Anonyme prøver skal få «trynefaktoren» ut av skolen

7 hours ago 1


Fleire skolar vil teste anonyme heildagsprøver på 10. trinn og 3. trinn i vidaregåande skole.

I staden for å bruke eigne namn skal elevane få eit kandidatnummer, slik dei får på eksamen.

Målet er å utelukke bevisste og ubevisste faktorar som slår heldig ut for enkelte elevgrupper – og mindre heldig for andre.

Anonyme prøver skal få «trynefaktoren» ut av skolen

Marianne Lange Krogh i Utdanningsforbundet og Julie Remen Midtgarden (H) i Oslo byråd diskuterte saka i Dagsnytt Atten. I tillegg til Oslo har Trøndelag og Agder vedtatt prøveordningar for anonym retting.

Foto: NRK

– Lærarar prøver å vere objektive, men vi er alle menneske

Vestland fylkeskommune gjekk denne månaden til steget å bestille ei totaloversikt over alle karakteravvik sidan 2020.

Bakgrunnen er nye tal som viser systematiske avvik mellom eksamens- og standpunktkarakteren til elevar ved den vidaregåande skolen i Rogaland og Vestland.

Tala viser at jentene jamt over går ned på eksamen, men ikkje gutane.

I matematikk er denne effekten meir enn éin karakter. Sjå fleire detaljar her og her.

Høgre-leiar Erna Solberg meiner anonymitet er garantisten for meir rettferdige vurderingar i skolen:

Dei fleste lærarar prøver å vere objektive og nøytrale, men vi er alle menneske. Og dette viser at eksamen er eit viktig korrektiv, seier ho.

en gruppe mennesker som sitter ved skrivebord i et rom

– Det som er utfordringa, er at alle parti på venstresida har ei eller anna formulering om at dei vil endre eller reformere eksamenssystemet vårt, seier Erna Solberg.

Foto: NRK

Teori om at gutane blir trigga av konkurransepreget på eksamen

Den vestlandske alarmen går etter at Danmark i heile sommar har diskutert kor mykje kjønn har å seie for karakterane til deira piger og drenge.

Gjennom ein serie artiklar har Weekendavisen dokumentert korleis karakterforspranget til jenter og elevar med ikkje-vestleg bakgrunn fordunstar når sensorane ikkje veit kven dei vurderer.

Forskjellen mellom eksamens- og standpunktkarakteren hos norske elevar har vore drøfta i ein serie utval og publikasjonar, men det er ulike syn på kor mykje av det som koker ned til «trynefaktor».

Også ei rekke andre hypotesar har vore lanserte, som at gutane blir trigga av tevling, og at eksamen har meir konkurransepreg enn dei løpande vurderingane som endar i standpunktkarakter.

Sjå korleis forskarane tolkar dei nye tala i Rogaland og Vestland under.

  • Martine Løkken Svendsen, leiar i Elevorganisasjonen. Nærbilete der ho står og smiler foran ein gul murvegg.

    Martine Løkken Svendsen, leiar i Elevorganisasjonen

    Det er djupt urovekkande at forskjellen mellom standpunkt- og eksamenskarakterar kan vere såpass store, og at dette delvis blir forklart med «trynefaktor». Når du sender inn eit svar eller er i ein vurderingssituasjon, så skal ikkje fokuset vere på om du er gut eller jente, vestleg eller ikkje-vestleg. Derfor ønsker vi eit vurderingssystem der anonym vurdering alltid er ei moglegheit.

  • Rune Johan Krumsvik

    Rune Johan Krumsvik, faglig leiar for forskarskolen NORED

    Det er gjort fleire internasjonale studiar som finn at gutar får litt lågare karakterar enn jenter på subjektive lærar-vurderingar, sjølv om dei presterer likt på objektive testar. Det er også dokumentert at lærarvurderingar der lærarane kjenner elevane, har ein sterkare samanheng med elevars sosiale ferdigheiter enn det meir objektive testresultat har. 

  • en person med en rød snor

    Berit Hågensen, 1. nestleiar i Skolenes landsforbund

    Vi meiner at desse tala gjer det tydeleg at eksamensforma ikkje er god nok. Erna Solberg bommar når ho hevdar at karakteravviket viser kor viktig eksamen er som korrektiv. Tvert imot viser avvika at eksamen ikkje måler kompetansen breitt nok. Standpunktkarakterane bygger på eit heilskapleg vurderingsgrunnlag over tid, mens eksamen måler prestasjonen på éin dag.

