I valkampen drog Vik-ordførar Roy Egil Stadheim (Ap) rundt og skrytte av alt regjeringa skulle gjere neste år.
Det var særleg to forhold han trekte fram:
- Ei omfattande ordning der folk i 189 distriktskommunar ville få sletta ein substansiell del av studiegjelda (25.000,- kroner i året).
- Ein stor auke av ras- og skredsikringsmidlar til riks- og fylkesvegnettet, slik landsmøtet til Arbeidarpartiet vedtok i vår.
Vel ein månad seinare konstaterer han at det blei med fagre ord, og at han har ført folk bak lyset.
– Det er det verste: Kjensla av at eg har loge opp i ansiktet på folk. Det er det såraste av alt.
Vik-ordførar Roy Egil Stadheim skammar seg over forslaget til statsbudsjett som moderpartiet la fram denne veka.
Foto: Vik kommune– I politikken er det ei dødssynd å bløffe
Så snart forslaget til budsjett var ute, begynte telefonane å komme. Den første oppringinga kom frå hans eiga dotter.
– Pappa, du lyg, sa ho. Du har loge til meg. Og så sa ho at ho ikkje vil vere med lenger og at ho melder seg ut av Arbeidarpartiet. Det er jo ... ja, det treffer deg når du får høyre det frå dine eigne på den måten.
Han presiserer at «alt blei sagt i god tru», men at folk med rette kan seie at han ikkje har snakka sant.
– I politikken er det ei dødssynd å bløffe. No må eg sjå veljarane i auga og be om ny tillit.
NRK har dei siste dagane kontakta Ap-ordførarar i heile landet.
Ringerunden teiknar bilde av eit gryande distriktsopprør etter at regjeringa la fram forslaget sitt til statsbudsjett denne veka.
NRK har forsøkt å nå statsminister Jonas Gahr Støre og kommunal- og moderniseringsminister Bjørnar Skjæran for ein kommentar, men så langt utan respons.
Sjå fleire reaksjonar lengre ned.
– Eg har alltid vegra meg for å ta i bruk ordet «løgn» om noko andre politikarar har sagt, men i dette tilfellet er det einaste rette ord, skriv avtroppande Høgre-leiar Erna Solberg i eit facebook-innlegg.
Ho viser til at statsminister Jonas Gahr Støre så seint som 3. september sa at «gratis ferje skal det fortsette å vere», sjølv om regjeringa hadde halde sin siste budsjettkonferanse og bestemt det motsette to veker tidlegare.
«Åtte brotne løfte»
Opphissinga bygger på ein serie «brotne løfte» i det som blir kalla eit «austlandsbudsjett» frå ei «Oslo-dominert» regjering:
- Landsmøtevedtaket om «stor auke av ras- og skredsikringsmidlar til riks- og fylkesvegnettet» som kokte ned til ei enkel prisjustering.
- «Avgiftssjokk» på fossilbilar i form av høgare CO2-avgift (63 øre per liter) og høgare vegbruksavgift (31 øre).
- Nytt innslagspunkt slik at også småkraft må betale grunnrenteskatt, som i sin tur betyr mindre eigedomsskatt til «kraftkommunane».
- Farvel til gratisferje. Sidan valet har Arbeidarpartiet sletta nettsida der dei skryter av å ha «gjort ferjene til samfunn utan vegsamband til fastlandet gratis».
- Farvel til gjeldssletteordninga for studielån i 101 kommunar.
- Farvel til 14 passkontor.
- Farvel til skipstunnelen.
- På toppen er overføringane til kommunane mindre enn det mange Ap-ordførarar forventa.
Dette sa statsråd Jan Christian Vestre (Ap) om ordninga så seint som 2. september, uka før valet.
Video: Arbeiderpartiet– Det er klart at det er frustrerande
Kvam-ordførar og leiar i Vestland Ap, Torgeir Næss, seier at han er «skuffa» og «overraska» over budsjettet.
– Når landsmøtet gir eit så klart signal om skredsikring av fylkesvegen, så hadde eg forventa at det blei reflektert i auka løyvingar, seier han.
Han uttalte seg først om saka til BT.
