Ap-veljarar vil behalde Støre

3 hours ago 3


Arbeidarpartiets form på meiningsmålingane er nitrist. På dagens desembermåling frå Norstat får partiet 16,8 prosent oppslutning.

Det er den dårlegaste oppslutninga partiet har fått nokon gong i NRKs Norstat-målingar.

Debatten om kven som skal leie partiet framover er i gang.

Sentrale Ap-politikarar vil skifte ut Støre, har NRK og fleire andre medium fortalt om. I helga kunngjorde partieskretær Kjersti Stenseng at hennar periode er over.

Støre eller Brenna?

Nestleiar Tonje Brenna framstår som det reelle alternativet til partileiar Støre.

På oppdrag frå NRK har Norstat i samband med den siste partimålinga spurt 1000 veljarar om kven dei ser på som den beste partileiaren for Arbeidarpartiet: Støre eller Brenna?

Resultata viser at blant veljarar flest har Støre eit visst overtak, men det er ikkje veldig stort.

Brenna skal ifølgje sentrale kjelder vere klar til å overta om Støre går. Offentleg har ho derimot sagt at ho ikkje vil utfordre Støre.

Men veljarar som høyrer heime på høgresida, er ikkje nødvendigvis opptekne av kva som er best for Arbeidarpartiet når dei blir oppringt av meiningsmålarane med eit slikt spørsmål.

Og når ein fokuserer berre på Ap-veljarane som er med i undersøkinga, blir biletet langt tydelegare.

Støtten til Støre er større.

Det er 115 Ap-veljarar som er spurde og dannar grunnlaget for dei raude stolpane. Med såpass få Ap-veljarar i utvalet blir feilmarginane store. Det betyr at støtta til Støre kan vere inntil 9 prosentpoeng større eller mindre, har Norstat rekna ut. For Brenna: 7 prosentpoeng feilmargin.

Men det er uansett ikkje tvil om at Støre har mest støtte.

Støre er absolutt mest populær i eige parti, det er godt utanfor feilmarginen, seier Mads Motrøen som er ansvarleg for politiske målingar i Norstat.

Mads Motrøen, meiningsmålingsansvarleg i Norstat.

Mads Motrøen i Norstat.

Foto: Nicolas Tourrenc

Men han legg også merke til:

Det er likevel eit betydeleg antal som vil ha Brenna også blant Arbeidarparti-veljarane. Ho ser ut til å utmerke seg som ein slags arving.

Både Støre og Brenna har fått tilbod frå NRK om å kommentere målinga, men har takka nei.

Opprop for partileiaren

Tidlegare stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet i Troms, Tove Karoline Knutsen, har jobba med eit opprop i VG som argumenterer for at Støre er ein leiar for vår tid.

Portrettbilde av Tove Karoline Knutsen.

STØTTE: Tove Karoline Knutsen meiner Støre er den beste partileiaren.

Foto: Erik Waagbø / NRK

«Vi vil takke ham for den store jobben han utfører for landet og for alle oss som lever våre liv her», står det å lese om partileiaren som no må forsvare seg mot krefter i eige parti som jobbar mot han.

Det meste av Støre-kritikken har vore anonym. Stortingsrepresentant Stein Erik Lauvås er den einaste med posisjon i nasjonal politikk som har stått offentleg fram med kravet om at Støre går av.

Til NRK seier partiveteran Tove Karoline Knutsen at ho har ergra seg over eit misforhold mellom det media skriv om Støre og det ho meiner folk i og utanfor partiet seier om han.

– Når eg pratar med folk, opplever eg at dei ser ein statsminister som er kompetent og som bevarer tryggleik og sinnsro uansett kva som skjer rundt han.

Ho meiner tala i målinga stadfestar poenget, og at leiaren som no må svare for elendig oppslutning faktisk er rett mann for partiet inn i ein ny valkamp. Ho meiner urolege tider er eit argument for Støre.

– Då treng vi ein leiar som har tyngde og kunnskap til å tale Noregs sak på internasjonale arenaer. Den leiaren heiter Jonas Gahr Støre.

Jonas Gahr Støre og Tonje Brenna står med blomster i armene ute på Slottsplassen etter ekstraordinært statsråd på Slottet

TILLIT: Jonas Gahr Støre har gitt tillit til nestleiar og statsråd Tonje Brenna fleire gonger. Her på slottsplassen då ho vart utnemnd til arbeids- og inkluderingsminister.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

– Kva synest du om Tonje Brenna?

– Ho er ein veldig dyktig politikar. Eg er veldig glad for å ha både henne og den andre nestleiaren, Jan Christian Vestre, på laget. Deira tid kjem, men akkurat no meiner eg Jonas Gahr Støre er den aller beste leiaren vi kan ha, seier Knutsen.

PS! Denne månaden kan forresten Støre og Ap feire tiårsjubileum for den beste målinga partiet har hatt hos NRK i nyare tid. I desembermålinga i 2014 hadde partiet svimlande 42,8 prosent.

Publisert 18.12.2024, kl. 19.00

Read Entire Article