  • en mann med briller

    Thomas Nordahl, professor ved Senter for praksisretta utdanningsforsking

    Desse funna fortel at vurderingskriteria ikkje er tydelege nok. Eksamensresultat er viktige for å samanlikne standpunktkarakterar. Men det vil ikkje vere nokon særleg god løysing å innføre fleire eksamenar. Det er for kostnadskrevjande og vil trekke fokuset vekk frå forståinga til elevane for eiga læring.

  • Henning Fjørtoft, professor i norsk fagdidaktikk ved institutt for lærerutdanning ved NTNU.

    Ukjent

    Henning Fjørtoft, professor i norsk fagdidaktikk

    Eksamenskarakterar er baserte på ein prestasjon innanfor eit svært avgrensa tidsspenn. Både munnleg, skriftleg og praktisk eksamen speglar derfor eit langt smalare utval av læreplanmåla. Anonymisering gjer at det er mogleg å behandle elevar uavhengig av kjønn, bakgrunn. Men ulempa er at ein eksamen i beste fall berre er ei stikkprøve på kva eleven faktisk meistrar innanfor måla i læreplanen.

  • Torberg Falch

    Therese Lee Støver

    Torberg Falch, professor ved Institutt for samfunnsøkonomi

    I studien vår fann vi ei favorisering av jenter på standpunkt i forhold til eksamen på 0,05 karakterpoeng. Årsaka til at det er eit slikt gjennomgåande mønster har vist seg vanskeleg å fastslå. Det er mange hypotesar, men ingen av dei har fått generell støtte. Ein hypotese er at standpunktkarakteren blir påverka av relasjonen mellom lærar og elev, og at dette er til gunst for jentene.

  • Åsmund Berthelsen, leiar for hovudutvalet for opplæring og kompetanse i Vestland Fylkeskommune

    Dina Gjertine Svendal Kleiven

    Åsmund Berthelsen, Vestland SV

    Eksamen og standpunkt eit ikkje det same. Og det er såleis naturleg med ein del avvik, båe vegar. Eg meiner det er mykje viktigare å diskutere heile systemet med vurdering. Det er overmodent for å få til ei endring.

  • en person som smiler i en park

    Astrid Marie Jorde Sandsør, professor ved Institutt for spesialpedagogikk

    Eksamen vil ha eit element av å plukke opp kven som er betre på å meistre stressande situasjonar. Dette er også eigenskapar som kan samvariere med kjønn, men det kjem ikkje av at det eine kjønnet får ein fordel i kraft av kva kjønn dei har.

  • Bilde av Utdanningsdirektoratets fasade i Oslo.

    Javad Parsa / NTB

    Utdanningsdirektoratet

    Jo høgare standpunktkarakter eleven har, desto meir sannsynleg er det at eleven har fått lågare karakter til eksamen enn til standpunkt. Dette kan henge saman med at om du har standpunktkarakter 1 er det ikkje mogleg å få lågare karakter til eksamen, og har du standpunktkarakter 6 er det ikkje mogleg å få høgare karakter til eksamen.

Statsråden: – Må tenke nytt om vurderingssituasjonar og eksamen

På oppdrag frå Imdi konkluderte NIFO i fjor med at innleveringar får litt høgare karakterar når dei har utanlandske jentenamn, og at lærarar er noko strengare med elevar med same kjønn som dei sjølv.

Forskarane presiserte at forskjellane var små og ikkje statistisk signifikante.

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) seier til NRK at kunstig intelligens og andre digitale verktøy «gjer at det må tenkast nytt om vurderingssituasjonar og eksamen»:

Karaktersettinga skal opplevast rettferdig, og skolane skal ikkje vere «snille» mot verken enkeltelevar eller gi gode karakterar for å tiltrekke seg fleire søkarar.

Ho legg til at regjeringa vil gå gjennom eksamensordninga «for å sikre at vurderingssystemet passar til ein moderne skole som fremjar læring».

Statsministeren og kunnskapsminister besøker Rennesøy ungdomsskole

– Det vil vere skjønn involvert når karakterar blir sette, og vi veit at vurderingar kan variere frå lærar til lærar og mellom skolar, seier Kari Nessa Nordtun.

Foto: Jan Kåre Ness / NTB

Standpunkt og eksamen måler ulike ting

Professor ved Nasjonalt senter for skriveopplæring og skriveforsking, Lise Vikan Sandvik, seier det er «viktig å understreke at standpunkt og eksamen måler ulike ting»:

Standpunkt skal gi eit breitt bilde av kompetansen til eleven, mens eksamen måler nokre utvalde kompetansemål. Dei to er derfor ikkje laga for å vere identiske.

Ho legg til:

Men om forskjellane blir store og systematiske, reiser det spørsmål om både rettferd og tillit.

Publisert 10.09.2025, kl. 17.01

Read Entire Article