Han reagerer også på at gjeldssletting i tiltakssone 5 «ramla ut» av budsjettet:
– Dette er brukt som rekrutteringsargument for å få folk til å flytte til desse kommunane, og så dett det heilt overraskande ut når statsbudsjettet kjem.
– Det er klart at det er frustrerande.
Judith Kvåle (Ap), ordførar Stad kommune
Eg reagerer sterkt på dette. Sletting av gjeld var eit tiltak som retta seg mot gruppa unge vaksne (U40), som vi såg effekt av, og som gjer at unge menneske i etablering får ein betre økonomi og eit argument for busetting i distrikta.
Eli Bjelland
Synnøve Bakke (Ap), ordførar i Tysnes
Sletting av studiegjeld er ei ordning som inneber relativt store investeringar for folk. Altså det å flytte til ein stad for å få denne ordninga. Og da går det ikkje an å ta henne inn og ut av statsbudsjettet kvart einaste år. Det er ikkje greitt. Det må det vere eit langtidsperspektiv og stabilitet i ordninga.
Oddmund Reisæter Haugen
Arnar Kvernevik (Ap), ordførar i Gloppen kommune
Vi er sjølvsagt skuffa over å falle utanfor den nye gjeldssletteordninga. Samstundes er det viktig å peike på at sletting av studiegjeld åleine ikkje nødvendigvis sikrar rekruttering.
Malin Nygård Solberg / NRK
Mona Nilsen, stortingsrepresentant for Ap i Nordland
Vi er bekymra for at det nå verkar som at ein ikkje skjønner, og ikkje varetar, distrikta godt nok.
Sitert i Klassekampen.
Thomas Ystrøm / NRK
Håvard Handeland (Ap), ordførar i Sauda
Sletting av studiegjeld er brukt aktivt i valkampen og er hovudårsaka til at eg nå engasjerer meg for å få retta opp denne ordninga. Dette er useriøst. Når ein lyg på stand, da taper ein veljarar. Ein kan diskutere innretning eller om det er god eller dårleg politikk, men det reinvaskar ikkje løgn.
Sitert i Nettavisen.
privat
Petter Sortland (Ap), ordførar i Høyanger
Eg vel å tenke som så at noko av det er lagt opp til at ein skal få forhandla inn, når budsjettet til slutt skal bli vedteke. Eg trur ikkje det blir akkurat som no iallfall. Det er jo ikkje berre hallelujarop rundt omkring i kongeriket, det er ikkje det, altså.
Etter valnederlaget i 2017 konkluderte «havarikommisjonen» med at distriktsprofilen til Arbeidarpartiet blei vanskjøtta.
Nå spør fleire om Ap kan vere i ferd med å gjenta feilen og gløyme distrikta på ny.
Ullensvang-ordførar Roald Aga Haug (Ap) set lit til at Senterpartiet skjerpar distriktsprofilen og reddar studiegjeld-ordninga når dei to partia skal forhandle om budsjettet:
– Eg har tru på at dette ordnar seg når statsbudsjettet vert endeleg vedteke, seier han til NRK.
Føresetnaden er at Senterpartiet vil spele rolla som konstruktiv partnar, men det er ikkje gitt.
Kvam-ordførar og leiar i Vestland Ap, Torgeir Næss, er «skuffa» og «overraska» over budsjettet.
Foto: Even Norheim Johansen / NRK– Eit hån mot oss som bur i distrikta
Så langt har Senterpartiet karakterisert statsbudsjettet som ein provokasjon og ei systematisk avvising av det tre år lange sambuarskapet deira i regjering.
– Ap sitt kutt i alt av distriktspolitiske satsingar er eit hån mot oss som bur i distrikta, skriv tidlegare statssekretær, Aleksander Øren Heen (Sp).
Ordførar i Lærdal, Audun Mo (Ap), nøyer seg med å seie at han er «lite imponert» over forslaget til statsbudsjett:
– Eg har lite sans for det å love ting, og ikkje halde det.
– Det finst Arbeidarparti-ordførarar som bruker ordet løgn. Kva slags ord vil du bruke?
– Eg vil ikkje bruke så sterke ord, men det dei har gjort er veldig uheldig. Om det er eit løftebrot? Det kan du nok seie.
Publisert 17.10.2025, kl. 14.29