– Etter mi meining er det viktigare å innføre desse tre direktiva, enn at me har statsrådar frå Senterpartiet.
Det sa Ann Jeanett Klinkenberg i ein SMS til Adresseavisen kort tid før Senterpartiet gjekk ut av regjering.
Jonas Gahr Støre og Ap vil innføre tre EU-direktiv før stortingsvalet i september, men det vil ikkje Trygve Slagsvold Vedum og Sp.
Klinkenberg er Ap-ordførar i Grong og blei vald inn i Arbeidarpartiet sitt sentralstyre på partiet sitt landsmøte. Utsegna, som kjem i eit valkampår, får leiinga i Senterpartiet til å reagere.
– Dette gjev jo ikkje grunn for eit godt samarbeid framover.
Det seier parlamentarisk leiar i Sp, Marit Arnstad om utsegna. Klinkenberg nyanserer utsegna til NRK og håpar på eit raud-grønt samarbeid etter valet.
– Sette det på spissen for å få fram eit poeng
Arnstad seier Arbeidarpartiet må tenke over korleis politikarane deira uttalar seg om potensielle samarbeidsparti opp mot stortingsvalet.
– Dei er ei smal mindretalsregjering og no og då er det ikkje klokt å uttale seg på den måten Klinkenberg gjer, seier Arnstad.
– Senterpartiet held dørene opne for samarbeid med andre parti, men korleis det blir får me komme tilbake til etter valet, seier Arnstad til NRK.
Foto: Aurora Ytreberg Meløe / NRK– Eg ser jo at den kommentaren kan vekke nokre reaksjonar. Og eg sette det jo litt på spissen for å få fram eit poeng, svarar Ap-ordføraren og held fram:
– Men så var det jo Senterpartiet sitt val å forlate regjeringa.
Leiar for Senterpartiet, Trygve Slagsvold Vedum, seier partiet rett og slett er ueinige med Klinkenberg i saka. Men at å ikkje innføre direktiva var viktigare for han enn å ha statsrådar frå eige parti.
– Ho synest det er helt riktig at me skal gje frå oss meir makt til EU. Eg synest jo det var viktigare med dei EU-direktiva enn statsrådar frå Senterpartiet.
– Og så er det sikkert eit forsøk på å umyndiggjere litt det standpunktet, legg Vedum til.
Håpar på framtidig samarbeid
Klinkenberg seier ho trass i usemje om EU-direktiva håpar Ap og Sp kan finne måtar å samarbeide på framover.
– Eg håpar jo på eit raud-grønt samarbeid etter valet og at ein finn ein god plattform å styre landet på. Ein plattform med utgangspunkt at ein står opp for EØS-avtalen.
– Men klart, det blir opp til dei partane som skal forhandle om plattforma å finne gode løysingar, legg ho til.
Vedum, som avslutta regjeringssamarbeidet for Senterpartiet, seier at dei to partia har vore ueinige før og utelukkar heller ikkje samarbeid med Arbeidarpartiet i framtida.
– Politikk handlar jo om saker, og her var me rett og slett berre ueinige. Men no får me fram våre saker og Ap får fram sine.
Likevel trur han fleire i Arbeidarpartiet eigentleg er einig med han og trekk fram både grasrota og Trond Giske.
– Og eg trur også mange som tradisjonelt har stemt Arbeidarpartiet i Trøndelag, er einig med Senterpartiet i den saka.
Etter att Trygve Slagsvold Vedum trakk Sp ut av regjering gav han nøkkelen til finansdepartementet til noverande finansminister Jens Stoltenberg.
Foto: Aurora Ytreberg Meløe / NRK– Trond Giske uttalte seg kritisk til leiinga i Arbeidarpartiet på den saka. Men likevel står Arbeidarpartiet for det, saman med Høgre, Frp og Venstre.
Men sjølv har Giske vist si støtte til Støre og leiinga i Arbeidarpartiet og sagt til NRK at Senterpartiet tar kampen på feil sak.
Klinkenberg inn – Kjerkol ut
Heilt i starten av det nye året blei det klart at Ingvild Kjerkol gjer seg som leiar for Trøndelag Arbeidarparti.
Då hadde ho frå før tapt nominasjonskampen om stortingsplass for Arbeidarpartiet i Nord-Trøndelag og måtte før det gå av som helseminister.
No er ho også ferdig i Arbeidarpartiet sitt sentralstyre og gjer seg i politikken.
– Eg kan bevitne at me har hatt ein fantastisk helseminister i min regjering, sier statsminister Jonas Gahr Støre då han takka av Kjerkol.
I tillegg til Klinkenberg er Emil Raaen vald inn i Ap sitt sentralstyre. Og når han kjem inn, går forsvarsminister Tore O. Sandvik ut.
– Takk for innsatsen i sentralstyret, seier Støre til begge dei to.
Publisert 10.04.2025, kl. 05.44