Det var i april mannen blei arrestert på ein flyplass i Vestland.
Mannen er utanlandsk statsborgar og bur i eit anna europeisk land.
Han blei varetektsfengsla og sikta for valdtekt til samleie av to stebarn som begge er under 14 år.
Han nekta då straffskuld.
Forsvararen hans Ivar Hauge uttalte at mannen stilte seg utanforståande til hendingane.
Mannen har sete fengsla sidan den gong.
Skal ha valdteke jenta fleire gonger
No har Statsadvokaten i Hordaland og Sogn og Fjordane teke ut tiltale mot mannen.
Han er tiltalt for seksuell omgang med barn under 14 år.
Tiltalen gjeld det eine barnet, ei jente.
Saka som gjeld det andre barnet, er lagt vekk etter bevisets stilling, opplyser bistandsadvokat Robert Fonn til NRK.
Valdtektene skal ha skjedd medan jenta, som ikkje kjem frå Noreg, budde i utlandet saman med mora og stefaren.
Robert Fonn er bistandsadvokat i saka.
Foto: Geir Bjarte HjetlandVil krevje erstatning
Jenta var sju år då overgrepa skal ha starta og varte over tre år, står det i tiltalen.
Valdtektene blir rekna som grove, ifølge tiltalen.
Årsaka er jenta sin alder, samt at det skal ha skjedd fleire valdtekter over tid, ifølgje tiltalen.
Saka blei rulla opp då mora og dei to borna gjekk til ein politistasjon i fylket.
– Mor til dei to borna uttrykkjer stor takknemlegheit over kor seriøst politi og påtale har etterforska saka, seier Fonn.
Fonn seier at dei vil legge ned krav om erstatning.
Beløpet er ikkje fastsett, men vil ligge rundt 400.000 kroner, avhengig av bevisførselen, fortel Fonn.
Saka går over fem dagar i februar.
Publisert 19.12.2025, kl. 17.16 Oppdatert 19.12.2025, kl. 17.23













English (US)