampslutt.
  • Han ropte «kven faen er du?» til Myles Lewis-Skelly – og kalla eks City-spelar Gabriel Jesus for ein «jævla klovn».

Løkberg meiner Haaland er ekstra utsett for stikk og hån på grunn av spelaren han er. I tillegg hjelper det ikkje at han var i tottane på fleire Arsenal-profilar i førre kamp.

– Den kampen var det Haaland som provoserte, så Arsenal-leiren har berre venta på å ta igjen. Det viser at dei har tenkt på det, meiner Løkberg.

Også Torp trur Haaland har kome under huda på Arsenal-spelarane.

– Alle veit kva han har drive med og er ekstremt opptatt av han. Han er i hovudet til alle i heile verda, seier Torp – som sjølv har sansen for stikka tilbake:

Eg elskar det. Eg elskar at dei viser kjensler og at det ikkje berre har handa framfor munnen og dyssar ned alt. Vi treng kjensler. Det gir meir krydder, det er det berre å hylle, fortset han.

Premier League - Manchester City v Arsenal

HAR EI FORHISTORIE: Her kranglar Erling Braut Haaland med Arsenal-spelarane etter oppgjeret i haust som enda 2–2.

Foto: Molly Darlington / Reuters

Blir refsa av United-helt

Likevel er ikkje alle like begeistra. Manchester United-helten Gary Neville, som hadde fleire tøffe bataljar med Arsenal medan han var aktiv, refsar Gabriel Magalhães.

Brasilianaren brølte i ansiktet på Haaland da Arsenal sette inn 1–0.

– Det har eg ikkje sansen for, det synest eg er litt respektlaust. Eg skjønar at Haaland var den store skurken i kampen, men akkurat det likte eg ikkje, seier Neville.

Den noverande Sky Sports-eksperten held fram:

– Eg har aldri sprunge bort til ein spelar og skrike han i ansiktet. Eg likar det ikkje, det gav meg ei uggen kjensle.

Kristoffer Løkberg meiner alle stikka mot Haaland vitnar om at spissen har fått respekt hos rivalen. Og det kan midtbanemann Declan Rice bekrefte.

Engelskmannen blei spurd om Lewis-Skellys «lotus-feiring» og seier:

– Det er berre fjasing. Ting skjedde på bana. han feira. Det er openbert feiringa til Haaland. Eg veit at Lewis-Skelly har respekt for han, for heile laget har enorm respekt for han og det han har oppnådd. Han er ein stor spelar, seier Rice ifølge ESPN.

Publisert 03.02.2025, kl. 14.49 Oppdatert 03.02.2025, kl. 14.55

Read Entire Article